Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

DatoLOV-1998-07-17-61
DepartementKunnskapsdepartementet
Sist endretLOV-2014-06-20-54 fra 01.08.2014
Publisert
Ikrafttredelse27.11.1998, 01.08.1999, skoleåret 1999/2000
Endrer
Kunngjort
KorttittelOpplæringslova - oppll.

Kapitteloversikt:

Jf. lov 4 juli 2003 nr. 84. Jf. tidlegare forordning 23 jan 1739, plakat 5 mai 1741, lover 1 juli 1816 §§ 1 og 2, 14 juli 1827, 26 aug 1854, 16 mai 1860, 22 mai 1869, 22 mai 1869, 31 mai 1873, 19 juni 1878 nr. 2, 8 juni 1881 nr. 2 og 26 juni 1889 nr. 1 med tilleggslover 21 mars 1891, 6 juli 1892 nr. 1, 21 juli 1894 nr. 3, 9 mai 1896 nr. 1, 11 juni 1898 nr. 2, 31 mai 1900 nr. 1, 27 mars 1905, 15 aug 1908 nr. 3, 18 sep 1909 nr. 1, 2 juli 1910 nr. 2, 13 aug 1915 nr. 1, 19 mai 1917 nr. 1, 5 des 1917 nr. 2, 5 juli 1918 nr. 1, 25 feb 1921 nr. 1, 21 juli 1922 nr. 1, 1 aug 1924 nr. 1, 13 mai 1927 nr. 1, 1 juli 1927 nr. 5, 13 apr 1928 nr. 1, 29 apr 1932 nr. 1 og 21 juni 1935 nr. 5, 16 juli 1936 nr. 8 og 16 juli 1936 nr. 9 med tilleggslover 17 juni 1937 nr. 5, 8 nov 1946 nr. 1 § 25, 23 mai 1947 nr. 1, 4 juli 1947 nr. 1, 13 des 1948 nr. 2, 15 des 1950 nr. 8 § 14, 23 nov 1951 nr. 2 § 24, 17 juli 1953 nr. 14, 30 juni 1955 nr. 3, 14 des 1956 nr. 1, 28 juni 1957 nr. 6, lover 10 apr 1959 nr. 1, 13 juni 1969 nr. 24, 21 juni 1974 nr. 55.

Kapittel 1. Formål, verkeområde og tilpassa opplæring m.m.

0 Overskrifta endra med lov 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008, etter res. 20 juni 2008 nr. 621).
§ 1-1. Formålet med opplæringa

Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring.

Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som òg kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.

Opplæringa skal bidra til å utvide kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og vår felles internasjonale kulturtradisjon.

Opplæringa skal gi innsikt i kulturelt mangfald og vise respekt for den einskilde si overtyding. Ho skal fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.

Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong.

Elevane og lærlingane skal lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.

Skolen og lærebedrifta skal møte elevane og lærlingane med tillit, respekt og krav og gi dei utfordringar som fremjar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast.

0 Endra med lover 17 sep 1999 nr. 74 (ikr. 17 sep 1999, etter res. 17 sep 1999 nr. 1011), 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 4 juli 2003 nr. 84 (ikr. 1 okt 2003), 19 des 2008 nr. 118 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 19 des 2008 nr. 1424).
§ 1-2.Verkeområdet for lova

Lova gjeld grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i offentlege skolar og lærebedrifter dersom ikkje noko anna er særskilt fastsett.

Lova gjeld også for grunnskoleopplæring i private grunnskolar som ikkje får statstilskott etter privatskolelova, og for privat heimeopplæring i grunnskolen.

For opplæring som er spesielt organisert for vaksne, og som kommunen eller fylkeskommunen har ansvaret for, gjeld kapittel 4A.

Etter søknad frå fylkeskommunen kan departementet gi løyve til at fylkeskommunen kan stå ansvarleg for vidaregåande opplæring i utlandet som har som formål at elevane skal få norsk vitnemål ved fullført og bestått opplæring. Opplæringslova gjeld for opplæringa. Så langt det er forsvarleg og nødvendig, kan departementet likevel gjere unntak frå føresegner i lova og forskrifter til lova. Departementet kan endre vilkåra når tilhøva tilseier det, og kan om nødvendig også kalle tilbake det løyvet som er gitt.

0 Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008, etter res. 20 juni 2008 nr. 621), 19 des 2008 nr. 118 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 19 des 2008 nr. 1424), 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011, etter res. 24 juni 2011 nr. 639).
§ 1-3.Tilpassa opplæring og tidleg innsats

Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten.

På 1. til 4. årstrinn skal kommunen sørgje for at den tilpassa opplæringa i norsk eller samisk og matematikk mellom anna inneber særleg høg lærartettleik, og er særleg retta mot elevar med svak dugleik i lesing og rekning.

0 Føyd til med lov 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008, etter res. 20 juni 2008 nr. 621), tidlegare § 1-3 vart ny § 1-5, endra med lov 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009, etter res. 19 juni 2009 nr. 675).
§ 1-4.Forsøksverksemd

Departementet kan etter søknad frå kommunen eller fylkeskommunen gi løyve til at det blir gjort avvik frå lova og forskriftene etter lova i samband med tidsavgrensa pedagogiske eller organisatoriske forsøk.

§ 1-5. Forskrifter

Kongen i statsråd kan gi forskrifter for å fylle ut dei overordna måla og prinsippa for opplæringa.

0 Endra med lov 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008, etter res. 20 juni 2008 nr. 621), endra paragrafnummer frå § 1-3.

Kapittel 2. Grunnskolen

§ 2-1.Rett og plikt til grunnskoleopplæring

Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til ein offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter. Plikten kan ivaretakast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring.

Retten til grunnskoleopplæring gjeld når det er sannsynleg at barnet skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Plikta til grunnskoleopplæring byrjar når opphaldet har vart i tre månader. Departementet kan i særlege tilfelle frita elevar frå denne plikta.

Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte i skolen, har barnet rett til å utsetje skolestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkynnig vurdering la eit barn ta til på skolen eitt år før når det innan 1. april har fylt 5 år.

Retten og plikta til opplæring varer til eleven har fullført det tiande skoleåret. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykkje frå foreldra kan kommunen heilt eller delvis vedta å frita ein elev for opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det.

Dersom ein elev utan å ha rett til det har fråvære frå den pliktige opplæringa, kan foreldra eller andre som har omsorg for eleven, straffast med bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla forsettleg eller aktlaust. Offentleg påtale blir ikkje reist utan når kommunen set fram krav om slik påtale.

0 Endra med lov 31 jan 2003 nr. 10.
§ 2-2. Omfanget av grunnskoleopplæringa i tid

Departementet gir forskrifter om samla tid til opplæring i grunnskolen.

Kommunen kan gi forskrifter om undervisningstid ut over timerammene i forskriftene etter første leddet. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

Opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skoleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skoleåret.

Kommunen gir forskrifter om skole- og feriedagar i skoleåret for elevane. Forskrifta skal vere tilpassa avviklinga av nasjonale prøver. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

Departementet kan gi forskrifter om rammer for dagleg skoletid og om pausar for elevane.

§ 2-3. Innhald og vurdering i grunnskoleopplæringa

Grunnskoleopplæringa skal omfatte religion, livssyn og etikk, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk og sosial opplæring. Ein del av undervisningstida etter § 2-2 kan brukast til fag og aktivitetar som skolen og elevane vel, til leirskoleopplæring og til opplæring på andre skolar eller på ein arbeidsplass utanfor skolen. Kommunane avgjer sjølv korleis timar ut over minstetimetalet gitt i forskrifter etter § 2-2 skal brukast.

Grunnskolen er delt i eit barnetrinn og eit ungdomstrinn. Barnetrinnet omfattar 1.-7. årstrinn og ungdomstrinnet omfattar 8.-10. årstrinn.

Departementet gir forskrifter om fag, om mål for opplæringa, om omfanget av opplæringa i faga og om gjennomføringa av opplæringa. Departementet gir forskrifter om aktivitetar som ikkje er opplæring i fag. Departementet gir forskrifter om vurdering av elevar og privatistar og om klage på vurderinga, om eksamen og om dokumentasjon.

Elevane skal vere aktivt med i opplæringa. Undervisningspersonalet skal tilretteleggje og gjennomføre opplæringa i samsvar med læreplanar gitt etter lova her. Rektor skal organisere skolen i samsvar med første leddet og forskrifter etter tredje leddet og i samsvar med § 1-1 og forskrifter etter § 1-5.

Etter søknad frå kommunen kan departementet gi ein skole løyve til avvik frå første leddet og frå forskrifter om læreplanar dersom kravet til opplæringa samla ikkje blir mindre. Før slikt løyve blir gitt, må det liggje føre fråsegn frå samarbeidsutvalet.

0 Endra med lover 17 sep 1999 nr. 74 (ikr. 17 sep 1999, etter res. 17 sep 1999 nr. 1011), 12 apr 2002 nr. 10 (ikr. 1 aug 2002, etter res. 12 apr 2002 nr. 349), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660), 27 juni 2008 nr. 70 (ikr. 1 aug 2008, etter res. 27 juni 2008 nr. 724), 19 des 2008 nr. 118 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 19 des 2008 nr. 1424), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009, etter res. 19 juni 2009 nr. 675).
§ 2-3 a.Fritak frå aktivitetar m.m. i opplæringa

Skolen skal vise respekt for elevane og foreldra sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring.

Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delar av undervisninga ved den enkelte skolen som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutning til eit anna livssyn, eller som dei på same grunnlag opplever som støytande eller krenkjande. Det er ikkje nødvendig å grunngi melding om fritak etter første punktum.

Det kan ikkje krevjast fritak frå opplæring om kunnskapsinnhaldet i dei ulike emna i læreplanen. Dersom skolen på eit slikt grunnlag ikkje godtek ei melding om fritak, må skolen behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova.

Skolen skal ved melding om fritak sjå til at fritaket blir gjennomført, og leggje til rette for tilpassa opplæring innanfor læreplanen.

Skoleeigaren skal årleg informere elevane og foreldra til elevar under 15 år om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa.

Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding som nemnt i første ledd. 1

0 Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 106 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 661), endra med lov 27 juni 2008 nr. 70 (ikr. 1 aug 2008, etter res. 27 juni 2008 nr. 724).
1 Sjå no andre ledd.
§ 2-4. Undervisninga i faget religion, livssyn og etikk

Religion, livssyn og etikk er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.

Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal gi kjennskap til kristendommen, andre verdsreligionar og livssyn, kjennskap til kva kristendommen har å seie som kulturarv og til etiske og filosofiske emne.

Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal bidra til forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.

Undervisninga i religion, livssyn og etikk skal presentere ulike verdsreligionar og livssyn på ein objektiv, kritisk og pluralistisk måte. Dei same pedagogiske prinsippa skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emna.

0 Endra med lover 12 apr 2002 nr. 10 (ikr. 1 aug 2002, etter res. 12 apr 2002 nr. 349), 17 juni 2005 nr. 106 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 661), 27 juni 2008 nr. 70 (ikr. 1 aug 2008, etter res. 27 juni 2008 nr. 724).
§ 2-5.Målformer i grunnskolen

Kommunen gir forskrifter om kva målform som skal vere hovudmål i dei enkelte skolane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke.

I den munnlege opplæringa avgjer elevane og undervisningspersonalet sjølve kva for talemål dei vil bruke. Undervisningspersonalet og skoleleiinga skal likevel i størst mogleg grad ta omsyn til talemålet til elevane i ordval og uttrykksmåtar.

Foreldra vel målform i lærebøkene til elevane til og med 7. årstrinnet. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv. I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på hovudmålet.

Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa. Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skole tilbodet skal givast ved.

Elevar som blir overførte til ein ny skole med eit anna hovudmål enn det dei har hatt på årstrinna 1-4, har framleis rett til skriftleg opplæring på det opphavlege hovudmålet. Dei har rett til norskundervisning i eiga gruppe, uavhengig av kor mange dei er.

Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i begge målformer. Departementet kan gi forskrifter om fritak frå opplæring i sidemålet for elevar som får særleg språkopplæring.

I samband med skifte av hovudmål eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgjevande røysting. Røysterett har alle som bur i det området i kommunen som soknar til skolen, jf. § 8-1, og som har røysterett etter valgloven § 2-2. Røysterett i høve til skriftleg opplæring har dessutan foreldre eller forsytar til barn på barnesteget ved skolen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

0 Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 aug 2003, etter res. 27 juni 2003 nr. 774), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660), 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008, etter res. 20 juni 2008 nr. 621).
§ 2-6.Teiknspråkopplæring i grunnskolen

Elevar som har teiknspråk som førstespråk eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, har rett til grunnskoleopplæring i og på teiknspråk. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa fastsetjast i forskrifter etter § 2-2 og § 2-3 i denne lova.

Kommunen kan bestemme at opplæringa i og på teiknspråk skal givast på ein annan stad enn den skolen eleven soknar til.

Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for teiknspråkopplæring, har rett til slik opplæring. Departementet gir nærmare forskrifter.

Før kommunen gjer vedtak etter første og tredje leddet, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering.

0 Endra med lover 17 sep 1999 nr. 74 (ikr. 17 sep 1999, etter res. 17 sep 1999 nr. 1011), 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008, etter res. 20 juni 2008 nr. 621).
§ 2-7.Finskopplæring for elevar med kvensk-finsk bakgrunn

Når minst tre elevar med kvensk-finsk bakgrunn ved grunnskolar i Troms og Finnmark krev det, har elevane rett til opplæring i finsk. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa fastsetjast i forskrifter etter § 2-2 og § 2-3 i denne lova. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv om dei vil ha opplæring i finsk.

Departementet kan gi forskrifter om alternative former for opplæring etter første leddet når opplæringa ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale på skolen.

