Lov om barn og foreldre (barnelova).

DatoLOV-1981-04-08-7
DepartementBarne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Sist endretLOV-2013-06-21-64 fra 01.01.2014
PublisertISBN 82-504-1305-9
Ikrafttredelse01.01.1982
Endrer
Kunngjort
KorttittelBarnelova - bl.

Kapitteloversikt:

Jf. lover 6 mars 1981 nr. 5, 8 juli 1988 nr. 72, 17 feb 1989 nr. 2, 17 juli 1992 nr. 100, 21 mai 1999 nr. 30 § 2 nr. 4, jf. vedlegg 7 og 8, lov 29 apr 2005 nr. 20. - Jf. tidlegare lover 1 aug 1821 § 1 og § 10, 15 sep 1851 § 2, 6 juli 1892 nr. 5, 10 apr 1915 nr. 6 (med tilleggslover 25 juni 1937 nr. 13, 28 juli 1949 nr. 7, 9 des 1955 nr. 5), 21 des 1956 nr. 8, 21 des 1956 nr. 9, 21 des 1956 nr. 10 (med tilleggslover 19 juni 1969 nr. 4, 16 juni 1972 nr. 44, 20 des 1974 nr. 67).

Kapittel 1. Fødselsmelding

0 Overskriften endra med lov 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).
§ 1.Fødselsmelding.

Når eit barn er født, skal lækjaren eller jordmora gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita. I meldinga skal opplysast kven som er far til barnet i samsvar med § 3 eller § 4, eller kven mora har gjeve opp som far til barnet i tilfelle der farskapen enno ikkje er fastsett. I meldinga skal også opplysast om foreldra lever saman. Meldinga skal dessutan innehalde dei opplysningane som departementet fastset.

Når barnet er født utan at lækjar eller jordmor var til stades, skal mora sjølv gje fødselsmelding til folkeregistermyndigheita innan ein månad. Føder ho barnet medan ho mellombels held til i utlandet, skal ho gje melding til folkeregistermyndigheita innan ein månad etter at barnet er kome til Noreg.

Fødselsmelding skal også gjevast når barnet er dødfødt.

I tilfelle då farskapen enno ikkje er fastsett eller foreldra ikkje lever saman, skal fødselsmeldinga sendast både til folkeregistermyndigheita og tilskotsfuten.

0 Endra med lov 29 juni 2007 nr. 53 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 7 des 2007 nr. 1370).
§ 1 a.(Oppheva med lov 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 31 aug 2013, etter res. 9 aug 2013 nr. 971).)

Kapittel 2. Kven som er foreldra til barnet

0 Overskrifta endra med lover 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745), 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).
§ 2.Kven som er mor til barnet.

Som mor til barnet skal reknast den kvinna som har fødd barnet.

Avtale om å føde eit barn for ei anna kvinne er ikkje bindande.

0 Føyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998).
§ 3.Farskap eller medmorskap etter ekteskap

Som far til barnet skal reknast den mannen som mora er gift med ved fødselen.

Som medmor til barnet skal reknast den kvinna som mora er gift med ved fødselen når barnet er avla ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell og med kvinna sitt samtykke til befruktninga. Ved assistert befruktning innafor godkjent helsestell i utlandet må identiteten til sædgiver vere kjent.

Var ektefellene ved fødselen separerte ved løyve eller dom, gjeld ikkje første og andre stykke.

Er mora enkje, skal ektefellen reknast som far eller medmor dersom mora kan ha blitt med barn før ektefellen døydde.

0 Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998 - men slik at første leden andre setninga, no tredje leden, ikkje gjeld for barn fødd før 1 jan 1998), 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745), 9 apr 2010 nr. 13 (ikr. 9 apr 2010, etter res. 9 apr 2010 nr. 500).
§ 4.Erklæring av farskap eller medmorskap

Når farskap ikkje følgjer av reglane i § 3, kan faren erklære farskap under svangerskapet eller etter at barnet er født.

Faren skal erklære farskapen skriftleg anten i fødselsmeldinga, eller ved personleg frammøte for

a) jordmor eller lækjar ved svangerskapskontroll,
b) folkeregistermyndigheita,
c) tilskotsfuten, dommaren eller arbeids- og velferdsetaten, eller
d) norsk diplomatisk eller konsulær tenestemann, dersom faren er i utlandet.

Farskap kan òg erklærast ved retur av skjema frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. § 11 andre ledd. Arbeids- og velferdsdirektoratet må sende skjema i rekommandert brev eller ved bruk av elektronisk kommunikasjon dersom det er nytta ein betryggande metode for å sikre at skjemaet er mottatt. Erklæringa gjeld berre når ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far, eller når mora skriftleg har godteke erklæringa.

Er den som vil erklære farskapen under 18 år, må også dei som har foreldreansvaret for han, skrive under på erklæringa.

Er eit barn fødd etter assistert befruktning, kan moras kvinnelege sambuar erklære medmorskap etter reglane i paragrafen her. Den assisterte befruktninga må ha skjedd innafor godkjent helsestell, og moras kvinnelege sambuar må ha gjeve samtykke til befruktninga. Berre myndige personar kan gi slikt samtykke. Regelen i § 3 andre ledd andre punktum gjeld tilsvarande.

0 Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 des 2002 nr. 92 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1696), 17 juni 2005 nr. 63 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 17 juni 2005 nr. 612), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631), 29 juni 2007 nr. 53 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 7 des 2007 nr. 1370), 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745), 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).
§ 4 a.Medmorskap til barnet

Som medmor til barnet skal reknast moras kvinnelege ektefelle eller sambuar, dersom medmorskapen følgjer av ekteskap, erklæring eller dom.

Eit barn kan ikkje ha både ein far og ei medmor.

Reglar i lov eller forskrift som gjeld om eller for ein far, gjeld på same vis om eller for ei medmor. Reglane om etablering og endring av farskap i §§ 6 til 9 og kapitla 3 og 4 gjeld så langt dei høver for fastsetjing og endring av medmorskap.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om fastsetjing av medmorskap etter §§ 3 og 4 i denne lova.

0 Føyd til med lov 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745), endra med lov 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).
§ 5.Ansvaret for det offentlege for å få fastsett foreldreskap

Dersom barnet korkje har far eller medmor i samsvar med reglane i §§ 3 og 4, skal det offentlege ta seg av å få fastsett kven som er faren eller medmora, jf. kapittel 3 og 4.

Dersom ein utanlandsk farskap eller medmorskap ikkje vert lagt til grunn etter § 85, har det offentlege ansvar etter første stykket.

Det offentlege skal klargjere kven som er mor til barnet når dette ikkje er kjent.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføring av reglane i paragrafen her.

0 Endra med lover 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745), 21 juni 2013 nr. 64 (andre og fjerde ledd ikr. 31 aug 2013, resten ikr. 1 jan 2014, etter res. 9 aug 2013 nr. 971).
§ 6.Endring av farskap etter §§ 3 og 4 for domstolane

Barnet kan alltid reise sak for domstolane om farskap etter ekteskap eller erklæring. Er barnet mindreårig, vert saka reist av oppnemnd verje. Er barnet fylt 15 år, kan verja ikkje reise sak utan samtykke frå barnet. Når særlege grunnar taler for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reise saka.

Kvar av foreldra kan reise sak om farskapen dersom vedkomande legg fram opplysningar som tyder på at ein annan kan vere far til barnet. Saka må reisast innan eitt år etter at vedkomande vart kjend med opplysningane, likevel slik at fristen tidlegast vert rekna frå tidspunktet då barnet vart født. Retten avgjer i orskurd om vilkåra for å reise sak ligg føre, og kan i orskurd gjere unntak frå eittårsfristen når særlege grunnar talar for det.

Den som meiner at han er far til barnet, kan fram til barnet fyller tre år, reise sak om farskapen dersom han legg fram opplysningar som tyder på at han kan vere far. Retten kan i orskurd gjere unntak frå treårsfristen når særlege grunnar talar for det. Reglane i andre stykket andre og tredje punktum gjeld tilsvarande.

0 Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 des 2002 nr. 92 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1696), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631), 26 mars 2010 nr. 9 (ikr. 1 juli 2013, etter res. 5 apr 2013 nr. 338) som endra med lov 5 apr 2013 nr. 12, 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, slik at fristane i andre og tredje stykket startar tidlegast å løpe når endringane tek til å gjelde, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).
§ 6 a.Barnet sin rett til å få kunnskap om sin biologiske far

Barnet har frå det fyller 18 år rett til å skaffe seg kunnskap om kven som er den biologiske faren, jf. andre stykket, utan at dette endrar farskapen.

Barnet kan krevje at Arbeids- og velferdsdirektoratet gjev pålegg om å levere eigna prøve til DNA-analyse etter § 11 første stykket, og har rett til å få vite resultatet av analysene. Dersom nokon ikkje rettar seg etter pålegget, kan retten gjere vedtak etter § 24 tredje stykket.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføring av reglane i paragrafen her.

0 Føyd til med lov 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).
§ 7. Endring av farskap etter §§ 3 og 4 når ein annan mann erklærer farskap

Farskap i samsvar med § 3 eller § 4 kan endrast ved at ein annan mann erklærer farskapen i samsvar med § 4, når erklæringa er godteken skriftleg av mora og den som har vore rekna for far. Ei slik erklæring gjeld likevel berre når Arbeids- og velferdsdirektoratet finn at DNA-analyse godtgjer at den andre mannen er far til barnet. Dersom barnet er fylt 18 år, kan farskapen ikkje endrast etter denne paragrafen utan samtykke frå barnet.

0 Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631), 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).
§ 8.Farskapen eller medmorskapen kan ikkje prøvast i andre saker

Domstolar eller styringsorgan kan ikkje prøve farskapen eller medmorskapen i andre saker enn nemnt i §§ 6 og 7. Domstol eller styringsorgan kan ikkje i andre saker leggje til grunn at ein mann er faren eller ei kvinne medmora utan at det er fastsett etter lova her.

0 Endra med lov 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).
§ 9.Vilkåra for å seie dom i farskapssak.

Dersom ein mann blir utpeikt som far etter DNA-analyse, skal dom seiast for at han er faren. Dersom det ikkje ligg føre DNA-analyse, eller det er grunn til å tru at det heftar feil ved DNA-analysen, eller dersom nærståande slektningar også framstår som mogelege fedre, gjeld reglane i andre og tredje stykket.

Har ein mann hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, skal dom seiast for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at han er far til barnet.

Har mora hatt samlege med fleire menn i den tida ho kan ha blitt med barnet, skal dom for farskap likevel berre seiast når det er monaleg meir truleg at ein av dei er faren enn nokon av dei andre.

Er det utført assistert befruktning på mora, og ektemann eller sambuar har gitt sitt samtykke til dette, skal det seiast dom for at han er faren, dersom det ikkje er lite truleg at barnet er avla ved assistert befruktning.

Sædgiveren kan ikkje dømast til far. Dette gjeld likevel ikkje dersom assistert befruktning er gjort med sæd frå ektemann eller sambuar.

0 Endra med lover 12 juni 1987 nr. 68, 5 aug 1994 nr. 56, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 5 des 2003 nr. 100 (ikr. 1 jan 2004, etter res. 19 des 2003 nr. 1591).

Kapittel 3. Oppgåvene til Arbeids- og velferdsetaten i farskapssaker

0 Overskrifta endra med lover 16 juni 1994 nr. 21, 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631).
§ 10.Oppgåvene til tilskotsfuten

Når tilskotsfuten får fødselsmelding etter § 1 fjerde stykket fordi farskapen ikkje er fastsett, skal han melde frå til den oppgjevne faren. Erklærer han ikkje farskapen i samsvar med § 4, skal tilskotsfuten om råd få han til å seia kva han meiner om farskapsspørsmålet. Erklærer han farskapen, skal tilskotsfuten melde frå om det til folkeregistermyndigheita. Elles skal arbeids- og velferdsetaten handsame saka vidare.

Tilskotsfuten skal sjølvbedd gjere både mora og den oppgjevne faren kjend med kva for økonomiske og andre rettar og plikter dei har når det gjeld barnet.

Departementet peikar ut tilskotsfut.

0 Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 19 juni 1992 nr. 63, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631), 29 juni 2007 nr. 53 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 7 des 2007 nr. 1370), 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).
§ 11.Sakshandsaminga i arbeids- og velferdsetaten

Arbeids- og velferdsdirektoratet kan krevje at mora og den eller dei som kan vere far til barnet, gjev forklaring, og kan gje pålegg om at dei og barnet skal gje frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse. I særlege tilfelle kan den som kan vere far, bli pålagd å gje frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse før barnet er født.

Arbeids- og velferdsdirektoratet skal oppmode den mannen som analysen utpeikar som far, til å erklære farskapen.

Døyr barnet kort tid etter fødselen eller andre sterke grunnar talar for det, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet leggje bort saka når mora er samd i det.

Dersom Arbeids- og velferdsdirektoratet legg bort saka, kan barnet, mora eller den mannen som meiner at han er far til barnet, sjølv reise sak om farskapen for domstolane.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om prøvetaking, eigna biologisk materiale og DNA-analyse til bruk i saker om farskap eller slektskap.

0 Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 16 juni 1994 nr. 21, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998, etter res. 13 juni 1997 nr. 576), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631), 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).
§ 12.(Oppheva med lov 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).)
§ 13.Når saka går til retten m.m.

Arbeids- og velfersdirektoratet skal sende stemning til tingretten til avgjerd etter kapittel 4 dersom han som er oppgjeven som far, ikkje har erklært farskapen eller mora ikkje har godteke ei erklæring skriftleg, og saka ikkje er lagd bort etter § 11 tredje stykket.

Endar ei rettssak utan at farskapen vert fastsett, og han heller ikkje vert fastsett seinare, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet sende saka til retten på nytt dersom det kjem fram nye opplysningar som tyder på at faren kan vere ein mann som tidlegare ikkje har vore part i saka.

0 Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 16 juni 1994 nr. 21, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998, etter res. 13 juni 1997 nr. 576), 14 des 2001 nr. 98 (ikr. 1 jan 2002, etter res. 14 des 2001 nr. 1416), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631), 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).

Kapittel 4. Rettargang i farskapssaker.

§ 14.Tilhøvet til allmenne rettargangsreglar.

For farskapssaker gjeld reglane i dette kapittel, domstolloven og tvisteloven.

0 Endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
§ 15.Kva for domstol saka høyrer under.

Saka skal reisast ved det alminnelege vernetinget til barnet. Lever ikkje barnet eller bur det utanfor riket, skal saka reisast ved det alminnelege vernetinget til mora. Er også ho død eller busett utanfor riket, skal saka reisast ved det alminnelege vernetinget til den oppgjevne faren.

Dersom mora eller barnet bur på sperra adresse, jf. lov 16. januar 1970 nr. 1 om folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar for mora eller barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.

0 Endra med lover 11 juni 1993 nr. 83, 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3, 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 31 aug 2013, etter res. 9 aug 2013 nr. 971).
§ 16.Kva for spørsmål som kan takast opp i ei farskapssak.

I ei farskapssak kan andre tvistemål berre takast opp når dei gjeld ei følgje av farskapen eller av farskapssaka.

§ 17.Partane i saka.

I farskapssaker er både barnet, mora og kvar mann som vert rekna for faren eller kan vere det, partar i saka.

Døyr ein mann som kan vere far til barnet, skal dødsbuet eller arvingane hans gjerast til part.

Kjem det fram opplysningar som tyder på at nokon annan kan vere faren, skal retten ved prosesskriv gjere han til saksøkt.

0 Endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
§ 18.Setteverje for barnet.

Er det ikkje oppnemnd verje for barnet, skal retten syte for oppnemning av setteverje når mora ikkje gjev opp kven faren er, eller når det ligg føre opplysningar som tyder på at faren kan vere ein annan enn den mora har gjeve opp.

§ 19.Tilseiing om stemning og innkalling.

Ved tilseiing for nokon etter domstollova § 181 skal namnet på andre partar berre gjerast kjent når retten fastset det av særlege grunnar.

0 Endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
§ 20.(Oppheva med lov 28 apr 2000 nr. 34 (ikr. 1 juli 2000, etter res. 28 apr 2000 nr. 366).)
§ 21.Forklaring frå partar og vitne.

Både mora og den som kan vere far til barnet, har plikt til å forklare seg i saka etter reglane for vitne og med same ansvar som vitne.

Retten avgjer om ein part skal få høyre på medan ein annan part forklarar seg under saksførebuinga.

I farskapssaker kan ingen nekte å svare på spørsmål fordi svaret kan føre til vesentleg tap av sosialt omdøme eller anna vesentleg velferdstap for vedkomande, jf. tvisteloven § 22-9.

Når eit vitne har forklara seg under saksførebuinga, treng det ikkje kallast inn til hovudforhandlinga når retten held nytt avhøyr for uturvande og partane ikkje krev nytt avhøyr.

0 Endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
§ 22.(Oppheva med lov 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).)
§ 23.Fråvering.

Saka stoggar ikkje om nokon av partane eller alle partar let vere å møte.

Forklaring som er gjeve under saksførebuinga, kan lesast opp under hovudforhandlingane der vedkomande ikkje møter, om ikkje særlege grunnar taler mot.

§ 24.Prøvetaking og DNA-analyse

Retten kan gje mora, barnet og kvar mann som er part i saka, pålegg om å gje frå seg ei eigna prøve til DNA-analyse. Er det grunn til å tru at ein mann som ikkje er part, har hatt samlege med mora på den tid ho kan ha blitt med barnet, kan retten vedta slik gransking også hos han når han først har fått sagt si meining. Kommunelækjaren peiker ut ein lækjar som har plikt til å ta dei prøvene som trengst.

Er ein som kan vere far til barnet død eller utilgjengeleg av annan grunn, kan retten som prov i ei farskapssak innhente og gjere bruk av biologisk materiale eller prøver som tidlegare er tatt av han. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om innhenting og bruk av slikt materiale.

Lèt nokon vere å rette seg etter påbod etter første stykket eller § 11 første stykket om å kome sjølv eller med barn vedkomande har omsorg for, til prøvetaking og DNA-analyse, kan retten i orskurd vedta at vedkomande skal gripast av politiet og førast til lækjar for prøvetaking.

0 Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 11 juni 1993 nr. 83, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3, 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).
§ 25.Dom utan hovudforhandling.

Retten kan seie dom i farskapssak utan hovudforhandling når ein DNA-test anten utpeikar ein mann som far eller viser at han ikkje kan vere far til barnet, likevel slik at partane skal få høve til å uttale seg om føresetnaden for å seie dom utan at hovudforhandling ligg føre.

Med samtykke frå mor til barnet kan retten gje frifinningsdom for alle menn som er partar i saka, når retten etter at gransking av blodprøver og forklaring frå partar og vitne er tilendeført, finn det klart at det ikkje let seg gjere å gje dom for farskap.

0 Endra med lov 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998).
§ 26.Heving av saka

Retten kan heve saka i orskurd når

a) ein mann erklærer i samsvar med § 4 at han er far til barnet, eller
b) den oppgjevne faren bur i utlandet og det er uråd å få nok opplysningar til å fastsetje farskapen.
0 Endra med lov 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).
§ 27.Utvida rettskraft.

Ein rettskraftig dom i ei farskapssak gjeld for og mot alle og skal leggjast til grunn i alle tilhøve der farskapen har noko å seie.

§ 28.Særreglar for ankesaker

Alle partane i saka på første rettssteget held fram å vere partar i ankesaka. Den som er frifunnen etter § 25 første stykket, er likevel berre part når retten eller nokon av dei andre partane dreg han inn i saka. Tyder opplysningar som kjem fram i ankesaka på at nokon annan kan vere faren, skal retten anten gjere han til part i prosesskrift eller oppheve dommen og sende saka til ny forhandling i tingretten.

0 Endra med lover 14 des 2001 nr. 98 (ikr. 1 jan 2002, etter res. 14 des 2001 nr. 1416), 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
§ 28 a.Særreglar om gjenopning

Dersom det ikkje låg føre ein DNA-analyse i saka, kan ei rettskraftig avgjerd krevjast gjenopna utan omsyn til vilkåra i tvisteloven §§ 31-3 til 31-6. Vert det kravd gjenopning, skal retten gje pålegg om blodprøve og DNA-analyse. Når DNA-analysen ligg føre, gjeld regelen i § 25 første stykket.

I andre farskapssaker gjeld ikkje fristen i tvisteloven § 31-6 andre stykket for å krevje gjenopning av saka.