0 Endra med lov 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660).
§ 2-8.Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar

Elevar i grunnskolen med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar.

Morsmålsopplæringa kan leggjast til annan skole enn den eleven til vanleg går ved.

Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal kommunen så langt mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.

Kommunen skal kartleggje kva dugleik elevane har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal også utførast undervegs i opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring etter føresegna, som grunnlag for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

Kommunen kan organisere særskilt opplæringstilbod for nykomne elevar i eigne grupper, klassar eller skolar. Dersom heile eller delar av opplæringa skal skje i slik gruppe, klasse eller skole, må dette fastsetjast i vedtaket om særskild språkopplæring. Vedtak om slik opplæring i særskilt organisert tilbod kan berre gjerast dersom dette er rekna for å vere til beste for eleven. Opplæring i særskilt organisert tilbod kan vare inntil to år. Vedtak kan berre gjerast for eitt år om gongen. I vedtaket kan det for denne perioden gjerast avvik frå læreplanverket for den aktuelle eleven i den utstrekning dette er nødvendig for å vareta eleven sitt behov. Vedtak etter dette leddet krev samtykkje frå elev eller føresette.

0 Endra med lover 4 juli 2003 nr. 84 (ikr. 1 okt 2003), 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004, etter res. 2 juli 2004 nr. 1064), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009, etter res. 19 juni 2009 nr. 675), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 aug 2012, etter res. 22 juni 2012 nr. 582).
§ 2-9. Ordensreglement og liknande

Kommunen skal gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte grunnskolen. Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om åtferd, reglar om kva tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet og reglar om framgangsmåten når slike saker skal behandlast.

Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast.

Før det blir teke avgjerd om refsing, blant anna om bortvising, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.

§ 2-10. Bortvising

Kommunen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar på årstrinna 8-10 som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga i inntil tre dagar, og at elevar på årstrinna 1-7 kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av dagen.

Rektor sjølv vedtek bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Før det blir gjort vedtak, skal ein ha vurdert å bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak. Foreldra til elevar på årstrinna 1-7 skal varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen.

Med mindre kommunen fastset noko anna, kan rektor bestemme at lærarane skal ha mynde til å ta avgjerd om bortvising frå eiga undervisning for ei opplæringsøkt, avgrensa til to klokketimar.

0 Endra med lover 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660), 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010, etter res. 25 juni 2010 nr. 982).
§ 2-11. Permisjon frå den pliktige opplæringa

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

§ 2-12. Private grunnskolar

Private grunnskolar må ha godkjenning av departementet. Det skal givast godkjenning når skolen oppfyller krava i andre og tredje leddet. Den som driv privat grunnskole utan godkjenning, kan straffast med bøter.

§§ 1-1, 1-3, 2-3, 2-3 a og 2-4 i lova med forskrifter gjeld for innhaldet og for vurdering i privat grunnskole så langt reglane ikkje kjem i strid med Noregs folkerettslege plikter.

For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-9, 2-10, 2-11, 8-2, 9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, 9-6, kapittel 9a, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a, 10-9, 11-1, 11-2, 11-3, 1 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-7a, 13-10, 14-4, 15-3 og 15-4.

Departementet kan gjere unntak frå krava i andre og tredje leddet for utanlandske og internasjonale grunnskolar i Noreg.

Departementet kan gi forskrift om sakshandsamingsreglar til utfylling av reglane i tjenesteloven om godkjenning av private grunnskolar etter føresegna her, medrekna sakshandsamingsfrist og rettsverknader av fristoverskriding. Unntak frå tjenesteloven § 11 annet ledd kan berre gjerast når det er grunngitt med tvingande allmenne omsyn, medrekna omsynet til barn og unge under opplæring. Sakshandsamingsreglane kan vike av frå reglane i forvaltningslova.

0 Endra med lover 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735), 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 aug 2003, etter res. 27 juni 2003 nr. 774), 17 juni 2005 nr. 106 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 661), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758), 19 des 2008 nr. 118 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 19 des 2008 nr. 1424), 19 juni 2009 nr. 103 (ikr. 28 des 2009, etter res. 19 juni 2009 nr. 672), 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010, etter res. 25 juni 2010 nr. 982), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 22 juni 2012 nr. 582), 20 juni 2014 nr. 54 (ikr. 1 aug 2014, etter res. 20 juni 2014 nr. 842).
1 § 11-3 er opphevd med lov 27 juni 2003 nr. 69.
§ 2-13.Bruk av lova for privat opplæring i heimen

§§ 1-1, 1-3, 2-3 og 2-4 i lova med forskrifter gjeld for innhaldet i privat grunnskoleopplæring i heimen så langt reglane ikkje kjem i strid med Noregs folkerettslege plikter.

0 Endra med lov 19 des 2008 nr. 118 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 19 des 2008 nr. 1424).
§ 2-14.Punktskriftopplæring m.m.

Sterkt svaksynte og blinde elevar har rett til nødvendig opplæring i punktskrift og opplæring i bruk av nødvendige tekniske hjelpemiddel. Elevane har også rett til nødvendig opplæring i å ta seg fram på skolen, til og frå skolen og i heimemiljøet. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa blir fastsett i forskrift etter § 2-2 og § 2-3 i denne lova. Før det blir gjort vedtak om slik opplæring, skal det liggje føre sakkunnig vurdering.

0 Føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645).
§ 2-15.Rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring

Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa.

0 Føyd til med lov 31 jan 2003 nr. 10.
§ 2-16.Opplæring av elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.

Når ein elev ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har eleven rett til spesialundervisning etter reglane i kapittel 5. Dette inkluderer nødvendig opplæring i å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon.

0 Føyd til med lov 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 aug 2012, etter res. 22 juni 2012 nr. 582).

Kapittel 3. Vidaregåande opplæring

§ 3-1.Rett til vidaregåande opplæring for ungdom

Ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring. I fag der læreplanen føreset lengre opplæringstid enn tre år, har ungdommen rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen. Ungdom som har fylt 15 år, søkjer sjølv om inntak til den vidaregåande opplæringa.

Elevar, lærlingar og lærekandidatar har rett til opplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter.

Heile retten må normalt takast ut i løpet av ein samanhengande periode på fem år, eller seks år når opplæringa heilt eller delvis blir gitt i lærebedrift, og innan utgangen av det året vedkommande fyller 24 år. Fylkeskommunen kan etter søknad gi eleven, lærlingen eller lærekandidaten løyve til utsetjing eller avbrot i opplæringa utan at retten tek slutt. Departementet gir forskrifter om kva forhold som skal gi rett til utsetjing eller avbrot.

Retten til vidaregåande opplæring blir etter søknad om omval utvida med inntil eitt opplæringsår.

Elev som etter reglane i kapittel 5 har rett til spesialundervisning, har rett til vidaregåande opplæring i inntil to år ekstra når eleven treng det i forhold til opplæringsmåla for den enkelte. Før fylkeskommunen gjer vedtak om utvida opplæringstid, skal det liggje føre sakkunnig vurdering av dei særlege behova eleven har. Retten gjeld også for elevar som har rett til opplæring i og på teiknspråk etter § 3-9, rett til opplæring i punktskrift etter § 3-10 eller rett til særskild språkopplæring etter § 3-12. Kravet om sakkunnig vurdering gjeld ikkje for elevar med rett til særskild språkopplæring etter § 3-12.

Søkjarar har rett til inntak til eitt av tre alternative utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 som dei har søkt på, og til to års vidaregåande opplæring innanfor utdanningsprogrammet. Søkjarar som etter kapittel 5 i lova har rett til spesialundervisning, og som på grunnlag av sakkunnig vurdering har særlege behov for eit særskilt utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1, har rett til inntak til dette utdanningsprogrammet etter forskrift fastsett av departementet.

Fylkeskommunen skal tilby anna opplæring dersom ein elev, ein lærling eller ein lærekandidat har særlege vanskar med å følgje den opplæringa som er vald.

Departementet gir forskrift om inntak.

Opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen har ansvaret for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Elevane kan ikkje påleggjast å dekkje nokon del av utgiftene til dette utover det som følgjer av forskrift. Fylkeskommunen kan påleggje elevane, lærlingane og lærekandidatane å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Ungdom med rett til vidaregåande opplæring etter paragrafen her kan, etter søknad og når det ligg føre særlege grunnar, i staden få vidaregåande opplæring etter § 4A-3.

Den som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring som ein del av ungdomsretten etter første ledd, har etter søknad rett til eitt års påbygging til generell studiekompetanse. Det same gjeld andre som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring innan utgangen av det året dei fyller 24 år. Retten gjeld dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014, eller seinare. Retten kan takast ut når som helst innan utgangen av det året vedkommande fyller 24 år. Lovføresegna i tredje ledd om at retten må takast ut i løpet av ein samanhengande periode på fem, alternativt seks år, gjeld ikkje her.

Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Ungdom som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, har likevel berre rett til vidaregåande opplæring etter denne paragrafen når dei er under 18 år og det er sannsynleg at dei skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Dei som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, og som fyller 18 år i løpet av eit skoleår, har rett til å fullføre påbegynt skoleår. For dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, gjeld retten til vidaregåande opplæring etter denne paragrafen fram til dato for endeleg vedtak.

0 Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758), 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008, etter res. 20 juni 2008 nr. 621), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009, etter res. 19 juni 2009 nr. 675), 20 juni 2014 nr. 54 (ikr. 1 aug 2014, etter res. 20 juni 2014 nr. 842).
§ 3-2.Omfanget av den vidaregåande opplæringa i tid

Departementet gir forskrifter om samla tid til opplæring i den vidaregåande opplæringa, også om samla læretid for lærlingar og lærekandidatar.

Opplæringa i skole skal strekkje seg over minst 38 skoleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skoleåret.

Fylkeskommunen gir forskrifter om skole- og feriedagar i skoleåret for elevane. Forskrifta skal vere tilpassa avviklinga av nasjonale prøver. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

Departementet kan gi forskrifter om rammer for dagleg skoletid og for pausar for elevane.

0 Endra med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645).
§ 3-3.Opplæringsordninga for den vidaregåande opplæringa

Den vidaregåande opplæringa skal føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse.

Opplæringa i skole skal omfatte vidaregåande trinn 1, vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3. Kvart trinn skal normalt ha lengd som eitt skoleår.

Fagopplæringa omfattar normalt to års opplæring i skole og eitt års opplæring i bedrift. Når opplæring i bedrift blir kombinert med verdiskaping i bedrifta, kan opplæringa strekkje seg over to år. Departementet gir forskrift i medhald av § 3-4 første leddet om kva for fag som skal ha læretid i bedrift, og nærmare føresegner om opplæringsordninga for dei ulike faga.

Fylkeskommunen kan i det enkelte tilfellet godkjenne lærekontrakt eller opplæringskontrakt som inneheld unntak frå den fastsette opplæringsordninga. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Dersom fylkeskommunen ikkje kan formidle opplæring i bedrift til dei som ønskjer slik opplæring, må også bedriftsdelen av opplæringa skje i skole.

Fylkeskommunen skal gi tilbod om opplæring som lærlingar og lærekandidatar ikkje kan få i lærebedrifta.

0 Endra med lover 17 sep 1999 nr. 74 (ikr. 17 sep 1999, etter res. 17 sep 1999 nr. 1011), 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 aug 2003, etter res. 27 juni 2003 nr. 774), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17. juni 2005 nr. 660), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758), 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010, etter res. 25 juni 2010 nr. 982).
§ 3-4.Innhald og vurdering i den vidaregåande opplæringa

Departementet gir forskrifter om trinn og programområde, om fag, om mål for opplæringa, om omfanget av opplæringa i faga og om gjennomføringa av opplæringa. Departementet gir forskrifter om vurdering av elevar, lærlingar, lærekandidatar, privatistar og praksiskandidatar, om klage på vurderinga, om eksamen, om fag- og sveineprøve og om dokumentasjon. Departementet gir forskrifter om godskriving av tidlegare gjennomgådd opplæring eller praksis.

Elevane, lærlingane og lærekandidatane skal vere aktivt med i opplæringa. Undervisningspersonalet skal tilretteleggje og gjennomføre opplæringa i samsvar med læreplanar gitt etter lova her. Rektor skal organisere skolen i samsvar med forskrifter etter første leddet og i samsvar med §§ 1-1 og 3-3 og forskrifter etter § 1-5.

Departementet kan etter søknad frå fylkeskommunen gi ein skole løyve til avvik frå forskrifter om læreplanar. Før slikt løyve blir gitt, må det liggje føre fråsegn frå skoleutvalet.

0 Endra med lover 17 sep 1999 nr. 74 (ikr. 17 sep 1999, etter res. 17 sep 1999 nr. 1011), 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17. juni 2005 nr. 660), 19 des 2008 nr. 118 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 19 des 2008 nr. 1424), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009, etter res. 19 juni 2009 nr. 675).
§ 3-5.Fag- og sveineprøve utan læreforhold og skole

Det er mogleg å ta fag- og sveineprøva på grunnlag av allsidig praksis i faget som er 25 prosent lengre enn den fastsette læretida. Fylkeskommunen avgjer om den praksisen kandidaten viser til, kan godkjennast, og kan i særlege tilfelle godkjenne kortare praksis.

0 Endra med lov 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758).
§ 3-6.Oppfølgingstenesta

Fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste for ungdom som har rett til opplæring etter § 3-1, og som ikkje er i opplæring eller i arbeid. Tenesta gjeld til og med det året dei fyller 21 år. Tenesta omfattar også ungdom som har tapt opplæringsretten etter § 3-8 eller § 4-6.

Departementet gir forskrifter om oppgåvene til oppfølgingstenesta.

0 Endra med lov 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660).
§ 3-7.Ordensreglement og liknande

Fylkeskommunen skal gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte vidaregåande skolen. Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på ein annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om åtferd, reglar om kva for tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet, og reglar om framgangsmåten når slike saker skal behandlast.

Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast.

Før det blir teke avgjerd om refsing, blant anna om bortvising eller tap av rettar, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.

§ 3-8. Bortvising og tap av rettar

Fylkeskommunen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort i inntil fem dagar. Rektor sjølv vedtek å vise bort ein elev etter leddet her etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Med mindre fylkeskommunen fastset noko anna, kan rektor bestemme at lærarane skal ha mynde til å ta avgjerd om bortvising frå eiga undervisning for ei opplæringsøkt, avgrensa til to klokketimar.

Når ein elev vedvarande har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein elev alvorleg forsømmer pliktene sine, kan eleven visast bort for resten av skoleåret. I samband med eit vedtak om bortvising for resten av skoleåret kan fylkeskommunen også vedta at eleven skal miste retten til vidaregåande opplæring etter § 3-1. Fylkeskommunen kan ikkje overlate til eit organ på skolen å treffe vedtak etter leddet her om bortvising eller tap av retten til vidaregåande opplæring.

Før det blir gjort vedtak om bortvising eller tap av rettar, skal ein vurdere om det er mogleg å bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak.

0 Endra med lover 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660), 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010, etter res. 25 juni 2010 nr. 982).
§ 3-9.Teiknspråkopplæring i den vidaregåande skolen

Ungdom som har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 og som har teiknspråk som førstespråk, eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, har rett til å velje vidaregåande opplæring i og på teiknspråk i eit teiknspråkleg miljø etter andre leddet, eller rett til å velje å bruke tolk i ordinære vidaregåande skolar. Det same gjeld vaksne som er tekne inn til vidaregåande opplæring utan rett etter § 3-1. Før fylkeskommunen gjer vedtak om slik opplæring, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering.

Med teiknspråkleg miljø er meint skolar som har tilrettelagde opplæringstilbod i og på teiknspråk for hørselshemma elevar.

Retten til opplæring i og på teiknspråk etter andre leddet er avgrensa til dei utdanningsprogramma og programområda desse skolane gir tilbod på. Delar av dette opplæringstilbodet kan givast med tolk.

Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa blir fastsett i forskrifter etter § 3-2 og § 3-4 i denne lova.

Departementet kan gi nærmare forskrifter, mellom anna om inntak.

0 Føyd til med lov 17 sep 1999 nr. 74 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 639), endra med lov 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660).
§ 3-10.Punktskriftopplæring m.m.

Sterkt svaksynte og blinde elevar har rett til nødvendig opplæring i punktskrift og opplæring i bruk av nødvendige tekniske hjelpemiddel. Elevane har også rett til nødvendig opplæring i å ta seg fram på skolen, til og frå skolen og i heimemiljøet. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa blir fastsett i forskrift etter § 3-2 og § 3-4 i denne lova. Før det blir gjort vedtak om slik opplæring, skal det liggje føre sakkunnig vurdering.

0 Føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645).
§ 3-11.Mellomstatleg avtale om privat vidaregåande skole

Departementet kan godkjenne ein privat vidaregåande skole når det ligg føre ein mellomstatleg avtale om dette. I samband med godkjenninga kan departementet gjere unntak frå krava i opplæringslova og frå forskrift gitt i medhald av lova.

0 Føyd til med lov 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758).
§ 3-12.Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar

Elevar i vidaregåande opplæring med anna morsmål enn norsk eller samisk har rett til særskild norskopplæring til dei har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Om nødvendig har slike elevar også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar.

Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole enn den eleven til vanleg går på.

Når morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale, skal fylkeskommunen så langt som mogleg leggje til rette for anna opplæring tilpassa føresetnadene til elevane.

Fylkeskommunen skal kartleggje kva dugleik elevane har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal også utførast undervegs i opplæringa for elevar som får særskild språkopplæring etter føresegna, som grunnlag for å vurdere om elevane har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

Fylkeskommunen kan organisere særskilt opplæringstilbod for nykomne elevar i eigne grupper, klassar eller skolar. Dersom heile eller delar av opplæringa skal skje i slik gruppe, klasse eller skole, må dette fastsetjast i vedtaket om særskild språkopplæring. Vedtak om slik opplæring i særskilt organisert tilbod kan berre gjerast dersom dette er rekna for å vere til beste for eleven. Opplæring i særskilt organisert tilbod kan vare inntil to år. Vedtak kan berre gjerast for eitt år om gongen. I vedtaket kan det for denne perioden gjerast avvik frå læreplanverket for den aktuelle eleven i den utstrekning dette er nødvendig for å vareta eleven sitt behov. Vedtak etter dette leddet krev samtykkje frå elev eller føresette.

0 Føyd til med lov 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008, etter res. 20 juni 2008 nr. 621), endra med lover 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009, etter res. 19 juni 2009 nr. 675), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 aug 2012, etter res. 22 juni 2012 nr. 582).
§ 3-13.Opplæring av elevar, lærlingar og lærekandidatar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Elevar, lærlingar og lærekandidatar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale, og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.

Når ein elev eller lærekandidat ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har eleven eller lærekandidaten rett til spesialundervisning etter reglane i kapittel 5. Dette inkluderer nødvendig opplæring i bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon.

0 Føyd til med lov 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 aug 2012, etter res. 22 juni 2012 nr. 582).

Kapittel 4. Vidaregåande opplæring i bedrift

§ 4-1.Kven som er lærling og lærekandidat

Lærling er etter denne lova den som har skrive ein lærekontrakt med sikte på fagprøve eller sveineprøve i fag som har læretid etter forskrifter gitt med heimel i § 3-4. Lærekandidat er etter denne lova den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve.

0 Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758).
§ 4-2.Særlege rettar og plikter for lærlingen og lærekandidaten

Lærlingen og lærekandidaten har rett til opplæring i samsvar med lærekontrakten og opplæringskontrakten.

Lærlingen og lærekandidaten er arbeidstakarar i den bedrifta dei har teikna arbeidsavtale med og er plasserte i, med dei rettane og pliktene som følgjer av lover og tariffavtalar. Der lærlingar og lærekandidatar har teikna både arbeidsavtale og lærekontrakt eller opplæringskontrakt med same part, kan arbeidsavtalen likevel ikkje hevast utan at lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan hevast etter § 4-5 tredje leddet og § 4-6 siste leddet.

Når læretida etter kontrakten er over, eller når kontrakten blir heva etter § 4-6, fell også arbeidsavtalen bort. Dersom lærlingen eller lærekandidaten skal halde fram i bedrifta, må ein ny arbeidsavtale inngåast.

Lærlingar og lærekandidatar skal ha same tilgang på pedagogisk-psykologisk teneste som elevar i vidaregåande skole.

Lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter kapittel 5. For slik opplæring gjeld § 5-1, bortsett frå andre leddet siste setning, §§ 5-3, 5-4, 5-5 og 5-6 tilsvarande.

0 Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758).
§ 4-3.Godkjenning av lærebedrift

Bedrifter som tek på seg opplæring av ein eller fleire lærlingar eller lærekandidatar, må vere godkjende av fylkeskommunen. Som lærebedrift kan godkjennast private og offentlege verksemder og organ for samarbeid mellom bedrifter som i fellesskap tek på seg opplæringsansvar (opplæringskontor eller opplæringsring). Lærebedrifta må vere fagleg vurdert av yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen kan godkjenne bedrifta. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda før endeleg vedtak blir gjort.

For at eit opplæringskontor eller ein opplæringsring skal bli godkjend, må dei enkelte bedriftene som inngår i kontoret eller ringen, vere godkjende av fylkeskommunen. Der samansetjinga av opplæringskontoret eller opplæringsringen endrar seg, skal kontoret eller ringen melde frå til fylkeskommunen, som skal vurdere godkjenninga på ny.

Ei lærebedrift må kunne gi ei opplæring som tilfredsstiller krava i forskrifter etter § 3-4 om innhaldet i opplæringa. Der lærebedrifta er eit opplæringskontor eller ein opplæringsring, skal dei samarbeidande bedriftene dokumentere at dei samla tilfredsstiller krava i forskriftene etter § 3-4 om innhaldet i opplæringa. Opplæringskontoret må ha føresegner som fastset tilhøvet mellom kontoret og medlemsbedriftene. Opplæringsringen må ha føresegner som fastset tilhøvet mellom dei samarbeidande bedriftene. Føresegnene skal fastsetje kva den enkelte bedrifta skal gi av opplæring, og delinga av tilskotet mellom bedriftene. Ei lærebedrift skal ha ein eller fleire fagleg kvalifiserte personar (fagleg leiar) som har ansvaret for opplæringa, og skal sjå til at opplæringslova med forskrifter blir oppfylt. Kvar enkelt bedrift skal ha ein eller fleire instruktørar som står føre opplæringa av lærlingane og lærekandidatane.

Departementet kan gi nærmare forskrifter om vilkår for godkjenning av lærebedrifter og tap av godkjenning.

0 Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758).
§ 4-4. Rettane og pliktene til lærebedrifta m.m.

Lærebedrifta pliktar å leggje til rette produksjonen og opplæringa slik at lærlingen og lærekandidaten kan nå måla i den fastsette læreplanen. Dersom lærekandidaten har krav på spesialundervisning etter kapittel 5, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan, jf. § 5-5 første leddet. Lærebedrifta skal utvikle ein intern plan for opplæringa, for å sikre at lærlingen eller lærekandidaten får ei opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen, eventuelt den individuelle opplæringsplanen. Ifall delar av opplæringa skal givast av andre enn lærebedrifta, skal lærebedrifta leggje til rette for dette.

Lærebedrifta skal skape eit godt arbeids- og læremiljø. Arbeids- og opplæringstida til lærlingen og lærekandidaten skal til saman ikkje vere lengre enn den arbeidstida som gjeld for andre arbeidstakarar i faget.

Lærebedrifta melder lærlingen til den fagprøva eller sveineprøva som blir halden nærmast den tida da læretida er ute. Lærekandidaten skal ved slutten av kontrakttida få høve til å gå opp til ei kompetanseprøve som viser det nivået opplæringa har ført fram til. Lærebedrifta stiller nødvendig arbeidsplass, materiale, reiskapar og assistenthjelp til rådvelde under prøva. Lærebedrifta får eigedomsretten til produktet. Dersom fagprøva, sveineprøva eller kompetanseprøva blir teken på ein skole og skolen dekkjer materialutgiftene, får skolen eigedomsretten til produktet av prøva.

Dersom lærebedrifta stansar eller utviklar seg på ein slik måte at ho ikkje lenger finn det mogleg å gi lærlingen eller lærekandidaten tilfredsstillande opplæring, skal ho melde frå til fylkeskommunen.

Lærebedrifter får tilskot til opplæringa frå fylkeskommunen etter forskrifter gitt av departementet.

0 Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758).
§ 4-5. Lærekontrakt og opplæringskontrakt

Det skal opprettast skriftleg lærekontrakt mellom lærebedrifta og lærlingen når læreforholdet tek til. Det skal opprettast skriftleg opplæringskontrakt mellom lærebedrifta og lærekandidaten når læreforholdet tek til. Det skal gå fram av kontrakten kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa etter den fastsette læreplanen.

For å bli gyldig må kontrakten godkjennast av fylkeskommunen, og han får da verknad frå den tida arbeidsforholdet tek til. Kontrakten skal vise til den eller dei arbeidsavtalane som lærlingen eller lærekandidaten har. Departementet kan gi nærmare forskrifter om innhaldet i og forma på kontrakten.

Lærlingar som har fylt 21 år og som inngår lærekontrakt med full opplæring i bedrift, jf. § 3-3 sjette leddet, skal ha ei prøvetid på seks månader. I prøvetida kan både lærebedrifta og lærlingen seie opp læreforholdet utan omsyn til § 4-6. Reglane i arbeidsmiljøloven §§ 15-3 og 15-6 gjeld også når lærlingen ikkje er skriftleg tilsett på ei bestemt prøvetid.

Det er ikkje nødvendig med samtykke frå verje når det blir skrive kontrakt.

0 Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 17 juni 2005 nr. 62 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 17 juni 2005 nr. 609), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758).
§ 4-6. Endring og heving av lærekontrakt og opplæringskontrakt

Etter samtykke frå fylkeskommunen kan opplæringskontrakten mellom lærekandidaten og lærebedrifta endrast i løpet av kontrakttida til ordinær lærekontrakt med fagbrev eller sveinebrev som mål. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan lærekontrakten mellom lærlingen og lærebedrifta i løpet av kontrakttida endrast til opplæringskontrakt med kompetanseprøve som mål.

Lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan hevast av partane dersom dei er samde om det og etter at lærebedrifta har orientert fylkeskommunen skriftleg om det.

Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakten hevast av både lærebedrifta og av lærlingen eller lærekandidaten dersom

a) den andre parten gjer seg skyldig i vesentlege brott på pliktene sine i arbeidsforholdet,
b) lærlingen, lærekandidaten eller lærebedrifta viser seg ute av stand til å halde fram i læreforholdet, eller
c) lærlingen eller lærekandidaten skriftleg seier frå at det er ei urimeleg ulempe for han eller ho å halde fram ut kontrakttida.

Fylkeskommunen avgjer i tilfelle når læreforholdet skal ta slutt. Lærebedrifta skal skrive ut ein attest for den delen av kontrakttida som er gjennomført med ei fråsegn om denne delen av opplæringa.

Når lærlingen eller lærekandidaten frivillig hevar kontrakten, fell retten til vidaregåande opplæring etter § 3-1 bort dersom fylkeskommunen ikkje vedtek noko anna. Når det blir gjort vedtak om å heve ein kontrakt etter krav frå lærebedrifta, beheld lærlingen eller lærekandidaten retten til vidaregåande opplæring med mindre vedtaket fastset at retten fell bort.