0 Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 92 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1696), endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
§ 29.Kostnaden med saka.

Staten ber den kostnaden som retten har med saka, også kostnaden med å få tak i opplysningar som retten finn naudsynte.

Kapittel 4A. Rettargang i andre slektskapssaker enn farskapssaker.

0 Kapitlet føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
§ 29 a.Verkeområdet og tilhøvet til allmenne rettargangsreglar

Reglane i dette kapitlet gjeld sak for domstolane om ein slektskap i rett opp- eller nedstigande line (slektskapssak), anna enn farskap.

I ei slektskapssak kan andre tvistar berre takast opp når dei følgjer av slektskapen eller slektskapssaka.

Reglane i domstolloven og tvisteloven gjeld så langt ikkje anna er sagt.

0 Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
§ 29 b.Kven som kan vere part i slektskapssak

Berre dei som det er påstått er i slekt, kan reise slektskapssak seg imellom. Saka må reisast mot den eller dei som er påstått nærast i slekt.

For å vareta offentlege interesser har Arbeids- og velferdsetaten rett til å møte i ei slektskapssak og til å anke eller krevje gjenopning av saka. Retten skal gje melding til Arbeids- og velferdsetaten om saka og om nokon av partane ikkje møter.

Når det er naudsynt for å oppfylle pliktene etter § 5 tredje stykket, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet reise sak om kven som er mor til barnet.

Dersom nokon som påstår å vere lengre ute i slekt har reist sak, har livsarvingane etter ein slektning som ikkje lenger er i live, rett til å gå inn i saka og til å anke eller krevje gjenopning av saka.

Døyr ein part før dom er sagt, kan dei næraste slektningane i rett opp- eller nedstigande line til den avlidne halde fram med saka. Døyr ein part etter at dom er sagt, kan dei som er nemnde i første punktum, dødsbuet eller arvingar om dommen rører ved interessene deira, anke eller krevje at saka vert gjenopna.

0 Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3, endra med lov 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).
§ 29 c.Stillinga til verja

Verja kan ikkje reise slektskapssak for ein person under verjemål som har fylt 15 år, utan samtykke frå personen med mindre personen ikkje er i stand til å forstå kva eit samtykke fører med seg.

0 Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lover 26 jan 2007 nr. 3 og 21 des 2007 nr. 127, endra med lov 26 mars 2010 nr. 9 (ikr. 1 juli 2013, etter res. 5 apr 2013 nr. 338) som endra med lov 5 apr 2013 nr. 12.
§ 29 d.Utvida rettskraft

Rettskraftig dom i ei slektskapssak gjeld for og mot alle og skal leggjast til grunn i alle høve der slektskapen har noko å seie.

Er saka reist mellom nokon som det er påstått er lengre ut i slekt, gjeld dommen berre mot ein nærare slektning eller livsarvingane hans eller hennar dersom vedkommande er gått inn i saka eller varsla om ho.

Det same gjeld for den som sjølv krev å vere forelder eller den som slektskapssaka gjeld.

0 Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
§ 29 e.Gjenopning

Fristen for gjenopning av saka etter tvisteloven § 31-6 andre ledd gjeld ikkje i slektskapssaker.

0 Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endret ved lov 26 jan 2007 nr. 3.

Kapittel 5. Foreldreansvaret og kvar barnet skal bu fast.

0 Endra med lov 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998).
§ 30.Innhaldet i foreldreansvaret.

Barnet har krav på omsut og omtanke frå dei som har foreldreansvaret. Dei har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege tilhøve innanfor dei grensene som §§ 31 til 33 set. Foreldreansvaret skal utøvast ut frå barnet sine interesser og behov.

Dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for at barnet får utdanning etter evne og givnad.

Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Dette gjeld òg når valden brukast som ledd i oppsedinga av barnet. Bruk av vald og skremmande eller plagsam framferd eller annan omsynslaus åtferd overfor barnet er forbode.

Om retten til å ta avgjerd for barnet i økonomiske tilhøve gjeld reglane i verjemålslova 22. april 1927 nr. 3. 1

0 Endra med lover 6 feb 1987 nr. 11, 9 apr 2010 nr. 13 (ikr. 9 apr 2010, etter res. 9 apr 2010 nr. 500).
1 Opph. Sjå no lov 26 mars 2010 nr. 9.
§ 30 a.Avtale om ekteskap.

Ein avtale foreldre eller andre gjer om ekteskap på vegner av barnet, er ikkje bindande.

0 Føyd til med lov 19 des 2003 nr. 119 (ikr. 19 des 2003, etter res. 19 des 2003 nr. 1762).
§ 31.Rett for barnet til å vere med på avgjerd

Etter kvart som barnet blir i stand til å danne seg eigne synspunkt på det saka dreiar seg om, skal foreldra høyre kva barnet har å seie før dei tek avgjerd om personlege forhold for barnet. Dei skal leggje vekt på det barnet meiner alt etter kor gammalt og modent barnet er. Det same gjeld for andre som barnet bur hos eller som har med barnet å gjere.

Eit barn som er fylt sju år, og yngre barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal få informasjon og høve til å seie meininga si før det blir teke avgjerd om personlege forhold for barnet, mellom anna om foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast og samvær. Meininga til barnet skal bli vektlagt etter alder og modning. Når barnet er fylt 12 år, skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner.

0 Endra med lover 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 21 juni 2013 nr. 62 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 13 des 2013 nr. 1443.
§ 32.Utdanning, medlemskap i foreiningar.

Barn som er fylt 15 år, avgjer sjølv spørsmål om val av utdanning og om å melde seg inn i eller ut av foreiningar.

§ 33.Barnet sin sjølvråderett

Foreldra skal gje barnet stendig større sjølvråderett med alderen og fram til det fyller 18 år.

0 Endra med lov 26 mars 2010 nr. 9 (ikr. 1 juli 2013, etter res. 5 apr 2013 nr. 338) som endra med lov 5 apr 2013 nr. 12.
§ 34.Foreldreansvaret når foreldra er eller har vore gifte

Foreldre som er gifte, har foreldreansvaret saman for sams barn.

Foreldre som separerer eller skil seg, kan avtale at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at ein av dei skal ha det aleine. Inntil avtale eller avgjerd om foreldreansvaret ligg føre, har dei ansvaret saman.

0 Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 25 sep 1992 nr. 106, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 35.Foreldreansvaret når foreldra ikkje er gifte.

Når foreldra ikkje er gifte eller bur saman, jf. § 39, har mora foreldreansvaret åleine.

Foreldre som bur saman har foreldreansvaret saman for sams barn.

Foreldra som ikkje er gifte eller har foreldreansvaret saman etter andre ledd, kan likevel etter avtale gje melding til folkeregistermyndigheita om at dei skal ha foreldreansvaret saman eller at faren skal ha foreldreansvaret åleine.

Har ugifte foreldre foreldreansvaret saman, men barnet bur fast berre saman med den eine, gjeld reglane i § 37.

0 Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 17 juni 2005 nr. 63 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 17 juni 2005 nr. 612), (etter Innst.O.nr.84 (2004-2005) med vedlegg gjeld føresegna i andre leden berre barn fødd etter 1 jan 2006), 29 juni 2007 nr. 53 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 7 des 2007 nr. 1370).
§ 35 a.(Oppheva med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).)
§ 36.Kvar barnet skal bu fast

Foreldra kan gjere avtale om at barnet skal bu fast hos anten ein av dei eller begge.

Er foreldra usamde, må retten avgjere at barnet skal bu fast hos ein av dei. Dersom det ligg føre særlege grunnar, kan retten likevel avgjere at barnet skal bu fast hos begge.

0 Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 14 des 2001 nr. 98 (ikr. 1 jan 2002, etter res. 14 des 2001 nr. 1416), 30 aug 2002 nr. 67 (ikr. 1 jan 2003, etter res. 30 aug 2002 nr. 938), 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 35 a (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 9 apr 2010 nr. 13 (ikr. 1 juli 2010, etter res. 9 apr 2010 nr. 500).
§ 37.Avgjerder som kan takast av den som barnet bur fast saman med.

Har foreldra sams foreldreansvar, men barnet bur fast saman med berre den eine, kan den andre ikkje setje seg mot at den barnet bur saman med, tek avgjerder som gjeld vesentlege sider av omsuta for barnet, m.a. spørsmålet om barnet skal vere i barnehage, kor i landet barnet skal bu og andre større avgjerder om dagleglivet.

0 Føyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 35 b (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 38.Foreldreansvar etter dødsfall

Døyr den eine av foreldra som har foreldreansvaret saman, får den attlevande foreldreansvaret aleine. Dersom den attlevande er sikta eller tiltala for forsettleg eller overlagt å ha valda at den andre er død, skal tingretten ta førebels avgjerd om foreldreansvaret etter reglane i § 60 a.

Bur barnet saman med begge foreldra og den eine av dei døyr, får den attlevande foreldreansvaret aleine, jamvel om berre den avdøde hadde foreldreansvar. Dette gjeld ikkje i høve der den attlevande er sikta, tiltala eller dømd slik det er omtala i første stykket andre punktum.

Fører dødsfall til at ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn, skal lensmannen eller tingretten få opplysning om det i dødsfallsmeldinga. Tingretten skal ta avgjerd om foreldreansvaret etter reglane i § 63.

Andre enn foreldra kan krevje å få foreldreansvaret til barnet etter dødsfall etter reglane i § 63.

For den eller dei som får foreldreansvaret, gjeld reglane i kapitlet her og kapittel 6.

0 Tidlegare § 36. Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998 - men slik at endringa ikkje gjeld der den avlidne døydde før 1 jan 1998), 14 des 2001 nr. 98 (ikr. 1 jan 2002, etter res. 14 des 2001 nr. 1416), 30 aug 2002 nr. 67 (ikr. 1 jan 2003 etter res. 30 aug 2002 nr. 938), 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 25 juni 2004 nr. 53 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 19 aug 2005 nr. 901) som endra med lov 17 juni 2005 nr. 84, 7 apr 2006 nr. 6 (ikr. 1 jan 2007, etter res. 7 apr 2006 nr. 392).
§ 39.Registrering av foreldreansvaret

Avtale eller avgjerd om foreldreansvaret skal meldast til folkeregistermyndigheita. Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregistermyndigheita er ikkje gyldig. Dersom farskap eller medmorskap er fastsett og foreldra er folkeregistrerte på same adresse eller erklærer i melding til folkeregistermyndigheita at dei bur saman, skal folkeregistermyndigheita registrera at foreldra har foreldreansvaret saman.

0 Føyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998, men slik at endringa ikkje gjeld for avtaler som er inngått før 1 jan 1998), endra med lover 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), endra paragrafnummeret frå § 41 a, 17 juni 2005 nr. 63 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 17 juni 2005 nr. 612), 29 juni 2007 nr. 53 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 7 des 2007 nr. 1370), 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).
§ 40.Flytting med barnet til utlandet.

Har den eine av foreldra foreldreansvaret åleine, kan den andre ikkje setje seg imot at barnet flyttar ut av landet. Dersom foreldra har foreldreansvaret saman, må begge samtykkje til at barnet skal flytte til utlandet.

Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu fast saman med, må barnet ikkje flytte ut av landet før saka er avgjort.

0 Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 43 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 41.Utanlandsferd med barnet.

Den som har sams foreldreansvar eller foreldreansvaret åleine, kan ta barnet med på stuttare utanlandsferder. Har foreldra sams foreldreansvar, kan retten i orskurd setje forbod mot utanlandsferd med barnet, dersom det er uvisst om barnet vil kome attende. Forbodet kan gjelde ei enkelt reise eller ålment, og kan også setjast i ei sak om foreldreansvaret, kven barnet skal bu saman med eller samværsrett. Retten kan ta førebels avgjerd for tida fram til saka er endeleg avgjord.

I sak der det vert nedlagt reiseforbod, skal barnet førast ut av passet til den som vil forlate landet, eller barnet sitt pass skal trekkjast attende, eller barnet kan setjast bort til andre på forsvarleg måte til saka er avgjord.

Dersom det er fare for at barnet ikkje vil kome attende, kan politiet leggje ned førebels utreiseforbod fram til saka kan handsamast av retten. Andre stykket gjeld tilsvarande.

Den av foreldra som ikkje har foreldreansvaret, kan ikkje reise til utlandet med barnet utan samtykkje frå den som har foreldreansvaret. Retten kan likevel etter krav frå den som vil reise, gje samtykke til utanlandsferd med barnet når det er openbert at barnet vil kome attende. Første stykket tredje og fjerde punktum gjeld tilsvarande for samtykkjet.

0 Føyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 43 a (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).

Kapittel 6. Samværsrett m.m.

§ 42.Barnet sin rett til samvær.

Barnet har rett til samvær med begge foreldra, jamvel om dei lever kvar for seg. Foreldra har gjensidig ansvar for at samværsretten vert oppfyld. Dersom ein av foreldra vil flytte, og det er avtale eller avgjerd om samvær, skal den som vil flytte, varsle den andre seinast seks veker før flyttinga.

Barnet har krav på omsut og omtanke frå den som er saman med barnet. Den som er saman med barnet, kan ta avgjerder som gjeld omsuta for barnet under samværet.

0 Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8 (ikr. 1 mai 1989, men slik at endringa i andre leden ikkje gjeld for barn fødd før 1 mai 1989), 25 sep 1992 nr. 106, 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 44 (ikr. 1 apr 2004 etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 9 apr 2010 nr. 13 (ikr. 1 juli 2010, etter res. 9 apr 2010 nr. 500).
§ 43.Omfanget av samværet mv.

Den av foreldra som barnet ikkje bur saman med, har rett til samvær med barnet om ikkje anna er avtala eller fastsett. Omfanget av samværsretten bør avtalast nærare. Dersom samvær ikkje er til beste for barnet, må retten avgjere at det ikkje skal vere samvær.

Foreldra avtalar sjølve omfanget av samværsretten på bakgrunn av kva dei meiner er best for barnet. § 31 andre stykket gjeld for foreldra. I avtale eller avgjerd om samvær skal det mellom anna leggjast vekt på omsynet til best mogleg samla foreldrekontakt, kor gammalt barnet er, i kva grad barnet er knytt til nærmiljøet, reiseavstanden mellom foreldra og omsynet til barnet elles. Vert det avtala eller fastsett «vanleg samværsrett», gjev det rett til å vere saman med barnet ein ettermiddag i veka med overnatting, annakvar helg, til saman tre veker i sommarferien, og annankvar haust-, jule-, vinter- og påskeferie.

Det kan i avtale eller i dom setjast vilkår for samvær. Dersom tilsyn blir sett som vilkår, kan retten utpeike ein person som skal føre tilsyn under samværet, eller be foreldra gjere det. Den av foreldra som skal ha samvær, dekkjer kostnadene til tiltaka som er sett som vilkår for samvær etter denne føresegna.

Den andre av foreldra skal få melding i rimeleg tid føreåt når samværet ikkje kan finne stad som fastsett, eller når tida for samværet må avtalast nærare.

Dersom den som har foreldreansvaret eller som barnet bur hos hindrar at ein samværsrett kan gjennomførast, kan den som har samværsretten krevje ny avgjerd av kven som skal ha foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, jf. § 64.

0 Endra med lover 20 juni 2003 nr. 40, tidlegare § 44 a (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 7 apr 2006 nr. 6 (første og andre leden ikr. 7 apr 2006, tredje ledd ikr. 1 jan 2007, etter res. 7 apr 2006 nr. 392), 9 apr 2010 nr. 13 (ikr. 1 juli 2010, etter res. 9 apr 2010 nr. 500), 21 juni 2013 nr. 62 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 13 des 2013 nr. 1443.
§ 43 a.Samvær under tilsyn av offentleg oppnemnt person

Dersom tilsyn blir sett som vilkår for samværet, kan retten i særlege høve og der omsynet til barnet sine behov talar for det, påleggje kommunal barnevernsteneste eller departementet å oppnemne ein person som skal føre tilsyn under samvær. Retten kan gje pålegg om beskytta tilsyn eller støtta tilsyn.

Pålegget skal fastsetje dei nødvendige vilkåra for samværet, under dette timetalet og avgrensa varigheit.

Den kommunale barnevernstenesta oppnemner dei personane som skal føre tilsyn, og følgjer opp saka ved pålegg om beskytta tilsyn. Departementet oppnemner dei personane som skal føre tilsyn, og følgjer opp saka ved støtta tilsyn.

Før avgjerda blir fatta, skal retten hente inn ei konkret vurdering frå den kommunale barnevernstenesta eller departementet om korleis pålegget kan gjennomførast.

Eit pålegg kan følgje av ein dom, ei førebels avgjerd etter § 60 eller av eit rettsforlik. Dom og førebels avgjerd skal retten grunngi som nemnt i tvisteloven § 19-6. Om rettsavgjerda blir heva ved rettsforlik, skal retten gjere greie for føremålet med tilsynet og behovet til barnet.

Det offentlege dekkjer kostnadene til tiltaka etter denne føresegna.

Den som skal oppnemnast til å føre tilsynet etter andre ledd, skal leggje fram tilfredsstillande politiattest som nemnt i politiregisterloven § 39 første ledd.

Departementet kan gje forskrifter med nærare føresegner om mellom anna oppnemning av personar som skal føre tilsynet, utøvinga av tilsynet, godtgjering, rapportering og kravet om politiattest.

0 Føyd til med lov 21 juni 2013 nr. 62 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 13 des 2013 nr. 1443.
§ 44.Reisekostnader ved samvær

Reisekostnadene ved samvær skal delast mellom foreldra etter storleiken på inntektene deira der foreldra ikkje blir samde om noko anna. Kostnadene som skal delast, er kostnader til barnet si reise, foreldra sine nødvendige kostnader til reise i samband med å hente eller bringe barnet til samværet og samværsforelderen sine kostnader til eiga reise når samværet skjer der barnet bur.

Dersom særlege grunnar gjer det rimeleg, kan retten fastsetje ei anna fordeling av reisekostnadene. Er foreldra samde om det, kan sak om reisekostnadene i staden gå til fylkesmannen. Har barnet fylt 15 år, kan sak om reisekostnader gå til fylkesmannen jamvel om berre ein av foreldra ber om det. Reglane i § 64 gjeld tilsvarande. Fylkesmannen eller departementet sitt vedtak er tvangsgrunnlag for utlegg.

Når begge foreldra ber om det, kan fylkesmannen fastsetje at ei skriftleg avtale om deling av reisekostnader skal kunne tvangsfullførast ved utlegg etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 7.

0 Føyd til med lov 13 juni 1997 nr. 39, endra med lover 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå 44 b (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 12 des 2008 nr. 85 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 12 des 2008 nr. 1354), 9 apr 2010 nr. 13 (ikr. 9 apr 2010, etter res. 9 apr 2010 nr. 500).
§ 44 a.(Oppheva med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).)
§ 44 b.(Oppheva med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).)
§ 45.Samværsrett for andre enn foreldra

Når den eine av foreldra eller begge er døde, kan slektningane til barnet eller andre som er nær knytte til barnet, krevje at retten fastset om dei skal ha rett til å vere saman med barnet, og kva for omfang samværsretten skal ha.

I sak om samværsrett mellom foreldra, kan ein forelder som vert nekta samvær krevje at avgjerdsorganet fastset om hans eller hennar foreldre skal ha rett til å vere saman med barnet og kva for omfang samværsretten skal ha. Samvær for besteforeldra kan berre fastsetjast på vilkår av at den som er nekta samvær ikkje får møte barnet.

Reglane i kap. 7 gjeld også for desse sakene. Det krevst ikkje at partane har vore til mekling før dei går til sak.

0 Endra med lover 13 juni 1997 nr. 39 (ikr. 1 jan 1998), 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 46.Rett til å bli høyrd før ei avgjerd om framtida til barnet.

Den som har samværsrett med barnet, skal så langt råd er, få uttale seg før den som har foreldreansvaret, tek avgjerder som vil gjere det umogeleg eller vesentleg vanskelegare å utøve samværsretten.

0 Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 49 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 47.Rett til opplysningar om barnet.

Har den eine av foreldra foreldreansvaret aleine, skal denne gje den andre opplysningar om barnet når det blir bede om det. Den andre har også rett til å få opplysningar om barnet frå barnehage, skule, helse- og sosialvesen og politi, om ikkje teieplikta gjeld andsynes foreldra. Slike opplysningar kan nektast gjeve dersom det kan vere til skade for barnet.