Før det blir gjort vedtak om heving etter krav frå lærebedrifta eller før det blir gjort vedtak om tap av rettar, skal lærlingen eller lærekandidaten kunne forklare seg munnleg for den som skal gjere vedtaket.

Etter samtykke frå fylkeskommunen kan læretida avbrytast i samband med permisjon.

Dersom lærebedrifta stansar eller ikkje lenger fyller vilkåra for godkjenning etter § 4-3, eller dersom fylkeskommunen finn at opplæringa ikkje er tilfredsstillande, skal fylkeskommunen søkje å skaffe lærlingane eller lærekandidatane ny læreplass for resten av kontrakttida. Den nye lærebedrifta går inn i kontrakten i staden for den tidlegare lærebedrifta. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakttida i den nye lærebedrifta gjerest inntil eitt år lengre dersom opplæringa har vore mangelfull.

Lærekontrakten eller opplæringskontrakten kan ikkje endrast eller hevast på annan måte enn etter denne paragrafen. Unntak gjeld for lærlingar som har prøvetid etter § 4-5 tredje leddet.

0 Endra med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758).
§ 4-7.Internkontroll i den enkelte lærebedrifta

Lærebedrifta skal ha intern kvalitetssikring, slik at lærlingen eller lærekandidaten får opplæring i samsvar med lova her og forskrifta til denne. Ein eller fleire representantar for arbeidstakarane skal saman med den eller dei faglege leiarane jamleg sjå til at lærebedrifta følgjer pliktene etter opplæringslova med forskrift.

Lærebedrifta skal årleg rapportere til fylkeskommunen om opplæringa av lærlingar og lærekandidatar. Departementet kan gi nærmare forskrifter om rapporteringsplikta til lærebedrifta.

0 Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758).
§ 4-8.Oppgåvene til fylkeskommunen knytte til fag- og yrkesopplæringa

Fylkeskommunen har også oppgåver etter §§ 4-3, 4-5 og 4-6, knytte til fag- og yrkesopplæringa. I samband med godkjenning av lærebedrifter skal fylkeskommunen rettleie og følgje opp bedriftene, i tillegg til å kontrollere at den enkelte bedrifta fyller krava for å få godkjenning.

Fylkeskommunen skal leggje fram for yrkesopplæringsnemnda saker som har betydning for fag- og yrkesopplæringa, før fylkeskommunen gjer vedtak i saka. Saker om godkjenning av lærebedrifter, tap av godkjenningar og kvalitetssystemet for fag- og yrkesopplæringa skal alltid leggjast fram for nemnda. Fylkeskommunen skal leggje vekt på det yrkesopplæringsnemnda har vedteke eller uttalt når han avgjer saker som gjeld fag- og yrkesopplæringa. I samband med godkjenning av lærebedrift eller vedtak om tap av godkjenning skal fylkeskommunen leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda, jf. § 4-3.

Fylkeskommunen skriv ut fagbrev og sveinebrev på grunnlag av greidd prøve, og kompetansebevis for opplæring som er gjennomført.

Fylkeskommunen godkjenner praksis for kandidatar som melder seg til fagprøve eller sveineprøve utan læretid, jf. § 3-5.

Etter forslag frå yrkesopplæringsnemnda nemner fylkeskommunen opp ei, eller om nødvendig fleire prøvenemnder for dei faga det er prøvekandidatar i. Fylkeskommunen kan eventuelt nemne opp prøvenemnder i samarbeid med andre fylkeskommunar.

0 Endra med lov 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 nov 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758).

Kapittel 4A. Opplæring spesielt organisert for vaksne

0 Kapitlet føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000 med unntak av § 4A-1, § 4A-2, § 4A-7 og § 4A-8 som trådte ikr. 1 aug 2002, etter res. 30 juni 2000 nr. 645).
§ 4A-1.Rett til grunnskoleopplæring for vaksne

Dei som er over opplæringspliktig alder, og som treng grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring, så langt dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1. Retten til opplæring omfattar til vanleg dei faga ein treng for å få vitnemål for fullført grunnskoleopplæring for vaksne. Opplæringa skal tilpassast behovet til den enkelte.

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Det er eit vilkår for rett til grunnskoleopplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Dei som er over opplæringspliktig alder, og som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, har likevel berre rett til grunnskoleopplæring etter denne paragrafen når dei er under 18 år og det er sannsynleg at dei skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Dei som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, og som fyller 18 år i løpet av eit skoleår, har rett til å fullføre påbegynt skoleår. For dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, gjeld retten til grunnskoleopplæring etter denne paragrafen fram til dato for endeleg vedtak.

0 Føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2002, etter res. 26 apr 2002 nr. 414), endra med lov 20 juni 2014 nr. 54 (ikr. 1 aug 2014, etter res. 20 juni 2014 nr. 842).
§ 4A-2.Rett til spesialundervisning på grunnskolens område

Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning.

Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring.

For opplæring etter denne paragraf gjeld § 5-1 andre ledd bortsett frå siste punktum, og §§ 5-3, 5-4, 5-5 og 5-6 tilsvarande.

0 Føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2002, etter res. 26 apr 2002 nr. 414), endra med lov 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009, etter res. 19 juni 2009 nr. 675).
§ 4A-3.Rett til vidaregåande opplæring for vaksne

Vaksne som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring. Første punktum gjeld vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Opplæringa for vaksne skal tilpassast behovet til den enkelte. Retten kan oppfyllast mellom anna ved fjernundervisningstilbod. Departementet gir nærmare forskrifter, mellom anna om kven retten omfattar, om inntak, rangering og førerett.

Vaksne som er tekne inn til vidaregåande opplæring, har rett til å fullføre opplæringsløpet. Dette gjeld sjølv om dei ikkje har rett til vidaregåande opplæring etter første leddet.

I fag der læreplanen føreset lengre opplæringstid enn tre år, har dei vaksne rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen.

Opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen har ansvaret for å halde vaksne som får vidaregåande opplæring, med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Vaksne som får vidaregåande opplæring, kan ikkje påleggjast å dekkje nokon del av utgiftene til dette utover det som følgjer av forskrift. Fylkeskommunen kan påleggje vaksne som får vidaregåande opplæring, å halde seg med anna individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Vaksne som har rett til vidaregåande opplæring har rett til vurdering av realkompetansen sin og til kompetansebevis. Personar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, skal få vurdert realkompetansen sin om dei blir vist til dette av kommune eller Arbeids- og velferdsetaten. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Fylkeskommunen skal gi kompetansebevis på grunnlag av realkompetansevurdering på vidaregåande opplærings nivå. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Den som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring som ein del av ungdomsretten etter § 3-1 første ledd, har etter søknad rett til eitt års påbygging til generell studiekompetanse. Det same gjeld andre som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring innan utgangen av det året dei fyller 24 år. Retten gjeld dei som har fullført og bestått fag- og yrkesopplæring i 2014, eller seinare. Retten kan takast ut når som helst etter fullført og bestått fag- og yrkesopplæring.

Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring at søkjaren har lovleg opphald i landet. Vaksne som oppheld seg lovleg i landet i påvente av å få avgjort søknad om opphaldsløyve, har likevel ikkje rett til opplæring etter denne paragrafen.

0 Føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), endra med lover 14 mars 2003 nr. 17, 16 juni 2006 nr. 20 (ikr. 1 juli 2006, etter res. 16 juni 2006 nr. 631), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758), 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008, etter res. 20 juni 2008 nr. 621), 20 juni 2014 nr. 54 (ikr. 1 aug 2014, etter res. 20 juni 2014 nr. 842).
§ 4A-4.Kommunen og fylkeskommunen si plikt til å sørgje for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

For opplæringa etter dette kapitlet gjeld §§ 13-1 til 13-3a og 13-10.

Kommunen og fylkeskommunen kan nytte studieforbund, godkjente nettskolar og andre som gir tilbod om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring for å oppfylle plikta til å gi opplæring til vaksne.

Kommunen og fylkeskommunen har ansvaret for at vaksne får dokumentert opplæringa som dei har gjennomført.

Kommunen og fylkeskommunen skal leggje til rette for at vaksne som får opplæring etter dette kapitlet, får høve til å ta aktivt del i arbeidet med å fremje eit godt læringsmiljø og utdanningstilbod.

Departementet gir nærmare forskrifter om vurdering, om klage på vurdering, om eksamen og om dokumentasjon.

0 Føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), endra med lover 12 apr 2002 nr. 10 (ikr. 12 apr 2002, etter res. 12 apr 2002 nr. 349), 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 aug 2003, etter res. 27 juni 2003 nr. 774), 19 juni 2009 nr. 95 (ikr. 1 jan 2010).
§ 4A-5.Kompetansekrav for undervisningspersonell

§ 10-1 med tilhøyrande forskrift gjeld tilsvarande for opplæring etter dette kapitlet. Departementet kan gi forskrifter om at ein likevel kan tilsetje personell utan formell pedagogisk kompetanse.

For opplæring etter § 4A-2 andre leddet gjeld ikkje § 10-1 med tilhøyrande forskrift. Opplæringa skal likevel skje under fagleg og pedagogisk rettleiing og ansvar.

0 Føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645).
§ 4A-6.Innhaldet i opplæringa

§ 1-1 gjeld så langt det passar for opplæring etter dette kapitlet. Læreplanar etter §§ 1-5, 2-3, 3-4 og 6-4 gjeld med dei tilpassingar som følgjer av dette kapitlet.

0 Føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), endra med lover 19 des 2008 nr. 118 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 19 des 2008 nr. 1424), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009, etter res. 19 juni 2009 nr. 675).
§ 4A-7.Skyss m.m.

Vaksne som ikkje har fullført grunnskolen, og som bur meir enn fire kilometer frå skolen, har rett til gratis skyss når dei får grunnskoleopplæring etter dette kapitlet.

Vaksne som på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade har behov for det, har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda når dei får grunnskoleopplæring etter dette kapitlet. § 7-4 gjeld tilsvarande.

Kommunen skal innlosjere dei vaksne når dagleg skyss etter første og andre leddet ikkje er forsvarleg. Når det er nødvendig, gjeld tilsyn etter § 7-1 fjerde leddet tilsvarande.

Elles gjeld § 13-4 tilsvarande for dei pliktene som følgjer av denne paragrafen.

0 Føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2002, etter res. 26 apr 2002 nr. 414).
§ 4A-8.Rådgiving

Vaksne med rett til opplæring etter §§ 4A-1 og 4A-2 har rett til rådgiving for å kartleggje kva tilbod den vaksne har behov for.

0 Føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2002, etter res. 26 apr 2002 nr. 414).
§ 4A-9.Bortvising

Når ein elev eller deltakar vedvarande har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein elev eller deltakar alvorleg forsømmer pliktene sine, kan kommunen/fylkeskommunen vise eleven/deltakaren bort frå resten av det kurset eleven/deltakaren er teken inn på. I samband med eit vedtak om bortvising for resten av kurset kan fylkeskommunen også vedta at eleven/deltakaren skal misse retten til vidaregåande opplæring etter § 4A-3.

Kommunen/fylkeskommunen kan ikkje overlate til eit organ på skolen å gjere vedtak etter denne paragrafen om bortvising eller tap av retten til opplæring.

Før det blir gjort vedtak om bortvising eller tap av rettar, skal ein vurdere om det er mogleg å bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak.

0 Føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645).
§ 4A-10.Tilsyn, kontroll og klage

§ 14-1, § 15-1 første leddet og § 15-2 gjeld også for opplæring etter dette kapitlet.

0 Føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645).
§ 4A-11.Forsøk

§ 1-4 gjeld tilsvarande for opplæring etter dette kapitlet.

0 Føyd til med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645).
§ 4A-12.Tilpassa opplæring

§ 1-3 første ledd gjeld tilsvarande for opplæring etter dette kapitlet.

0 Føyd til med lov 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008, etter res. 20 juni 2008 nr. 621), endra med lov 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009, etter res. 19 juni 2009 nr. 675).
§ 4A-13.Opplæring av vaksne med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Vaksne som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.

Vaksne som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter reglane i § 4a-2. 1 Dette inkluderer nødvendig opplæring i å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon.

0 Føyd til med lov 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 aug 2012, etter res. 22 juni 2012 nr. 582).
1 Skal vel være § 4A-2.

Kapittel 5. Spesialundervisning

0 Endra med lov 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660).
§ 5-1.Rett til spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.

I vurderinga av kva for opplæringstilbod som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold til andre elevar og i forhold til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningstimetalet som gjeld andre elevar, jf. § 2-2 og § 3-2.

§ 5-2.(Oppheva med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2002, etter res. 26 apr 2002 nr. 414).)
§ 5-3.Sakkunnig vurdering

Før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om spesialundervisning etter § 5-1 eller vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod som bør givast.

Den sakkunnige vurderinga skal blant anna greie ut og ta standpunkt til

- eleven sitt utbytte av det ordinære opplæringstilbodet
- lærevanskar hjå eleven og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa
- realistiske opplæringsmål for eleven
- om ein kan hjelpe på dei vanskane eleven har innanfor det ordinære opplæringstilbodet
- kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod.

Departementet kan gi nærmare forskrifter om den sakkunnige vurderinga.

Dersom vedtaket frå kommunen eller fylkeskommunen avvik frå den sakkunnige vurderinga, skal grunngivinga for vedtaket blant anna vise kvifor kommunen eller fylkeskommunen meiner at eleven likevel får eit opplæringstilbod som oppfyller retten etter § 5-1 eller § 5-7.