Avslag på krav om opplysningar etter første stykket andre punktum kan påklagast til fylkesmannen. Reglane i forvaltningslova kapittel VI gjeld så langt dei høver, jamvel om avslaget er gjeve av private.

I særlege høve kan fylkesmannen avgjere at den som ikkje har foreldreansvaret, skal tape opplysningsretten etter paragrafen her.

0 Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 50 (ikr. 1 apr 2004 etter res. 20 juni 2003 nr. 728).

Kapittel 7. Sakshandsaminga i saker om foreldreansvaret, om kvar barnet skal bu fast og om samvær

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
I. Innleiande føresegner
0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 48.Det beste for barnet

Avgjerder om foreldreansvar, om kvar barnet skal bu fast og om samvær, og handsaminga av slike saker, skal først og fremst rette seg etter det som er best for barnet.

Ved avgjerda skal det takast omsyn til at barnet ikkje må bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa vert utsett for skade eller fare.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728). Sjå tidlegare §§ 34, 44 a og 37. Endra med lov 7 apr 2006 nr. 6 (ikr. 7 apr 2006, etter res. 7 apr 2006 nr. 392).
§ 49.Advokatar

Advokatar som har saker etter kapitlet her, bør vurdere om det er mogeleg for partane å kome fram til ei avtaleløysing. Advokaten skal opplyse foreldra om høvet til mekling.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 50.Teieplikt

Den som meklar etter § 51 og § 61 første stykket nr. 2 har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Lov 19. juni 1997 nr. 62 om familievernkontorer §§ 6, 7, 9 og 10 gjeld tilsvarande.

Den som gjer teneste etter § 61 første stykket nr. 1, 3, 4 eller 7 har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Han kan utan hinder av teieplikta gje oppdragsgjevar dei opplysningar han har fått i samband med oppdraget. Lov 19. juni 1997 nr. 62 om familievernkontorer §§ 6, 7, 9 og 10 gjeld tilsvarande.

Den som gjer tjeneste etter § 61 første stykket nr. 5 har teieplikt om det som kjem fram om personlege forhold i samband med oppdraget. Retten kan oppheve teieplikta etter krav frå advokaten eller representanten.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
II. Mekling og vedtak om tvangskraft for avtaler
0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 51.Kven skal møte til mekling

Foreldre med felles barn under 16 år må møte til mekling før det vert reist sak om foreldreansvar, kvar barnet skal bu fast eller om samvær.

Gifte foreldre med felles barn under 16 år må for å få separasjonsløyve eller skilsmisseløyve etter ekteskapslova §§ 20 og 22, ha møtt til mekling på familievernkontor eller hos annan godkjend meklar jf. ekteskapslova § 26.

Sambuarar med felles barn under 16 år skal ved samlivsbrot møte til mekling.

Departementet kan gje forskrifter om mekling, også om unntak frå møteplikta i særlege høve.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), endra med lov 7 apr 2006 nr. 6 (ikr. 1 jan 2007, etter res. 7 apr 2006 nr. 392).
§ 52.Føremålet med og innhaldet i meklinga

Føremålet med meklinga er å få foreldra til å kome fram til ei skriftleg avtale om foreldreansvaret, om kvar barnet skal bu fast og om samvær. Partane bør gjerast kjende med dei viktigaste økonomiske konsekvensane som avtala fører med seg.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 53.Frammøte

Foreldra skal møte personleg og samstundes til mekling. Den som meklar kan likevel avgjere at dei skal møte kvar for seg dersom det er tenleg. Meklaren kan i særlege høve gje løyve til at ein eller begge partar møter saman med ein fullmektig.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 54.Meklingsattest

Det skal skrivast ut meklingsattest når partane har møtt til ein times mekling hos ein meklar. Dersom foreldra ikkje er samde, skal dei verte oppfordra til å mekle i inntil tre timar. Dei kan få tilbod om mekling i ytterlegare tre timar dersom meklaren finn at dette kan føre til at partane kan kome fram til ein avtale. Meklingsattesten er gyldig i seks månader.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), endra med lov 7 apr 2006 nr. 6 (ikr. 1 jan 2007, etter res. 7 apr 2006 nr. 392).
§ 55.Vedtak om tvangskraft for avtaler

Når begge foreldra ber om det, kan fylkesmannen fastsetje at ei skriftleg avtale om foreldreansvar, bustad og samvær skal kunne tvangsfullførast etter reglane i § 65. Vilkåret er at avtala først og fremst rettar seg etter det som er best for barnet. Trengst det, bør sakkunnige, barneverntenesta eller sosialtenesta uttale seg før fylkesmannen avgjer spørsmålet.

Eit vilkår for å bringe ei sak inn for fylkesmannen etter første stykket er at foreldra kan leggje fram gyldig meklingsattest.

Saka må bringast inn for den fylkesmannen der barnet har alminneleg verneting på den tida saka vert reist.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
III. Sakshandsaminga for retten
0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 56.Vilkår for å reise sak

Er foreldra usamde om kven som skal ha foreldreansvaret, om kvar barnet skal bu fast eller om samværet, kan kvar av dei reise sak for retten. Andre enn foreldra kan reise sak når vilkåra etter §§ 45 eller 63 er oppfylde.

Eit vilkår for å reise sak etter første stykket er at foreldra kan leggje fram gyldig meklingsattest.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 57.Kvar sak skal reisast

Sak etter § 56 må reisast for den domstolen der barnet har alminneleg verneting på den tida saka vert reist. Dersom saka gjeld søsken med ulikt alminneleg verneting, kan felles sak for barna reisast der eitt av barna har alminneleg verneting. Dersom barnet bur på sperra adresse, jf. lov 16. januar 1970 nr. 1 om folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar for barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), endra med lover 7 apr 2006 nr. 6 (ikr. 7 apr 2006, etter res. 7 apr 2006 nr. 392), 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
§ 58.Stemnemål og tilsvar

Stemnemålet skal innehalde namn og adresse til foreldra og barna, og skal vise om usemja gjeld foreldreansvaret, kvar barnet skal bu fast eller samværet, og gje ei kort utgreiing om grunnlaget for usemja og saksøkjarens påstand. Meklingsattest skal leggjast ved. Stemnemålet kan setjast fram på godkjent skjema.

Retten skal forkynne stemnemålet for saksøkte. Tilsvaret skal gjere greie for kva for tvistepunkt det er usemje om, og gje ei kort utgreiing om korleis saksøkte ser på saka. I tillegg må tilsvaret innehalde den saksøktes påstand. Tilsvaret kan setjast fram på godkjent skjema.

Retten kan be om nærare utgreiing av saka frå partane dersom det trengst for å få saka godt nok opplyst.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 59.Sakshandsaminga

Dommaren skal påskunde saka så mykje som mogeleg.

Dommaren skal på kvart trinn i saka vurdere om det er mogeleg å oppnå forlik mellom partane, og leggje tilhøva til rette for det.

Domstolloven og tvisteloven gjeld for retten si handsaming av saker etter kapitlet her, så langt ikkje anna følgjer av reglane her.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
§ 60.Førebels avgjerd

Retten kan etter krav frå ein part ta førebels avgjerd om kven av foreldra som skal ha foreldreansvaret, om kven barnet skal bu hos fast, og om samværsrett. Slik avgjerd kan gjelde for ei viss tid eller til saka er endeleg avgjord. Retten kan også ta førebels avgjerd før saka er reist, dersom særlege grunnar talar for det. Etter krav frå ein part skal retten i alle høve ta førebels avgjerd dersom det er ein risiko for at barnet blir utsett for vald eller på anna vis handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare.

Retten kan samstundes forby den andre av foreldra å kome til den eigedommen eller det bustadhuset der barnet held til. Dersom det ikkje trengst avgjerd straks, skal retten så langt råd er gje den andre høve til å uttale seg.

Når avgjerd er teken før sak er reist, skal retten setje ein frist for å reise søksmål. Fristen kan forlengjast ved avgjerd av dommaren. Er det ikkje teke ut søksmål innan fristen, fell tekne avgjerder bort.

Avgjerdene vert tekne i orskurd. Det er ikkje nødvendig å halde munnleg forhandling på førehand.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), endra med lov 21 juni 2013 nr. 62 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 13 des 2013 nr. 1443.
§ 60 a.Førebels avgjerd om foreldreansvar ved sikting m.m. etter straffelova

Retten skal ta førebels avgjerd om foreldreansvaret i saker der ein av foreldra som har foreldreansvar, er sikta eller tiltala for forsettleg eller overlagt å ha valda at den andre er død. Det same gjeld dersom den attlevande i slike høve ikkje har foreldreansvar og krev å få det. Andre kan krevje å få foreldreansvaret. Retten kan avgjere at ingen skal ha foreldreansvaret. Den attlevande skal berre få foreldreansvaret dersom dette klart er til beste for barnet.

Reglane i § 63 andre stykke gjeld på same måte ved førebels avgjerd. Er det ikkje teke ut søksmål innan seks månader etter at siktinga eller tiltala er fråfallen eller dom i straffesaka er rettskraftig, skal tingretten ta ny avgjerd om foreldreansvaret etter reglane i § 63.

Avgjerdene vert tekne i orskurd. Det er ikkje nødvendig å halde munnleg forhandling på førehand.

0 Føyd til med lov 7 apr 2006 nr. 6 (ikr. 1 jan 2007, etter res. 7 apr 2006 nr. 392).
§ 61.Avgjerder under saksførebuinga

Retten fastset tid for hovudforhandling straks eller etter at eitt eller fleire av tiltaka i nr. 1 til 7 nedanfor er gjennomført.