0 Endra med lov 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008, etter res. 20 juni 2008 nr. 621).
§ 5-4.Nærmare om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning

Eleven eller foreldra til eleven kan krevje at skolen gjer dei undersøkingar som er nødvendige for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva opplæring eleven treng. Undervisningspersonalet skal vurdere om ein elev treng spesialundervisning, og melde frå til rektor når slike behov er til stades. Skolen skal ha vurdert og eventuelt prøvd ut tiltak innanfor det ordinære opplæringstilbodet med sikte på å gi eleven tilfredsstillande utbytte før det blir gjort sakkunnig vurdering.

Før det blir gjort sakkunnig vurdering og før det blir gjort vedtak om å setje i gang spesialundervisning, skal det innhentast samtykke frå eleven eller frå foreldra til eleven. Med dei avgrensingane som følgjer av reglane om teieplikt og § 19 i forvaltningslova, har eleven eller foreldra til eleven rett til å gjere seg kjende med innhaldet i den sakkunnige vurderinga og til å uttale seg før det blir gjort vedtak.

Tilbod om spesialundervisning skal så langt råd er, formast ut i samarbeid med eleven og foreldra til eleven, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.

0 Endra med lov 21 juni 2013 nr. 98 (ikr. 1 aug 2013, etter res. 21 juni 2013 nr. 685).
§ 5-5.Unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa og om kompetansekrav

Reglane om innhaldet i opplæringa i denne lova og i forskrifter etter denne lova gjeld for spesialundervisning så langt dei passar. For elev som får spesialundervisning, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan. Planen skal vise mål for og innhaldet i opplæringa og korleis ho skal drivast. Også avvikande kontraktvilkår for lærlingar kan fastsetjast i den individuelle opplæringsplanen.

Skolen skal ein gong i året utarbeide skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Utviklinga til eleven skal vurderast ut frå måla som er sette i den individuelle opplæringsplanen til eleven. Skolen sender oversikta og vurderinga til eleven eller til foreldra til eleven og til kommunen eller fylkeskommunen.

Krav etter § 10-2 kan fråvikast i vedtak om spesialundervisning dersom ei konkret vurdering av eleven og den spesialundervisninga som skal bli gitt, tilseier det.

0 Endra med lover 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 aug 2003, etter res. 27 juni 2003 nr. 774), 21 juni 2013 nr. 98 (ikr. 1 aug 2013, etter res. 21 juni 2013 nr. 685), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 22 juni 2012 nr. 582), 20 juni 2014 nr. 54 (ikr. 1 aug 2014, etter res. 20 juni 2014 nr. 842).
§ 5-6.Pedagogisk-psykologisk teneste

Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen.

Tenesta skal hjelpe skolen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.

§ 5-7.Spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder

Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Hjelpa skal omfatte tilbod om foreldrerådgiving. Hjelpa kan knytast til barnehagar, skolar, sosiale og medisinske institusjonar og liknande, eller organiserast som eige tiltak. Hjelpa kan også givast av den pedagogisk-psykologiske tenesta eller av ein annan sakkunnig instans.

For spesialpedagogisk hjelp gjeld § 5-4 andre og tredje leddet i lova. § 5-5 andre leddet i lova gjeld så langt det passar.

§ 5-8.Helsetenestetilbod

Departementet kan gi forskrifter om helsetilsyn og medisinsk hjelp for elevar som får spesialundervisning.

§ 5-9.Statens plikt til å sørgje for læremiddel

Departementet skal sørgje for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for spesialundervisning.

Kapittel 6. Samisk opplæring

§ 6-1.Definisjonar

I lova her tyder

- same: person som kan skrivast inn i samemanntalet, jf. § 2-6 i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (samelova), og barn av dei som kan skrivast inn
- samisk: nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk
- samisk distrikt: 1) det samiske forvaltningsområdet etter § 3-1 i samelova, 2) andre kommunar eller delar av kommunar etter forskrifter gitt av Kongen i statsråd etter at Sametinget og dei kommunane og fylkeskommunane spørsmålet gjeld, har fått uttale seg.
§ 6-2.Samisk opplæring i grunnskolen

I samiske distrikt har alle i grunnskolealder rett til opplæring i og på samisk.

Utanfor samiske distrikt har minst ti elevar i ein kommune som ønskjer opplæring i og på samisk, rett til slik opplæring så lenge det er minst seks elevar igjen i gruppa.

Kommunen kan vedta å leggje opplæring på samisk til ein eller fleire skolar i kommunen.

Kommunen kan gi forskrifter om at alle i grunnskolealder i samiske distrikt skal ha opplæring i samisk.

Utanfor samiske distrikt har samar i grunnskolealder rett til opplæring i samisk. Departementet kan gi forskrifter om alternative former for slik opplæring når opplæringa ikkje kan givast med eigna undervisningspersonale på skolen.

Elevane avgjer sjølv om dei vil ha opplæring i og på samisk frå og med 8. årstrinnet etter første, andre og femte leddet.

0 Endra med lov 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660).
§ 6-3.Samisk vidaregåande opplæring

Samar i vidaregåande opplæring har rett til opplæring i samisk. Departementet kan gi forskrifter om alternative former for slik opplæring når opplæringa ikkje kan givast med eigna undervisningspersonale på skolen.

Departementet kan gi forskrifter om at visse skolar skal tilby opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa innanfor visse kurs eller for visse grupper. Fylkeskommunen kan også elles tilby slik opplæring.

§ 6-4.Innhaldet i opplæringa

Forskrifter om læreplanar etter § 2-3 og § 3-4 skal gi pålegg om opplæring om den samiske folkegruppa og om språket, kulturen og samfunnslivet til denne folkegruppa i tilknyting til dei ulike fagområda. Innanfor rammer fastsette av departementet gir Sametinget forskrifter om innhaldet i slik opplæring.

Sametinget gir forskrifter om læreplanar for opplæring i samisk språk i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa, og om læreplanar for særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa. Forskriftene må liggje innanfor omfangs- og ressursrammer fastsette av departementet.

Departementet gir forskrifter om andre særskilde læreplanar for grunnskoleopplæringa i samiske distrikt og for elevar elles som får samisk opplæring i grunnskole og i vidaregåande opplæring. Sametinget skal i samråd med departementet lage utkast til desse forskriftene.

0 Ikr. 1 aug 1999, etter res. 27 nov 1998 nr. 1096, men likevel slik at gjeldande læreplanverk for grunnskolen (L97 og L97S) og gjeldande læreplanar for videregåande opplæring blir vidareførte fram til Sametinget har vedteke nytt. Endra med lov 30 juni 2006 nr. 57 (ikr. 1 jan 2007, etter res. 30 juni 2006 nr. 764).

Kapittel 7. Skyss og innlosjering

§ 7-1.Skyss og innlosjering i grunnskolen

Elevar i 2.-10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.

Når det er nødvendig, har elevar rett til gratis båttransport utan omsyn til reiselengda.

Departementet gir nærmare forskrifter om tryggleiken til elevane under skoleskyssen.

Kommunen skal innlosjere elevar når dagleg skyss ikkje er forsvarleg. I vurderinga skal det særleg leggjast vekt på forhold som gjeld den enkelte eleven, til dømes alder, funksjonshemming, reisetid og tryggleik, og om dagleg skyss fører til ekstraordinære kostnader eller vanskar for kommunen. I tvilstilfelle avgjer foreldra om eleven skal skyssast eller innlosjerast.

Kommunen fører tilsyn med grunnskoleelevar som er innlosjerte.

0 Endra med lover 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735), 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008, etter res. 20 juni 2008 nr. 621).
§ 7-2.Skyss og innlosjering i den vidaregåande skolen

Elevar i vidaregåande skole som bur meir enn seks kilometer frå skolen, har rett til gratis skyss eller full skyssgodtgjersle. Når det er nødvendig, har elevar rett til gratis båttransport utan omsyn til reiselengda. Departementet kan gi forskrifter om at skyssbehovet til elevane i særskilde tilfelle kan dekkjast på andre måtar.

Departementet gir nærmare forskrifter om tryggleiken til elevane under skoleskyssen.

Fylkeskommunen skal hjelpe til med å skaffe losji for elevar i vidaregåande skole som bur slik til eller som har så lang veg at dei ikkje kan nytte dagleg skyss til skolen. Om nødvendig skal fylkeskommunen byggje elevheim.

0 Endra med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735).
§ 7-3.Skyss for funksjonshemma og mellombels skadde eller sjuke

Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til det uavhengig av avstanden mellom heimen og opplæringsstaden.

Elevar som har plass i skolefritidsordninga, jf. opplæringslova § 13-7, og som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til skyss til og frå skolefritidsordninga. Retten omfattar ikkje skyss i skoleferiane. Retten til skyss gjeld uavhengig av avstanden mellom heimen og skolefritidsordninga.

0 Endra med lov 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010, etter res. 25 juni 2010 nr. 982).
§ 7-4.Reisefølgje og tilsyn

Elevane har rett til nødvendig reisefølgje. Elevane har rett til nødvendig tilsyn når det blir ventetid før undervisningstida tek til og etter at undervisningstida er slutt. Retten til nødvendig reisefølgje og til nødvendig tilsyn gjeld også for barn som har rett til skyss til og frå skolefritidsordninga etter § 7-3 andre ledd.

0 Endra med lov 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010, etter res. 25 juni 2010 nr. 982).
§ 7-5.(Oppheva med lov 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2002, etter res. 26 apr 2002 nr. 414).)
§ 7-6.Skyss for barn under opplæringspliktig alder

Barn med rett til spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 har rett til skyss når det på grunn av særlege omsyn er nødvendig for å kunne ta imot denne hjelpa. § 7-1 tredje og fjerde leddet og § 7-4 gjeld tilsvarande.

Kapittel 8. Organisering av undervisninga

§ 8-1.Skolen

Grunnskoleelevane har rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

To eller fleire kommunar kan avtale at område i ein kommune soknar til ein skole i nabokommunen. Elles gjeld retten etter første ledd første punktum. Kommunane må gi likelydande forskrift om kva for område i kommunane som soknar til denne skolen. Kommunane skal opprette ein skriftleg samarbeidsavtale. Kommunestyret vedtar sjølv avtalen og endringar i denne. Samarbeidsavtalen skal minst innehalde fråsegn om:

a) opprekning av avtalepartane og kva kommune som skal drifte skolen som dei gitte områda soknar til
b) det økonomiske oppgjeret mellom kommunane, som kostnader til skyssordning
c) varigheita på avtalen
d) reglar for å tre ut av og avvikle samarbeidet, og
e) anna som etter lov krev avtale.

Etter søknad kan eleven takast inn på annan skole enn den eleven soknar til.

Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein elev i særlege tilfelle flyttast til ein annan skole enn den skolen eleven har rett til å gå på etter første leddet. Før det blir gjort vedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Når det er nødvendig, kan eleven flyttast til ein skole utanfor kommunen, men ikkje slik at eleven må flytte ut av heimen eller at skoleskyssen blir uforsvarelg 1 lang.

0 Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 21 juni 2013 nr. 98 (ikr. 1 aug 2013, etter res. 21 juni 2013 nr. 685).
1 Skal vel være «uforsvarleg».
§ 8-2. Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper

I opplæringa skal elevane delast i klassar eller basisgrupper som skal vareta deira behov for sosialt tilhør. For delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper etter behov. Til vanleg skal organiseringa ikkje skje etter fagleg nivå, kjønn eller etnisk tilhør. Klassane, basisgruppene og gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg.

Klassen eller basisgruppa skal ha ein eller fleire lærarar (kontaktlærarar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen eller basisgruppa og dei elevane som er der, mellom anna kontakten med heimen.

0 Endra med lover 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 aug 2003, etter res. 27 juni 2003 nr. 774), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009, etter res. 19 juni 2009 nr. 675).
§ 8-3.Forholdstal mellom talet på lærarar og talet på elevar

Departementet kan fastsettje nærmare forskrifter om forholdstal mellom talet på lærarar og talet på elevar per skole eller per kommune. Forholdstalet kan variere på ulike trinn.

0 Oppheva med lov 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 aug 2003, etter res. 27 juni 2003 nr. 774), føyd til att med lov 21 juni 2013 nr. 98 (ikr. 1 aug 2013, etter res. 21 juni 2013 nr. 685).
§ 8-4.(Oppheva med lov 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 aug 2003, etter res. 27 juni 2003 nr. 774).)

Kapittel 9. Leiing, funksjonar, utstyr og læremiddel i skolen

§ 9-1. Leiing

Kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing.

Opplæringa i skolen skal leiast av rektorar. Rektorane skal halde seg fortrulege med den daglege verksemda i skolane og arbeide for å vidareutvikle verksemda. Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar. Rektorar kan tilsetjast på åremål.

Departementet kan etter søknad gjere unntak frå reglane i andre ledd og gi høve til andre måtar å organisere leiinga på.

0 Endra med lover 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 jan 2004, etter res. 27 juni 2003 nr. 774), sjå den lova II, 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660).
§ 9-2. Rådgiving og skolebibliotek

Elevane har rett til nødvendig rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval og om sosiale spørsmål. Departementet gir nærmare forskrifter.

Elevane skal ha tilgang til skolebibliotek. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

§ 9-3. Utstyr

Skolane skal ha tilgang til nødvendig utstyr, inventar og læremiddel.

0 Endra med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735).
§ 9-4. Lærebøker og andre læremiddel

I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. I særlege tilfelle kan departementet gjere unntak frå denne regelen.

Norske og samiske lærebøker og tilsvarande digitale læremiddel som blir brukte i skolen, skal vere i samsvar med offisiell rettskriving. Nynorskutgåvene skal følgje læreboknormalen. Med lærebøker er her meint alle trykte læremiddel som elevane regelmessig bruker for å nå vesentlege delar av kompetansemåla i eit fag.

Lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal ha nok tilfang på begge målformer slik at elevane lærer å lese både bokmål og nynorsk.

Ordlister og ordbøker til skolebruk skal godkjennast av Språkrådet.

Departementet gir nærmare forskrifter om kva læremiddel som er omfatta av kravet i første leddet.

Reglane i første og fjerde ledd gjeld ikkje for samiske læremiddel.

0 Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660), 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010, etter res. 25 juni 2010 nr. 982).
§ 9-5. Skoleanlegga

Kommunen skal sørgje for tenlege grunnskolar.

Til vanleg bør det ikkje skipast grunnskolar med meir enn 450 elevar.

På grunnskolar og i kombinerte anlegg for skole og andre formål må det ikkje kunne serverast alkohol eller takast med alkohol til nyting under arrangement i offentleg som privat regi. I kombinerte anlegg for skole og andre formål kan det i særlege høve gjerast unntak når desse anlegga vert nytta til kulturelle og sosiale føremål utanom skoletida.

§ 9-6.Om reklame i skolen

Skoleeigaren skal sørgje for at elevane ikkje blir utsette for reklame som er eigna til å skape kommersielt press, eller som i stor grad kan påverke holdningar, åtferd og verdiar, mellom anna på skolens område, i lærebøker og andre læremiddel som blir nytta i opplæringa. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

0 Føyd til med lov 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758).

Kapittel 9a. Elevane sitt skolemiljø

0 Kapitlet føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735).
§ 9a-1.Generelle krav

Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

0 Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735).
§ 9a-2.Det fysiske miljøet

Skolane skal planleggjast, byggjast, tilretteleggjast og drivast slik at det blir teke omsyn til tryggleiken, helsa, trivselen og læringa til elevane.

Det fysiske miljøet i skolen skal vere i samsvar med dei faglege normene som fagmyndigheitene til kvar tid anbefaler. Dersom enkelte miljøtilhøve avvik frå desse normene, må skolen kunne dokumentere at miljøet likevel har tilfredsstillande verknad for helsa, trivselen og læringa til elevane.

Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behova deira. Skolen skal innreiast slik at det blir teke omsyn til dei elevane ved skolen som har funksjonshemmingar.

Dersom ein elev eller forelder, eller eit av råda eller utvala ved skolen der desse er representerte, ber om tiltak for å rette på fysiske miljøtilhøve, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.

0 Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735).
§ 9a-3.Det psykososiale miljøet

Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør.

Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn.

Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.

0 Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735).
§ 9a-4.Systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane (internkontroll)

Skolen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av dette kapitlet blir oppfylte. Skoleleiinga har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde det fysiske så vel som det psykososiale miljøet.

0 Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735).
§ 9a-5.Elevdeltaking i skolemiljøarbeidet

Elevane skal engasjerast i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske arbeidet for helse, miljø og tryggleik ved skolen. Skolen skal leggje oppgåver til rette for elevane etter kva som er naturleg for dei enkelte årstrinna.

Elevrådet kan nemne opp skolemiljørepresentantar til å vareta elevane sine interesser overfor skolen og myndigheitene i saker som har med skolemiljøet å gjere. Skolemiljørepresentantane deltek i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske helse-, miljø- og tryggingsarbeidet ved skolen i den grad det vedkjem skolemiljøet for elevane.

Elevane kan møte med inntil to skolemiljørepresentantar i arbeidsmiljøutvalet eller anna samarbeidsorgan der eit slikt er oppretta ved skolen i samsvar med arbeidsmiljøloven kapittel 7, når dette behandlar spørsmål som vedkjem skolemiljøet for elevane. Skolemiljørepresentantane har da talerett og rett til å få meininga si protokollert. Skolemiljørepresentantane skal ikkje vere til stades når utvalet behandlar saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter.

Skolemiljørepresentantane har rett til den informasjon som trengst for oppdraget, så langt informasjonen ikkje er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter.

Skolemiljørepresentantane har rett til den opplæring og det fritak frå undervisningstimar som trengst for å skjøtte oppgåvene.

0 Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735), endra med lover 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660), 17 juni 2005 nr. 62 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 17 juni 2005 nr. 609).
§ 9a-6.Informasjonsplikt og uttalerett

Samarbeidsutvalet, skoleutvalet, skolemiljøutvalet og dessutan elevrådet og foreldrerådet skal haldast løpande underretta om alle tilhøve - deriblant hendingar, planar og vedtak - som har vesentleg betydning for skolemiljøet. Råda og utvala har på førespurnad rett til å få framlagt dokumentasjon for det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet ved skolen.

Råda og utvala som er nemnde i første ledd, skal så tidleg som mogleg takast med i planlegginga og gjennomføringa av miljøtiltak ved den enkelte skolen, og har rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som har betydning for skolemiljøet.

Dersom skolen blir klar over tilhøve ved skolemiljøet som kan ha negativ verknad for helsa til elevane, skal elevane og dei føresette snarast mogleg varslast om det.

0 Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735), endra med lov 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660).
§ 9a-7.Straff

Med bøter eller fengsel i inntil 3 månader eller begge delar blir den straffa som forsettleg eller aktlaust bryt krava i dette kapitlet eller i forskrifter gitt i medhald av det.

Medverknad blir straffa på same måten.

Fristen for forelding er fem år for brot på reglar i dette kapitlet som gjeld psykososialt skolemiljø. Elles gjeld reglane i straffelova om opphør av straff ved forelding.

0 Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735), endra med lov 21 juni 2013 nr. 98 (ikr. 1 aug 2013, etter res. 21 juni 2013 nr. 685). Vert endra med lov 20 mai 2005 nr. 28 (ikr. frå den tid som vert fastsett ved lov) som endra med lov 19 juni 2009 nr. 74.
§ 9a-8.Erstatningsansvar og bevisbyrde

Reglane i lov 13. juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning kapittel 2 gjeld for saker om psykososialt skolemiljø etter reglane i dette kapitlet.

Hvis det i saker etter første ledd ligg føre tilhøve som gir grunn til å tro at skoleeigar ikkje har følgt opp reglane i eller i medhald av opplæringslova kapittel 9a om psykososialt skolemiljø, skal dette leggjast til grunn med mindre skoleeigaren gjer noko anna truleg.

0 Føyd til med lov 21 juni 2013 nr. 98 (ikr. 1 aug 2013, etter res. 21 juni 2013 nr. 685), tidlegare § 9a-8 endra paragrafnummer til § 9a-9.
§ 9a-9.Skolefritidsordninga

Føresegnene i dette kapitlet gjeld også for skolefritidsordning oppretta etter lova her.

0 Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735), endra med lov 21 juni 2013 nr. 98 (ikr. 1 aug 2013, etter res. 21 juni 2013 nr. 685), endra paragrafnummer frå § 9a-8.
§ 9a-10.Forskrifter

Departementet kan gi nærmare forskrifter om skolemiljøet til elevane.

0 Føyd til med lov 20 des 2002 nr. 112 (ikr. 1 apr 2003, etter res. 20 des 2002 nr. 1735), endra med lov 21 juni 2013 nr. 98 (ikr. 1 aug 2013, etter res. 21 juni 2013 nr. 685), endra paragrafnummer frå § 9a-9.

Kapittel 10. Personalet i skolen m.m.

0 Overskriften endra med lov 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011, etter res. 24 juni 2011 nr. 639).
§ 10-1. Krav om kompetanse ved tilsetjing av undervisningspersonell

Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Departementet gir nærmare forskrifter om krav til utdanning og praksis for den som skal tilsetjast i undervisningsstillingar på ulike årstrinn og i ulike skoleslag.

0 Endra med lover 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 22 juni 2012 nr. 582).
§ 10-2.Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag

Tilsette som skal undervise, må ha relevant kompetanse i dei faga dei skal undervise i.

Departementet gir nærmare forskrifter om krav til relevant kompetanse for dei som skal undervise på ulike årstrinn og i ulike skoleslag. Departementet kan i forskrift også fastsetje at det ikkje skal stillast krav om relevant kompetanse i enkelte fag.

Krav om relevant kompetanse i undervisningsfag gjeld ikkje for den som er mellombels tilsett etter § 10-6 eller etter arbeidsmiljølova, eller den som er tilsett på vilkår etter § 10-6a. Kravet gjeld heller ikkje for den som før § 10-2 vart sett i kraft, hadde tilfredsstillande kompetanse etter dagjeldande krav for tilsetjing i undervisningsstilling, eller den som etter at § 10-2 vart sett i kraft, har fullført tidlegare allmennlærarutdanning.

Skoleeigar kan, så langt det er nødvendig, fråvike kravet om relevant kompetanse i undervisningsfag i tilfelle der skolen ikkje har nok kvalifisert undervisningspersonale i faget. Det må takast stilling til dette for kvart skoleår.

Ved skolar med årstrinn 8-10, der desse årstrinna har færre enn 60 elevar og færre enn 5 lærarårsverk, kan kravet om relevant kompetanse i undervisningsfag om nødvendig fråvikast for desse årstrinna.

0 Oppheva med lov 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 jan 2004, etter res. 27 juni 2003 nr. 774), føyd til att med lov 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 22 juni 2012 nr. 582).
§ 10-3.Personell ved leirskolar

Undervisningspersonalet ved leirskolar med fast pedagogisk bemanning skal vere tilsett i den kommunen der leirskolen ligg. Departementet kan gi forskrifter om kompetansekrav for personalet ved faste leirskolestader.

0 Endra med lov 17 sep 1999 nr. 74 (ikr. 17 sep 1999, etter res. 17 sep 1999 nr. 1011).
§ 10-4.Utlysing av stillingar

Undervisningsstillingar og rektorstillingar skal lysast ut offentleg. Kravet om slik utlysing gjeld ikkje for stillingar som er ledige for eit kortare tidsrom enn seks månader, eller når arbeidsgivaren skal tilby stillinga til ein arbeidstakar eller tidlegare arbeidstakar i verksemda med heimel i arbeidsmiljøloven § 14-2 om førerett til ny tilsetjing, § 14-3 om førerett for tilsette som arbeider deltid eller § 15-7 om oppseiingsvern.

0 Endra med lover 17 juni 2005 nr. 62 (ikr. 1 jan 2006, etter res. 17 juni 2005 nr. 609), 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010, etter res. 25 juni 2010 nr. 982).
§ 10-5.Val mellom fleire søkjarar

Når ein må velje mellom fleire søkjarar til den same stillinga, skal det leggjast vekt på utdanning og praksis, kva undervisningsbehov tilsetjinga skal ta sikte på å dekkje, og kor kvalifisert søkjaren elles er for stillinga.

§ 10-6. Mellombels tilsetjing

Dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava for tilsetjing i § 10-1, kan andre tilsetjast mellombels. Med mindre det er avtalt ein kortare tilsetjingsperiode, skal tilsetjinga vare til og med 31. juli.

0 Ikr. 27 nov 1998 (etter res. 27 nov 1998 nr. 1096). Endra med lov 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 22 juni 2012 nr. 582).
§ 10-6a.Tilsetjing på vilkår

Dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava for tilsetjing i § 10-1, kan ein annan søkjar som er i gang med relevant utdanning, tilsetjast på det vilkår at utdanninga blir fullført. Arbeidsgivar og arbeidstakar avtaler lengda på tilsetjinga på vilkår, under omsyn til omfanget av stillinga, lengda på utdanninga og kor tilgjengeleg utdanningstilbodet er. Dersom vilkåra ikkje blir oppfylte, gjeld reglane i arbeidsmiljøloven § 14-9 om avslutning av arbeidsforhold ved mellombels tilsetjing.

0 Føyd til med lov 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 jan 2014, etter res. 22 juni 2012 nr. 582).
§ 10-7.Praksisplassar i skolen

Departementet kan i det enkelte tilfellet eller i forskrifter gi pålegg om at kommunar eller fylkeskommunar skal gi studentar frå universitet og høgskolar praksisopplæring og rettleiing i skolen, og om val av den som skal stå for praksisopplæringa.

§ 10-8.Kompetanseutvikling

Skoleeigaren har ansvar for å ha riktig og nødvendig kompetanse i verksemda. Skoleeigaren skal ha eit system som gir undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med særoppgåver i skoleverket høve til nødvendig kompetanseutvikling, med sikte på å fornye og utvide den faglege og pedagogiske kunnskapen og å halde seg orienterte om og vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet.

0 Endra med lov 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660).
§ 10-9. Politiattest

Den som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen eller i vidaregåande skole, i musikk- og kulturskolen etter § 13-6, i skolefritidsordninga etter § 13-7 eller for å gi leksehjelp etter § 13-7 a, må leggje fram politiattest med tilsvarande innhald som er nemnd i politiregisterlova § 39 første ledd. Kravet gjeld også for personar som skal tilsetjast fast eller mellombels i skoleliknande aktivitetstilbod. Skoleliknande aktivitetstilbod vil seie aktivitetstilbod i regi av skoleeigaren med tilknyting til skolen, og som har karakter av opplæring.

Skoleeigaren kan også krevje politiattest som nemnd i politiregisterlova § 39 første ledd av andre personar som regelmessig oppheld seg i grunnskolen, i vidaregåande skole eller i tilbod som nemnd i første ledd.

Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikkje tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen eller i musikk- og kulturskolen, i skolefritidsordninga, for å gi leksehjelp eller i skoleliknande aktivitetstilbod som nemnd i første ledd. I andre tilfelle må konsekvensane av merknader på politiattesten vurderast konkret.

Departementet gir nærmare forskrifter.

0 Endra med lover 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660), 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011, etter res. 24 juni 2011 nr. 639).
§ 10-10.Tariffavtalar om lønns- og arbeidsvilkår

For stillingar som går inn under denne lova, blir lønns- og arbeidsvilkåra fastsette i tariffavtale. Kongen i statsråd fastset kven som skal forhandle med dei tenestemannsorganisasjonane som har rett til å forhandle om lønns- og arbeidsvilkår.