1. Retten skal som hovudregel innkalle partane til eitt eller fleire førebuande møte for mellom anna å klarleggje tvistepunkta mellom dei, drøfte vidare handsaming av saka og eventuelt mekle mellom partane der saka er eigna for det. Retten kan oppnemne ein sakkunnig til å vere med i dei saksførebuande møta. Retten kan jamvel be den sakkunnige ha samtalar med foreldra og barna og gjere undersøkingar for å klarleggje tilhøva i saka, med mindre foreldra set seg i mot dette. Retten fastset kva den sakkunnige skal gjere, etter at partane har fått høve til å uttale seg.
2. Retten kan vise partane til mekling hos godkjend meklar eller annan person med innsikt i dei tvistepunkta saka gjeld. §§ 52 og 53 gjeld tilsvarande. Dersom meklaren kjem fram til at partane ikkje kan nå fram til ein avtale gjennom vidare mekling, skal han straks melde frå til retten om dette.
3. Der det trengst, bør retten oppnemne sakkunnig til å uttale seg om eitt eller fleire av spørsmåla som saka reiser. Der det er sett fram påstandar om vald, overgrep, rus eller psykisk liding og saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst på anna måte, kan retten oppnemne ein sakkunnig.
4. Dommaren kan gjennomføre samtalar med barnet, jf. § 31. Retten kan oppnemne ein sakkunnig eller annan eigna person til å hjelpe seg, eller la ein sakkunnig ha samtale med barnet aleine. Der barnet har formidla meininga si, skal dommaren eller den dommaren peiker ut orientere barnet om utfallet av saka og korleis meininga til barnet har blitt teke omsyn til.
5. Retten kan i særlege høve, mellom anna når det er grunn til å tru at barnet er utsett for vald eller på anna vis blir handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare, oppnemne ein advokat eller annan representant til å ta vare på interessene til barnet i samband med søksmålet. Den som er oppnemnd, kan samtale med barnet og skal gje slik informasjon og støtte som er naturleg. Advokaten eller representanten skal få saksdokumenta. Han kan kome med framlegg om handsaminga av saka og skriftleg eller i rettsmøte gje råd om korleis sakshandsaminga best kan ta vare på interessene til barnet. Retten avgjer om og eventuelt kor lenge han skal vere til stades under rettsmøta i saka. Når advokaten eller representanten er til stades i rettsmøta, kan han stille spørsmål til partar og vitne.
6. Retten bør innhente fråsegner frå barnevernet og sosialtenesta der det trengst.
7. Retten kan gje partane høve til å prøve ut ei førebels avtale for ei nærare fastsett tid. Retten kan oppnemne ein sakkunnig eller annan eigna person til å rettleie foreldra i prøvetida.
8. Retten kan gje dom utan hovudforhandling så framt partane samtykkjer til det og retten ser det som forsvarleg.

Staten ber kostnadene til dei tiltaka som er nemnde i første stykket nr. 1, 2, 3, 4, 5 og 7. Sakkunnig som vert oppnemnd etter første stykket skal godtgjerast etter lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse m.v. Dersom det skal oppnemnast ein advokat for barnet etter første stykket nr. 5, har barnet rett på fri sakførsel utan behovsprøving jf. rettshjelpsloven § 16 første ledd nr. 6. Departementet kan ved forskrift fastsetje reglar om godtgjering til andre som gjer teneste etter paragrafen her.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), endra med lover 15 apr 2005 nr. 17 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 15 apr 2005 nr. 339), 21 juni 2013 nr. 62 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 13 des 2013 nr. 1443.
§ 61 a.Fritak for teieplikt for barnevernstenesta

Barnevernstenesta kan uhindra av teieplikta etter barnevernloven § 6-7 gi opplysningar til domstolen i sak om foreldreansvar, kvar barnet skal bu fast og samvær.

0 Føyd til med lov 21 juni 2013 nr. 62 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 13 des 2013 nr. 1443.
§ 62.Anke over avgjerder under saksførebuinga

Rettens val av tiltak etter § 61 første stykket kan ikkje ankast. Unntak gjeld for avgjerd om å nekte å oppnemne sakkunnig etter § 61 første stykket nr. 3 og avgjerd om å nekte å innhente fråsegner som nemnd i § 61 første stykket nr. 6.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), endra med lov 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.
§ 63.Handsamingsmåten for krav om foreldreansvar etter dødsfall

Når den som får foreldreansvaret etter § 38 første stykket, ikkje budde saman med barnet, eller den av foreldra som får foreldreansvaret etter § 38 andre stykket, ikkje hadde foreldreansvaret da den andre døydde, kan andre innan seks månader etter dødsfallet reise sak med krav om å få foreldreansvaret og om å få bu fast saman med barnet. Retten kan ta førebels avgjerd etter § 60.

Der den attlevande er sikta, tiltala eller dømd for forsettleg eller overlagt å ha valda at den andre er død, kan andre alltid reise sak med krav om å få foreldreansvaret innan seks månader etter at siktinga eller tiltala er fråfallen eller dom i straffesaka er rettskraftig. Dersom den attlevande krev foreldreansvaret, skal retten berre gå med på kravet når dette klart er til beste for barnet. Retten tek førebels avgjerd etter § 60 a.

Retten skal avgjere spørsmålet i orskurd, som kan ankast. Retten skal til vanleg kalle inn til munnleg forhandling før det vert teke avgjerd. Det skal leggjast vekt på om den attlevande av foreldra ønskjer foreldreansvaret. Ingen kan få foreldreansvaret utan å oppfylle vilkåra i fjerde stykket.

Der ingen lenger har foreldreansvaret for eit barn, jf. § 38 tredje stykket, skal dei som ønskjer foreldreansvaret, vende seg til tingretten der barnet bur. Kjem det berre eitt krav om å få foreldreansvaret, skal retten gå med på kravet, utan når det er fare for at barnet ikkje vil få forsvarleg stell og fostring, eller det vil lide skade på annan måte. Avslag på eit krav om foreldreansvaret skal gjerast i orskurd, og kan ankast.

Før retten avgjer saka, skal dei næraste slektningane til barnet eller dei som barnet bur saman med, ha høve til å uttale seg. Retten kan sjå bort frå uttaleretten etter dette stykket når særlege grunnar gjer uttale uturvande. Barnet skal høyrast etter § 31.

Retten kan la ein person få foreldreansvaret aleine eller la gifte eller sambuande få det saman. Får nokon annan enn attlevande far, mor eller medmor foreldreansvaret, skal retten også avgjere om faren, mora eller medmora framleis skal ha del i foreldreansvaret. Har foreldra skriftleg gjeve uttrykk for kven dei ønskjer skal ha foreldreansvaret etter at dei er døde, bør det leggjast vekt på det.

Retten kan setje som vilkår for avgjerda at barnet i ei viss tid ikkje skal kunne flyttast frå heimen der det bur, dersom flyttinga kan vere uheldig for barnet, og det ikkje er rimeleg grunn til å flytte.

Dersom ingen har meldt seg eller retten gjev avslag på alle krav om foreldreansvaret, skal retten melde frå til barneverntenesta. Barneverntenesta skal plassere barnet etter reglane i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester § 4-14 og § 4-15 første stykket. §§ 4-16, 4-17, 4-18 første stykket og 4-20 gjeld tilsvarande.

Avgjerd etter paragrafen her kan innstemnast på ny for retten av den attlevande av foreldra og endrast dersom særlege grunnar talar for det. § 64 tredje stykket gjeld tilsvarande.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), jf. tidlegare § 36 og § 37, endra med lover 7 apr 2006 nr. 6 (ikr. 1 jan 2007, etter res. 7 apr 2006 nr. 392), 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).
§ 64.Endring av avtale eller avgjerd om foreldreansvaret o.l.

Foreldra kan gjere om avtale eller avgjerd om foreldreansvaret, om kven barnet skal bu hos fast og om samværsretten.

Vert foreldra ikkje samde, kan kvar av dei reise sak for retten, jf. § 56. Dom, rettsforlik og avtale med tvangskraft kan likevel berre endrast når særlege grunnar talar for det. Førebels avgjerd etter § 60 kan endrast på same vilkår av den domstolen som har hovudsaka. Førebels avgjerd etter § 60 a kan endrast på same vilkår av den domstolen som tok førebels avgjerd, og slik sak kan reisast av den attlevande eller andre.

Dersom det er openbert at det ikkje ligg føre slike særlege grunnar som nemnt i andre stykket, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), jf. tidlegare § 39, endra med lov 7 apr 2006 nr. 6 (ikr. 1 jan 2007, etter res. 7 apr 2006 nr. 392).
IV. Tvangsfullføring
0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 65.Tvangsfullføring

Om tvangsfullføring av avgjerd om foreldreansvaret eller kven barnet skal bu saman med, gjeld tvangsfullbyrdelsesloven kap. 13. Namsmannen skal likevel krevje inn tvangsbota. Innkrevjing skal berre skje når den som har retten, ber om det. Vedtak av fylkesmannen eller departementet er særleg tvangsgrunnlag. Førebels avgjerd etter § 60 er tvangskraftig enda om avgjerda ikkje er rettskraftig.

Avgjerd om samværsrett kan tvangsfullførast ved tvangsbot etter tvangsfullbyrdelsesloven kap. 13. Det skal ikkje fastsetjast tvangsbot dersom oppfyllinga av samværsretten er umogleg, mellom anna der det er ein risiko for at barnet blir utsett for vald eller på anna vis handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Tingretten kan fastsetje ei ståande tvangsbot som for ei viss tid skal gjelde for kvar gong samværsretten ikkje vert respektert. Vedtak av fylkesmannen eller departementet er særleg tvangsgrunnlag. Første stykket andre, tredje og femte punktum gjeld tilsvarande.

0 Føyd til med lov 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), jf. tidlegare § 42 og § 48, endra med lov 21 juni 2013 nr. 62 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 13 des 2013 nr. 1443.

Kapittel 8. Fostringsplikt.

0 Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra kapitteltal frå «7» (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 66.Foreldra sin skyldnad til å fostre barnet.

Foreldra skal bere utgiftene til forsyting og til utdanning av barnet etter evne og givnad og etter dei økonomiske kåra til foreldra, når barnet sjølv ikkje har midlar til det. Innbyrdes har begge foreldre skyldnad til å skyte til det som trengst etter evne.

Reglane om fostringsplikt for foreldra etter dette kapitlet gjeld tilsvarande for andre som har fått foreldreansvaret etter at begge foreldra er døde.

0 Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 51 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 67.Fostringstilskot.

Der ein eller begge foreldra ikkje bur saman med barnet, skal vedkomande betale faste pengetilskot til forsyting og utdanning. Også foreldre som bur saman med barnet, kan påleggjast å yte pengetilskot når dei forsømer fostringsplikta si etter § 66. Ingen kan gje avkall på den retten barnet har etter dette stykket.