§ 10-11.Personale som ikkje er tilsett i undervisningsstilling og som skal hjelpe til i opplæringa

Personale som ikkje er tilsett i undervisningsstilling etter § 10-1 eller § 10-6 kan hjelpe til i opplæringa dersom dei får nødvendig rettleiing. Slik hjelp må berre skje på ei slik måte og i eit slikt omfang at eleven får forsvarleg utbytte av opplæringa. Personale som ikkje er tilsett i undervisningsstilling, skal ikkje ha ansvaret for opplæringa.

0 Føyd til med lov 21 juni 2013 nr. 98 (ikr. 1 aug 2013, etter res. 21 juni 2013 nr. 685).

Kapittel 11. Organ for brukarmedverknad i skolen

§ 11-1. Samarbeidsutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.

Dersom samarbeidsutvalet får delegert styringsoppgåver frå kommunen, kan kommunen nemne opp fleire representantar til utvalet. Kommunen kan nemne opp samarbeidsutvalet som styre for skolen etter § 11 og § 20 nr. 4 i kommunelova. Dersom kommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn samarbeidsutvalet, skal minst to representantar for foreldrerådet vere med i styret. Inga av gruppene elevar, tilsette eller foreldre kan ha fleirtal i styret aleine. Rektor har rett til å møte, tale og komme med framlegg.

Kommunen kan skipe eit felles samarbeidsutval for grunnskole og kommunal barnehage. Etter avtale kan ei tilsvarande ordning etablerast mellom privat barnehage og kommunal skole. Utvalet skal ha to representantar for elevane, ein representant for undervisningspersonalet, ein representant for andre tilsette i skolen, to representantar for dei tilsette i barnehagen, to representantar for foreldrerådet i skolen og to representantar for foreldrerådet i barnehagen. I tillegg til dei representantane for kommunen som følgjer av første og tredje leddet, kan eigaren av barnehagen nemne opp inntil to medlemmer.

0 Endra med lov 16 apr 1999 nr. 18 (ikr. 1 juli 1999, etter res. 16 apr 1999 nr. 388).
§ 11-1a.Skolemiljøutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.

Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal.

Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skolemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

0 Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660).
§ 11-2. Elevråd ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det for årstrinna 5-7 og for årstrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten.

Ein medlem av undervisningspersonalet på skolen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet.

Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet eller rektor krev det.

Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skolen og arbeide for å skape godt lærings- og skolemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.

0 Endra med lover 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 aug 2003, etter res. 27 juni 2003 nr. 774), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660).
§ 11-3.(Oppheva med lov 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 aug 2003, etter res. 27 juni 2003 nr. 774).)
§ 11-4. Foreldreråd ved grunnskolar

På kvar grunnskole skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer.

Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.

Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.

§ 11-5. Skoleutval ved vidaregåande skolar

Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skoleutval med representantar for dei tilsette og fylkeskommunen og to representantar valde av elevrådet. Rektor ved skolen skal vere representant for fylkeskommunen.

Skoleutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.

Fylkeskommunen kan nemne opp skoleutvalet som styre for skolen etter § 11 og § 20 nr. 4 i kommunelova. Dersom fylkeskommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn skoleutvalet, skal minst to representantar for elevrådet vere med i styret. Inga av gruppene elevar eller tilsette kan ha fleirtal i styret aleine.

Rektor har rett til å møte, tale og komme med framlegg.

0 Endra med lov 16 apr 1999 nr. 18 (ikr. 1 juli 1999, etter res. 16 apr 1999 nr. 388).
§ 11-5a.Skolemiljøutval ved vidaregåande skolar

Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, dei tilsette, skoleleiinga og fylkeskommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane er i fleirtal.

Skoleutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når skoleutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast ein eller fleire tilleggsrepresentantar for elevane, slik at dei får fleirtal.

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette og elevane tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

0 Føyd til med lov 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660).
§ 11-6. Elevråd og allmøte ved vidaregåande skolar

Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit elevråd med minst ein medlem for kvar tjuande elev. Elevrådet blir valt ved skriftleg røysting.

Elevrådet skal blant anna arbeide for læringsmiljøet, arbeidsforholda og velferdsinteressene til elevane.

Dersom elevrådet eller ein femdel av elevane ønskjer det, skal det haldast allmøte for elevane på skolen. Elevrådet er bunde av vedtak i allmøte i saker som er nemnde i innkallinga til møtet når meir enn halvparten av elevane på skolen er til stades og røystar.

§ 11-7. Fellesreglar

Råda og utvala etter reglane i §§ 11-1 til 11-6 vel sjølv leiar og nestleiar. Dei vel også sekretær.

§ 11-8.Elevrepresentantar i fylkeskommunale nemnder

Representantar for elevane i vidaregåande opplæring har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder etter tilsvarande reglar som gjeld tilsette, jf. § 26 i kommunelova.

§ 11-9.Foreldreutvalet for grunnopplæringa

Kongen i statsråd nemner opp Foreldreutvalet for grunnopplæringa. Utvalet skal ha leiar, nestleiar og fem andre medlemmer. Funksjonstida er fire år. Departementet gir nærmare forskrifter om omfanget av og innhaldet i arbeidet til Foreldreutvalet.

0 Endra med lov 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 jan 2009, etter res. 20 juni 2008 nr. 621).
§ 11-10. Dispensasjon

Departementet kan i særlege tilfelle gjere unntak frå reglane i §§ 11-1 til 11-7.

Kapittel 12. Organ knytte til fagopplæring i bedrift

§ 12-1. Organ for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa

Departementet nemner opp eit organ for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa. Organet skal hjelpe departementet med råd og ta initiativ for å fremje fag- og yrkesopplæringa. Organet skal ha representantar for partane i arbeidslivet og for departementet. Departementet fastset samansetjinga av og oppgåvene til organet.

0 Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004, etter res. 2 juli 2004 nr. 1064).
§ 12-2. Faglege råd

Departementet nemner opp faglege råd for fag- og yrkesopplæringa. Kvart fag eller fagområde som kan ha læretid i bedrift, skal vere knytt til eit fagleg råd. Departementet avgjer etter framlegg frå organet for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa kva for faglege råd som skal skipast, storleiken på råda, kva for fagleg felt det enkelte rådet skal dekkje og reglement for oppgåvene til råda.

0 Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004, etter res. 2 juli 2004 nr. 1064).
§ 12-3.Yrkesopplæringsnemnder og yrkesutval

Fylkeskommunen nemner opp yrkesopplæringsnemnd med oppgåver etter §§ 4-3, 12-3 og 12-4.

Nemnda skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer som til saman skal ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål. Det skal i alle høve nemnast opp medlemmer frå partane i arbeidslivet etter forslag frå arbeidstakarorganisasjonane og etter forslag frå arbeidsgivarorganisasjonane. Partane i arbeidslivet skal ha fleirtal i nemnda. Dessutan skal det nemnast opp minst éin representant for elevar, lærlingar eller lærekandidatar etter forslag frå organisasjonar eller organ som representerer desse. Fylkeskommunen kan be lærarorganisasjonane om forslag til medlemmer i nemnda.

Nemnda vel sjølv leiar og nestleiar. Funksjonstida til nemnda er den same som for fylkestinget. Representantane for elevane, lærlingane og lærekandidatane blir oppnemnde for to år om gongen.

Fylkeskommunen skal førebu dei sakene nemnda skal behandle.

Departementet kan gi nærmare forskrifter om arbeidet i nemnda.

Nemnda skal nemne opp eit rådgivande yrkesutval for kvart av faga eller fagområda, eller nytte prøvenemnda som yrkesutval. Departementet kan gi forskrifter om samansetjinga av og verksemda til yrkesutvala.

Kommunelova § 14 nr. 1 bokstav a gjeld ikkje for oppnemning av medlemmer til yrkesopplæringsnemnda.

0 Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 nov 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758).
§ 12-4.Oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda

Yrkesopplæringsnemnda skal fremje behov hos og synspunkt frå arbeidslivet overfor fylkeskommunane.

Yrkesopplæringsnemnda skal i form av vedtak uttale seg i saker som fylkeskommunen etter § 4-8 er pliktig til å leggje fram for nemnda. Dette gjeld mellom anna saker om godkjenning av lærebedrifter og tap av godkjenning, og om fylkeskommunens kvalitetssystem for fag- og yrkesopplæringa.

Yrkesopplæringsnemnda skal arbeide for å heve kvaliteten av heile fag- og yrkesopplæringa. Yrkesopplæringsnemnda skal særleg

- fremje forslag til organisering, arbeidsmåtar og strategiar for å utvikle kvaliteten av fag- og yrkesopplæringa
- vurdere og uttale seg om rutinane i fylkeskommunen for å sikre kvaliteten av fag- og yrkesopplæringa
- vurdere korleis partane i arbeidslivet skal bidra til kvalitetsutvikling og -sikring i fag- og yrkesopplæringa
- vurdere korleis samhandlinga mellom skolar og lærebedrifter kan betrast
- vurdere korleis kompetanseutvikling kan sikrast.

Yrkesopplæringsnemnda skal arbeide for best mogleg dimensjonering av den vidaregåande opplæringa, og gi fylkeskommunen råd om tiltak i samband med den årlege fastsetjinga av tilbod.

Yrkesopplæringsnemnda skal arbeide for at rådgivinga om fag- og yrkesopplæring blir best mogleg, og foreslå tiltak der ho finn det nødvendig.

Yrkesopplæringsnemnda skal gi råd om korleis utvikling av fag- og yrkesopplæringa og samhandling mellom skolar og bedrifter kan medverke til regional utvikling, mellom anna utvikling av nye verksemder og arbeidsplassar.

Yrkesopplæringsnemnda kan gi fylkeskommunen fullmakt til å gjere den faglege vurderinga av bedrifter eller til å utføre andre oppgåver som etter lov eller forskrift er lagde til yrkesopplæringsnemnda.

0 Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004, etter res. 2 juli 2004 nr. 1064), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 nov 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758).
§ 12-5.Læreplangrupper

Departementet nemner opp læreplangrupper som skal hjelpe til i arbeidet med å fastsetje innhaldet i opplæringa i fag eller arbeidsområde som har læretid i bedrift.

Departementet skal syte for at både arbeidslivet og skolesida får ta del i arbeidet med nye læreplanar.

0 Endra med lov 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004, etter res. 2 juli 2004 nr. 1064).
§ 12-6. Klagenemnd for fag- og sveineprøver

Departementet nemner opp klagenemnder som er klageinstans for klager på vedtak om ikkje bestått fag- eller sveineprøve. Kvar nemnd skal ha tre medlemmer. To av medlemmene skal ha fagutdanning. Departementet fastset kven som skal vere leiar og nestleiar.

Når det skal oppnemnast klagenemnder for fag- og sveineprøver, skal det faglege rådet for faget gi innstilling.

Medlemmene med personlege vararepresentantar, blant anna leiar og nestleiar, blir oppnemnde for fire år om gongen.

0 Endra med lov 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004, etter res. 2 juli 2004 nr. 1064).
§ 12-7.Medlemmer av organ, råd og nemnder

Den som blir oppnemnd eller vald som medlem av organet for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa, av faglege råd, av prøvenemnder eller klagenemnder, er pliktig til å ta imot vervet. Medlemmer kan likevel krevje seg fritekne for ny oppnemning i like lang tid som dei har gjort samanhengande teneste. Den som har fylt seksti år, kan krevje seg friteken.

0 Endra med lov 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004, etter res. 2 juli 2004 nr. 1064).

Kapittel 13. Ansvaret til kommunen, fylkeskommunen og staten

§ 13-1.Plikt for kommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk hjelp

Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk hjelp etter denne lova for alle som er busette i kommunen. Ansvaret gjeld ikkje elevar og andre som fylkeskommunen har ansvaret for etter §§ 13-2, 13-2 a og 13-3a.

Departementet gir forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om kven som skal reknast som busett i kommunen, og om refusjon av utgifter som andre kommunar har til grunnskoleopplæring.

Offentlege grunnskolar skal vere kommunale. I særlege tilfelle kan staten eller fylkeskommunen drive grunnskolar. Fylkeskommunen må ha godkjenning frå departementet.

Kommunen skal ha skolefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen over skolenivået.

0 Endra med lover 31 jan 2003 nr. 10, 20 juni 2014 nr. 54 (ikr. 1 aug 2014, etter res. 20 juni 2014 nr. 842).
§ 13-2.Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i institusjonar etter barnevernlova

Når det blir gjort vedtak om plassering i institusjon etter barnevernlova, er det den fylkeskommunen der institusjonen ligg som har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring etter lova her. Fylkeskommunen der institusjonen ligg har rett til refusjon av utgifter til opplæringa frå fylkeskommunen der barnet eller den unge er busett på det tidspunktet det blir gjort vedtak om plassering, etter satsar fastsett av departementet.

Ansvaret omfattar barn og unge i institusjonar i fylkeskommunen som den statlege regionale barnevernmyndigheita har ansvaret for etter barnevernlova § 5-1, og barn og unge i private og kommunale institusjonar som er godkjende etter barnevernlova § 5-8. Dersom opplæringa skjer i institusjonen, skal institusjonen sørgje for nødvendige lokale til formålet.

Departementet gir forskrifter om refusjon av utgifter til opplæring av barn og unge frå andre fylkeskommunar.

0 Endra med lover 12 apr 2002 nr. 10, 9 mai 2003 nr. 29 (ikr. 1 jan 2004, etter res. 9 mai 2003 nr. 596), 16 jan 2004 nr. 6 (ikr. 1 jan 2004), 30 juni 2006 nr. 57 (ikr. 1 jan 2007, etter res. 30 juni 2006 nr. 764), 14 des 2007 nr. 115 (ikr. 1 jan 2008, etter res. 14 des 2007 nr. 1438).
§ 13-2 a.Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskole- og vidaregåande opplæring i fengsel

Fylkeskommunen har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring etter denne lova for innsette i fengsel innanfor vedkommande fylkeskommune.