Til særlege utlegg så lenge underhaldsplikta varer, kan foreldra påleggjast å yte særtilskot. Det er eit vilkår at utlegga er rimelege og naudsynte og ikkje går inn under dei utgiftene som det løpande fostringstilskotet skal dekke. Krav om særtilskot må setjast fram innan eit år etter at dei særlege utlegga kom på. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om særtilskot.

Det er barnet som har rett til tilskotet. Når ikkje noko anna er fastsett, skal det betalast på forskot for kvar månad til den barnet bur saman med fast. Tilskotet skal betalast frå og med den kalendermånaden kravet oppstår og ut den kalendermånaden vilkåra for tilskot fell bort.

0 Endra med lover 17 feb 1989 nr. 2, 19 juni 1992 nr. 63, 15 juni 2001 nr. 37 (ikr. 1 okt 2003, etter res. 31 jan 2003 nr. 78), 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 52 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 68.Kor lenge fostringsplikta varer.

Skyldnaden til foreldra etter §§ 66 og 67 varer til barnet er 18 år når ikkje anna er avtala eller fastsett etter paragrafen her.

Vil barnet etter fylte 18 år halde fram med slik skulegang som må reknast som vanleg, har det krav på pengetilskot for den tid skulegangen varer ved. Det skal fastsetjast ei tidgrense for krav på tilskot etter denne regelen.

Foreldra kan også påleggjast å yte tilskot til anna vidareutdanning dersom det er rimeleg etter interessene og givnaden til barnet, høvet til å skaffe seg midlar til vidareutdanninga på anna vis og tilhøva elles. Det skal fastsetjast ei tidgrense for krav på slike tilskot.

0 Endra med lov 15 juni 2001 nr. 37 (ikr. 1 okt 2003, etter res. 31 jan 2003 nr. 78), 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 53 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 69.Tilhøvet mellom reglane om fostringsplikt etter barnelova og barnevernloven

Fostringstilskot som er fastsette etter lova her fell bort frå det tidspunktet tilskot kan fastsetjast etter barnevernloven § 9-2.

0 Føyd til med lov 4 juni 1999 nr. 35 (ikr. 1 sep 1999, etter res. 4 juni 1999 nr. 863), endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 53 a (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 70.Korleis fostringstilskotet vert fastsett.

Foreldra kan gjere avtale om fostringstilskot til barnet.

Dersom dei ikkje vert samde, kan kvar av dei krevje at tilskotsfuten tek avgjerd om tilskotet. Dette kan dei gjere jamvel om dei opphavleg har gjort avtale om tilskotet, men slik at løpande tilskot berre skal endrast dersom reglane i lova vil medføre ei endring på meir enn 12 prosent. Departementet kan gje forskrift om gebyr der tilskotsfuten tek avgjerd om fastsetjing og endring av fostringstilskot.

Spørsmålet skal likevel avgjerast av domstolane

a) når nokon av foreldra bed om at det vert gjort i samband med ekteskapssak eller rettssak om foreldreansvar, om kven barnet skal bu saman med eller om samværsrett,
b) når tilskotsfuten viser partane til domstolane, fordi det er meir tenleg etter den karakter saka har.

Når det gjeld tilskot etter § 68 andre og tredje stykket til barn som har fylt 18 år, er det barnet sjølv som gjer avtale eller er part i saka.

Dersom foreldra ikkje lever saman når barnet vert født, og dei ikkje har gjort avtale om tilskotet, skal tilskotsfuten av eige tiltak fastsetje fostringstilskot til barnet.

Får den tilskotspliktige forsytartillegg frå Forsvaret i samband med avtening av førstegangsteneste eller sivilteneste, eller har rett til anna yting frå det offentlege der barnetillegg er ein del av stønaden, kan tilskotsfuten av eige tiltak fastsetje fostringstilskot til barnet for den tida slikt tillegg vert utbetalt.

Foreldra har plikt til å opplyse det organet som skal handsame fastsetjinga av tilskotet, om kva arbeid, utdanning, inntekt og formue dei har, og elles om alt anna som kan ha noko å seie for fastsetjinga av fostringstilskotet. For å fastsetje tilskotet kan organet utan omsyn til teieplikta krevje dei opplysningane som trengst frå arbeidsgjevarar, likningsstell, arbeids- og velferdsetaten og forsikringsselskap, bankar og andre som forvarer eller forvaltar formueverdiar.

0 Endra med lover 8 juni 1984 nr. 62, 3 mars 1989 nr. 8, 15 des 1989 nr. 90, 15 juni 1990 nr. 34, 16 juni 1994 nr. 21, 15 juni 2001 nr. 37 (ikr. 1 jan 2002, etter res. 15 juni 2001 nr. 640), 15 juni 2001 nr. 37 (ikr. 1 okt 2003, etter res. 31 jan 2003 nr. 78), 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 54 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 12 des 2008 nr. 85 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 12 des 2008 nr. 1354), 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).
§ 71.Offentleg utmåling av fostringstilskot

Tilskotsfuten skal fastsetje tilskotet slik at fastsette utlegg til forsyting av barnet etter barnet sin alder (underhaldskostnadene) vert delte mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira. Tilskotet skal likevel ikkje fastsetjast til eit høgare tilskot enn at tilskotspliktige har att fastsette midlar til eige underhald mv. (bidragsevnevurderinga). Tilskotet skal som hovudregel reduserast for munnleg eller skriftleg avtalt eller offentleg fastsett samvær. Har foreldra avtala delt bustad etter lova § 36, gjeld særskilte reglar.

Tilskotsfuten skal av eige tiltak regulere fostringstilskotet når barnet går over til ei ny aldersgruppe om ikkje anna er fastsett i forskrift etter tredje ledd.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om utmåling av fostringstilskot etter lova her.

0 Føyd til med lov 15 juni 2001 nr. 37 (ikr. 1 okt 2003, etter res. 31 jan 2003 nr. 78), endra med lover 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 54 a (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 12 des 2008 nr. 85 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 12 des 2008 nr. 1354).
§ 72.Fastsetjing av tilskot for tid som har gått.

Det kan fastsetjast fostringstilskot også for tid som har gått, men likevel ikkje for lengre tid enn tre år før kravet vart sett fram for avgjerdsorganet. Skal fastsetjing skje for meir enn eitt år attende, er det eit vilkår at parten har hatt særleg grunn for forseininga med å setje fram kravet.

0 Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 55 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 73. Indeksregulering av fostringstilskot.

Alle faste fostringstilskot til barn skal indeksregulerast etter reglane i denne paragrafen dersom ikkje anna er fastsett i avgjerda eller avtalen.

Indeksreguleringa gjeld også for beløpet som er fastset etter lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven) § 5 første stykket.

Reguleringa er knytta til endringane i konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå. Tilskota skal regulerast kvart år ut i frå endringa i konsumprisindeksen for januar månad i høve til indeksen ved førre regulering. Kvar regulering gjeld berre for tilskotsterminar som forfell i juni eller seinare.

Tilskota skal regulerast med den prosentsats som konsumprisindeksen er endra med, rekna ut på næraste tidel. Tilskotssummen vert avrunda til næraste heile ti kroner.

Tilskotsfuten reknar om tilskot som skal krevjast inn etter lova om innkrevjing av fostringstilskot.

Departementet kan gje forskrifter om gjennomføring og utfylling av reglane i paragrafen her.

0 Endra med lover 15 des 1989 nr. 90, 17 jan 1992 nr. 7, 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 56 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 74.Særskilt endring av fastsett tilskot.

Tilskot som er fastsett av administrativt organ eller domstol, kan krevjast endra dersom særlege grunnar talar for det. Departementet kan i forskrift gje utfyllande reglar om slik endring.

Også tilskot som er eller skulle ha vore betalt då kravet om endring vart framsett, kan setjast ned, setjast opp eller ettergjevast dersom sterke grunnar talar for det. Departementet kan i forskrift gje utfyllande reglar om ettergjeving av slik gjeld. Reglane i § 72 andre punktum gjeld tilsvarande.

Vert det teke avgjerd om å setje ned tilskot som alt skulle vere betalt, skal private og offentlege krav i tilskotet for perioden som endringa gjeld, fastsetjast på nytt under omsyn til den nye tilskotssatsen.

Reglane i § 70 andre og tredje stykket gjeld tilsvarande om kven det høyrer under å ta avgjerd om særskilt endring.

Reglane i § 70 sjette stykket om at tilskotsfuten kan fastsetje fostringstilskot av eige tiltak gjeld tilsvarande ved endring av tilskot.

0 Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 19 juni 1992 nr. 63, 17 des 1993 nr. 130 (ikr. 1 jan 1994), 16 juni 1994 nr. 21 (sjå avsnitt V i den lova), 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 57 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 75.Tilhøvet mellom avgjerdsorgan og påstandar frå partane.

I klagesaker og i saker om endring av tilskot etter § 74 kan avgjerdsorganet gå utanfor det partane gjer påstand om. Avgjerdsorganet kan også endre andre tilskot etter barnelova og forsytingstilskot til ektemake endå om ingen av partane krev det.

Der tilskotspliktige med fleire barn ikkje har full tilskotsevne eller samla tilskotsplikt er høgare enn ein viss prosent av inntekta eller oppfostringstilskot er fastsett etter lov 17. juli 1992 nr. 100 § 9-2, kan avgjerdsorganet av eige tiltak foreta samla forholdsmessig fastsetjing av tilskota til barna. Dette gjeld i alle typar saker der det kjem minst eitt krav om førstegongsfastsetjing, klage eller endring eller der tilskotsfuten av eige tiltak kan ta opp eit krav. Regelen gjeld uavhengig av om tilskotspliktige har barn med same tilskotsmottakar eller fleire tilskotsmottakarar. Lova §§ 70 andre stykket og 74 første stykket gjeld tilsvarande. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om samla forholdsmessig fastsetjing av tilskot.

0 Endra med lover 15 juni 2001 nr. 37 (ikr. 1 okt 2003, etter res. 31 jan 2003 nr. 78), 15 juni 2001 nr. 37 (ikr. 1 okt 2003, etter res. 31 jan 2003 nr. 78) som endra med lov 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003, etter res. 20 juni 2003 nr. 712), 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 58 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 12 des 2008 nr. 85 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 12 des 2008 nr. 1354).
§ 76.Førebels avgjerd i tilskotssaker.

Tilskotsfuten kan utan opphald fatsetje eit førebels tilskot. Hastar det, kan slik avgjerd takast utan at motparten får seie si meining.

Tilskotsfuten kan etter krav ta førebels avgjerd om å setje ned tilskot utan at motparten får seie si meining. Dette gjeld dersom tilskotsfuten finn det klårt at vilkåra for det er til stades.

Førebels avgjerd etter første og andre stykket gjeld frå og med den månaden kravet om fastsetjing eller endring vart sett fram. Slik avgjerd kan fullførast straks om ikkje anna er fastsett, og gjeld berre til det ligg føre ei endeleg avgjerd i saka.

Når tilskotssaka skal avgjerast av retten, gjeld paragrafen her på tilsvarande måte. Førebels tilskot skal fastsetjast av retten i orskurd.

0 Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 17 des 1993 nr. 130 (ikr. 1 jan 1994), 15 juni 2001 nr. 37 (ikr. 1 okt 2003, etter res. 31 jan 2003 nr. 78), 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 59 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 77.Klage

Avgjerd om fostringstilskot til barn fastsett av tilskotsfuten kan klagast inn for næraste overordna organ eller det organ som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer. Klageretten gjeld ikkje avgjerd som berre gjeld regulering ved overgang til ny aldersgruppe etter § 71 andre stykket.

0 Føyd til med lov 3 mars 1989 nr. 8, endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 59 a (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631), 12 des 2008 nr. 85 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 12 des 2008 nr. 1354).
§ 78. Gjennomføring av avgjerder om tilskot og gebyr. Tvangsgrunnlag.

Fostringstilskot krevjast inn av Innkrevjingssentralen for fostringstilskot etter reglane i bidragsinnkrevjingslova.

Avgjerd i tilskotssak er tvangsgrunnlag for utlegg. Avgjerda har rettsverknader og kan fullførast før ho er endeleg, om ikkje anna er fastsett. Oppfyllingsfristen er tre dagar, om ikkje annan frist er fastsett.

Ei skriftleg avtale om tilskot er tvangsgrunnlag for utlegg når tilskot etter avtala vert kravd inn etter reglane i bidragsinnkrevjingslova. Det same gjeld ei avgjerd om gebyr som nemnd i § 70 andre stykket.

Vert tilskot som er gjort opp, sett ned etter § 74 eller § 76, kan den tilskotspliktige krevje at Innkrevjingssentralen for fostringstilskot gjer frådrag i pålagt lønnstrekk m.m. på den måten og for dei terminane som sentralen finn rimeleg.

0 Endra med lover 19 juni 1992 nr. 63, 26 juni 1992 nr. 86, 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 60 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), 29 apr 2005 nr. 20 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 16 des 2005 nr. 1562), 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 31 aug 2013, etter res. 9 aug 2013 nr. 971).
§ 79.Forskot på tilskot.

Om utbetaling av forskot på tilskot gjeld reglane i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven).

0 Endra med lover 15 des 1989 nr. 90, 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 61 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 80.Tilbakesøking av fostringstilskotet når farskapen vert endra

Vert nokon som har betalt pålagt eller avtala fostringstilskot til eit barn, seinare friteken for farskapen til barnet, kan han krevje summen betalt attende frå folketrygda. Summen skal indeksregulerast i samsvar med konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå frå tilskotet vart betalt, og til det vert betalt attende. Ei indeksregulering skal likevel først gjerast etter at det er teke omsyn til frådraga den frikjende faren tidlegare har fått i likninga si for betalt tilskot. Fordelen av det tidlegare frådraget i likninga skal setjast til 20 prosent. Kravet kan setjast ned eller falle bort dersom det er klart at han ikkje hadde rimeleg grunn til å vedgå eller erklære farskapen, eller at han burde ha reist sak til endring tidlegare.

Ein mann som er pålagd fostringsplikt, men ikkje farskap, kan krevje pengane betalte attende frå folketrygda dersom ein DNA-analyse viser at han ikkje kan vere far til barnet. Første stykket gjeld tilsvarande så langt det passar.

Den som vert friteken for farskapen, kan ikkje søkje pengane attende frå barnet sjølv, frå mora eller frå den verkelege faren til barnet.

Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om tilbakesøking av fostringstilskot etter lova her.

0 Endra med lover 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), endra paragrafnummeret frå § 62, 7 apr 2006 nr. 6 (ikr. 1 jan 2007, etter res. 7 apr 2006 nr. 392), 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).

Kapittel 9. Om bruken av barnelova når nokon av partane har tilknytning til utlandet.

0 Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra kapittelnummer frå «8» (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 81.Når farskap eller medmorskap kan fastsetjast i Noreg

Farskap og medmorskap kan fastsetjast i Noreg etter § 4, § 7 og kapitla 3 og 4

a) dersom mora var busett i Noreg då barnet vart født,
b) dersom barnet seinare har busett seg i Noreg, eller
c) dersom den oppgjevne faren eller medmora er busett i Noreg.

Endringssak etter § 6 kan reisast for norske domstolar, om nokon av dei som kan reise søksmål, er busett i Noreg, eller farskapen er fastsett etter norske reglar.

0 Endra med lover 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), endra paragrafnummeret frå § 63, 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745), 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 31 aug 2013, etter res. 9 aug 2013 nr. 971).
§ 81 a.Når sak om morskap kan handsamast av norsk doms- eller styresmakt

Ei sak om morskap kan handsamast etter kapittel 4A og § 5 tredje stykket

a) dersom barnet er busett i Noreg,
b) dersom mora var busett i Noreg då barnet vart født, eller
c) dersom mora seinare har busett seg i Noreg.
0 Føyd til med lov 21 juni 2013 nr. 64 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 21 juni 2013 nr. 703).
§ 82.Når sak om foreldreansvar eller samværsrett kan handsamast av norsk doms- eller styresmakt.

Sak om foreldreansvar, om kven barnet skal bu saman med eller om samværsrett kan reisast for norsk domstol eller handsamast av fylkesmannen

a) dersom den kravet rettar seg mot er busett i Noreg
b) dersom barnet er busett i Noreg, eller
c) dersom spørsmål om foreldreansvar eller samværsrett tidlegare er avgjort i Noreg, med mindre det er høve til å få spørsmålet avgjort i utlandet og avgjerdsorganet meiner at saka bør avgjerast der.

Sak om førebels avgjerd kan handsamast av norsk domstol i alle tilfelle der barnet eller saksøkte har opphald i Noreg.

0 Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 64 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 83.Når sak om fostringstilskot kan handsamast av norsk doms- eller styresmakt.

Spørsmålet om fostringstilskot kan handsamast av tilskotsfuten eller norsk domstol

a) når det vert reist i sak om farskap, medmorskap, foreldreansvar eller samværsrett for avgjerdsført norsk organ
b) dersom ein av partane eller barnet er busett i Noreg.
0 Endra med lover 3 mars 1989 nr. 8, 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004 etter res. 20 juni 2003 nr. 728), endra paragrafnummeret frå § 65, 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).
§ 83 a.Henting og utlevering av opplysningar etter avtale med framand stat

Når avtaler med framand stat med heimel i § 85 andre stykket i lova her eller i bidragsinnkrevingsloven § 2 har reglar om utveksling av informasjon, kan Arbeids- og velferdsetaten utan hinder av teieplikt gi andre medlemsland opplysningar om identitet, adresse eller inntekts- og formuestilhøve for partane i ei bidragssak, eventuelt etter at opplysningane er henta etter § 10 andre stykket i lova her eller etter bidragsinnkrevingsloven kapittel 3.

0 Tilføyd ved lov 18 juni 2010 nr. 23.
§ 83 b.Godkjenning av private avtaler for innkrevjing i utlandet

Når ein part med heimel i ei avtale med framand stat ber om innkrevjing av ei avtale om tilskot etter § 70 første stykket, skal avtala sendast Arbeids- og velferdsetatens innkrevingssentral for godkjenning. Sentralen skal kontrollere at vilkåra for innkrevjing av avtala etter norske reglar er oppfylte. Om vilkåra er oppfylte, skal sentralen godkjenne avtala og gi skriftleg fråsegn om at avtala er godkjent og tvangskraftig i Noreg.

0 Tilføyd ved lov 18 juni 2010 nr. 23.
§ 84.Lovvalet.

Saker som høyrer under norsk avgjerdsmakt etter §§ 81-83 skal avgjerast etter norsk rett.

0 Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 66 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 85.Godkjenning av farskap eller medmorskap fastsett i utlandet

Fylgjer farskapen eller medmorskapen til eit barn beinveges av utanlandsk lov som skal nyttast etter rettsreglane i vedkomande land, skal dette leggjast til grunn i Noreg, så lenge anna ikkje er fastsett etter §§ 6 og 7.

Kongen kan i forskrift eller for det einskilde tilfelle avgjere at farskap eller medmorskap som på annan måte er fastsett etter utanlandsk lov, skal leggjast til grunn i Noreg. Det same kan fastsetjast i avtale med framand stat.

0 Endra med lover 20 juni 2003 nr. 40 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728), endra paragrafnummeret frå § 67, 27 juni 2008 nr. 53 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 27 juni 2008 nr. 745).

Kapittel 10. Avsluttande føresegner.

0 Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra kapittelnummer frå «9» (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 86.Gjennomføringsforskrifter.

Kongen kan gje dei forskrifter som trengst til gjennomføring av lova.

0 Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 68 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 87.Ikraftsetjing.

Lova her tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

0 Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 69 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 88.Kva lova har å seie for barn som er født før lova tek til å gjelde.

Lova gjeld også barn som er født før lova tek til å gjelde. Frå dette er gjort fylgjande unntak:

a) Farskap som fylgjer av eller er fastsett etter tidlegare lovgjeving, skal framleis leggjast til grunn til noko anna vert fastsett etter lova her.
b) Avtale eller avgjerd om foreldreansvar, samværsrett eller fostringsplikt frå tida før lova tek til å gjelde, står framleis ved makt til den i tilfelle vert endra etter lova her. Samværsrett direkte etter § 42 andre stykket første punktum gjeld ikkje når foreldra har skilt lag før lova tek til å gjelde.

- - -

0 Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 70 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).
§ 89.Endringar i andre lover.

Frå den tid lova tek til å gjelde, vert gjort slike brigde i andre lover: - - -

0 Endra med lov 20 juni 2003 nr. 40, endra paragrafnummeret frå § 71 (ikr. 1 apr 2004, etter res. 20 juni 2003 nr. 728).