Når opplæringa skjer i fengsel, skal kriminalomsorga sørgje for nødvendige lokale til formålet.

0 Føyd til med lov 20 juni 2014 nr. 54 (ikr. 1 aug 2014, etter res. 20 juni 2014 nr. 842).
§ 13-3.Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for vidaregåande opplæring

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til vidaregåande opplæring etter denne lova for alle som er busette i fylkeskommunen.

Fylkeskommunen skal gi tilbod til søkjarar utan rett etter § 3-1 eller § 4A-3.

Departementet gir forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om kven som skal reknast som busett i fylkeskommunen. Departementet kan gi forskrifter om at heimfylket i rimeleg grad har ansvaret for å refundere utgifter i samband med vidaregåande opplæring i eit anna fylke. Departementet kan påleggje fylkeskommunen å setje i gang vidaregåande opplæringstilbod som omfattar søkjarar frå andre fylke.

Fylkeskommunen skal planleggje og byggje ut det vidaregåande opplæringstilbodet under omsyn til blant anna nasjonale mål, ønska til søkjarane og det behovet samfunnet har for vidaregåande opplæring i alle utdanningsretningar og for ulike aldersgrupper, og under omsyn til ansvaret sitt for opplæring i fengsel og i sosiale og medisinske institusjonar og behovet for spesialundervisning.

Offentlege vidaregåande skolar skal vere fylkeskommunale. I særlege tilfelle kan staten eller ein kommune drive vidaregåande skolar. Kommunen må ha godkjenning frå departementet.

0 Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 17 juni 2005 nr.105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr.660), 20 juni 2014 nr. 54 (ikr. 1 aug 2014, etter res. 20 juni 2014 nr. 842).
§ 13-3 a.Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i helseinstitusjonar

Fylkeskommunen der ein institusjon ligg skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring etter lova her for pasientar i helseinstitusjonar som eit regionalt helseføretak eig, og for pasientar i private helseinstitusjonar som har avtale med regionale helseføretak. Fylkeskommunens ansvar gjeld berre for pasientar i institusjonsplassar som regionale helseføretak finansierer. Dersom opplæringa skjer i institusjonen, skal institusjonen sørgje for nødvendige lokale til formålet.

Fylkeskommunen der ein institusjon ligg, har rett til refusjon av utgifter til opplæringa frå fylkeskommunen der pasienten var busett på det tidspunktet pasienten vart innlagd. Refusjonsretten er avgrensa til å gjelde pasientar i institusjonar som tilbyr tverrfagleg, spesialisert behandling for rusmiddelavhengige og pasientar i institusjonar innanfor det psykiske helsevernet.

Departementet gir forskrifter om refusjon av utgifter til opplæring av pasientar frå andre fylkeskommunar.

0 Føyd til med lov 12 apr 2002 nr. 10, endra med lover 16 jan 2004 nr. 6 (ikr. 1 jan 2004), 30 juni 2006 nr. 57 (ikr. 1 jan 2007, etter res. 30 juni 2006 nr. 764), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009, etter res. 19 juni 2009 nr. 675).
§ 13-3b.Plikt for kommunen og fylkeskommunen til å sørgje for ulykkesforsikring

Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Departementet kan gi nærmare forskrift om ulykkesforsikring.

0 Føyd til med lov 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 juli 2008, etter res. 29 juni 2007 nr. 758).
§ 13-3c.Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for rettleiing og kvalitetsutviklingstiltak

Fylkeskommunen skal etter oppdrag frå departementet rettleie om og medverke til kvalitetsutviklingstiltak som m.a. kan gi god samanheng mellom grunnskole og vidaregåande opplæring. Departementet kan gi nærmare forskrifter om desse oppgåvene.

0 Føyd til med lov 9 jan 2009 nr. 4 (ikr. 1 jan 2010) som endra med lov 19 juni 2009 nr. 94.
§ 13-3d.Plikt for kommunen og fylkeskommunen til å sørgje for foreldresamarbeid

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for samarbeid med foreldre, høvesvis i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. Organiseringa av foreldresamarbeidet skal ta omsyn til lokale tilhøve. Departementet gir nærmare forskrifter.

0 Føyd til med lov 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009, etter res. 19 juni 2009 nr. 675).
§ 13-4.Ansvaret for skoleskyss m.m.

Kommunen er ansvarleg for skyss av grunnskoleelevar og vaksne som har rett til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Kommunen er ansvarleg for å oppfylle retten til skyss av førskolebarn etter § 7-6. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for førskolebarn, grunnskoleelevar og vaksne. Elles er fylkeskommunen ansvarleg for skyss, reisefølgje og tilsyn etter reglane i kapittel 7. Kommunane betaler refusjon etter persontakst for grunnskoleelevar og vaksne som blir skyssa av fylkeskommunen.

Fylkeskommunen skal organisere skoleskyssen i samråd med kommunen. Dersom kommunen og fylkeskommunen ikkje blir samde om korleis skoleskyssen skal organiserast og finansierast, kan departementet gi pålegg.

Departementet kan gi forskrifter om heimreiser, reisefølgje og opphald for dei som må innlosjerast for å få hjelp eller opplæring etter denne lova, dessutan forskrifter om skoleskyss, skyssgodtgjersle og heimfylket sitt ansvar for å refundere utgifter til skyss i samband med vidaregåande opplæring i eit anna fylke.

0 Endra med lover 12 apr 2002 nr. 10 (ikr. 1 jan 2003, etter res. 12 apr 2002 nr. 349), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660).
§ 13-5.(Oppheva med lov 20 juni 2014 nr. 54 (ikr. 1 aug 2014, etter res. 20 juni 2014 nr. 842).)
§ 13-6.Musikk- og kulturskoletilbod

Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.

For krav om politiattest gjeld reglane i § 10-9.

0 Endra med lover 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010, etter res. 25 juni 2010 nr. 982), 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011, etter res. 24 juni 2011 nr. 639).
§ 13-7.Skolefritidsordninga

Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn.

Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.

Skolefritidsordninga skal ha vedtekter om

a. eigarforhold
b. kven som er opptaksmyndigheit
c. opptakskriterium
d. opptaksperiode og oppseiing av skolefritidsplassen
e. foreldrebetaling
f. leike- og opphaldsareal
g. dagleg opphaldstid og årleg opningstid
h. bemanning og leiing

Når skolefritidsordninga er knytt til skolar, skal rektor til vanleg vere leiar. Departementet kan gjere unntak frå kravet.

Kommunen kan krevje utgiftene til skolefritidsordninga dekte gjennom eigenbetaling frå foreldra.

For krav om politiattest gjeld reglane i § 10-9.

Kommunen kan nytte andre til å oppfylle plikta til å ha eit tilbod om skolefritidsordning, dersom dei elles oppfyller vilkåra i denne paragrafen. Kommunen fører tilsyn med private skolefritidsordningar.

Departementet kan gi nærmare forskrifter om skolefritidsordninga.

0 Endra med lover 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 aug 2003, etter res. 27 juni 2003 nr. 774), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660), 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010, etter res. 25 juni 2010 nr. 982), 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011, etter res. 24 juni 2011 nr. 639).
§ 13-7a.Plikt for kommunen til å ha tilbod om leksehjelp

Kommunen skal ha eit tilbod om leksehjelp i grunnskolen.

Tilbodet skal vere gratis for elevane. Elevane skal ha rett til å delta på leksehjelptilbodet, men det skal vere frivillig om dei ønskjer å delta.

For krav om politiattest gjeld reglane i § 10-9.

Departementet gir nærmare forskrifter om leksehjelptilbodet.

0 Føyd til med lov 25 juni 2010 nr. 49 (ikr. 1 aug 2010, etter res. 25 juni 2010 nr. 982), endra med lover 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011, etter res. 24 juni 2011 nr. 639), 20 juni 2014 nr. 54 (ikr. 1 aug 2014, etter res. 20 juni 2014 nr. 842).
§ 13-8.Oslo kommune

Oslo kommune har også dei rettane og pliktene som i denne lova ligg på fylkeskommunen.

§ 13-9.Tilskot frå staten

Staten gir tilskot til å dekkje delar av utgiftene til kommunane og fylkeskommunane. Tilskotet blir normalt gitt som eit rammetilskot etter reglar gitt av departementet.

§ 13-10.Ansvarsomfang

Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter § 2-12 har ansvaret for at krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte, under dette å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast.

Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter § 2-12 skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte. Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter § 2-12 skal ha eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå desse vurderingane og nasjonale kvalitetsvurderingar som departementet gjennomfører med heimel i § 14-4. Som ein del av oppfølgingsansvaret skal det utarbeidast ein årleg rapport om tilstanden i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa, knytt til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten skal drøftast av skoleeigar dvs. kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private grunnskolane.

0 Føyd til med lov 27 juni 2003 nr. 69 (ikr. 1 aug 2003, etter res. 27 juni 2003 nr. 774), endra med lover 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004, etter res. 2 juli 2004 nr. 1064), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009, etter res. 19 juni 2009 nr. 675), 21 juni 2013 nr. 98.

Kapittel 14. Tilsyn m.m.

0 Overskriften endra med lov 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011, etter res. 24 juni 2011 nr. 639).
§ 14-1. Statleg tilsyn

Fylkesmannen fører tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller dei pliktene dei er pålagde i eller i medhald av opplæringslova kapittel 1-16 (kommunepliktene). Reglane i kommunelova kapittel 10 A gjeld for denne tilsynsverksemda.

Departementet fører tilsyn med at andre plikter i eller i medhald av opplæringslova enn kommunepliktene blir oppfylte. Reglane i kommunelova §§ 60 c og 60 d gjeld tilsvarande for tilsynsverksemd etter dette leddet.

0 Endra med lover 4 juli 2003 nr. 84 (ikr. 1 okt 2003), som endra med lov 4 juli 2003 nr. 85, 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011, etter res. 24 juni 2011 nr. 639).
§ 14-2.Statleg råd og rettleiing

Departementet gir råd og rettleiing i spørsmål som gjeld verksemder etter denne lova, og skal elles samarbeide med kommunar, fylkeskommunar og eigarar av private skolar for å sikre eit godt og likeverdig opplæringstilbod i samsvar med lov og forskrifter.

0 Endra med lov 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011, etter res. 24 juni 2011 nr. 639).
§ 14-3.Kommunalt tilsyn med heimeopplæring

Kommunen fører tilsyn med den pliktige opplæringa for barn og unge som ikkje går på skole, og kan òg kalle dei inn til særskilde prøver. Kommunen skal krevje at barnet eller den unge skal gå i skole dersom dei krava lova her med forskrifter stiller til heimeopplæringa, ikkje er oppfylte.

0 Føyd til med lov 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011, etter res. 24 juni 2011 nr. 639).
§ 14-4.Informasjonsinnhenting og evaluering

Departementet kan gi forskrifter som pålegg dei ansvarlege for opplæringsverksemd etter denne lova og dei som mottar slik opplæring, å gi opplysningar og delta i evalueringar og rapportere om forhold som er av betydning for evaluering av opplæringsverksemda som er omfatta av denne lova.

0 Føyd til med lov 24 juni 2011 nr. 37 (ikr. 1 aug 2011, etter res. 24 juni 2011 nr. 639).

Kapittel 15. Bruk av forvaltningslova. Opplysningsplikt m.m.

0 Overskrifta endra med lov 21 juni 2013 nr. 98 (ikr. 1 aug 2013, etter res. 21 juni 2013 nr. 685).
§ 15-1.Bruk av forvaltningslova

Forvaltningslova gjeld for verksemd som etter lova her blir driven av forvaltningsorgan, med dei særreglane som er fastsette i lova her.

Reglane om teieplikt i §§ 13 - 13e i forvaltningslova gjeld òg for private skolar godkjende etter § 2-12 i lova her.

§ 15-2.Særlege reglar om klageinstans

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak i grunnskolen og for enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder etter § 5-7. For enkeltvedtak i personalsaker gjeld likevel reglane om klageinstans i § 28 i forvaltningslova.

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om inntak og spesialundervisning i den vidaregåande opplæringa, enkeltvedtak om tap av retten til vidaregåande opplæring etter § 3-8 og § 4-6, enkeltvedtak om opplæring i inntil to år ekstra etter § 3-1 femte ledd, enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter § 3-12 og enkeltvedtak om fysiske og psykososiale miljøforhold etter § 9a-2 og § 9a-3.

I samband med klage på inntak til vidaregåande opplæring kan departementet ikkje overprøve eit vedtak i fylkeskommunen om kva for utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller programområde på vidaregåande trinn 2 og 3, eller kva for skole ein søkjar skal takast inn på. For slike vedtak gjeld reglane om klageinstans i § 28 i forvaltningslova. Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om inntak til eit særskilt utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 på grunnlag av sakkunnig vurdering.

0 Ikr. 1 aug 1999, etter res. 27 nov 1998 nr. 1096, men straks for enkeltvedtak og forskrifter som fastset rettar og plikter for elevane/lærlingane frå og med skoleåret 1999-2000. Endra med lover 30 juni 2000 nr. 63 (ikr. 1 aug 2000, etter res. 30 juni 2000 nr. 645), 16 jan 2004 nr. 6 (ikr. 1 jan 2004), 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660), 29 juni 2007 nr. 91 (ikr. 1 aug 2007, etter res. 29 juni 2007 nr. 758), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 aug 2012, etter res. 22 juni 2012 nr. 582).
§ 15-3. Opplysningsplikt til barneverntenesta

Personalet i skolar etter denne lova skal i arbeidet sitt vere på vakt overfor forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.

Utan hinder av teieplikta skal personalet av eige tiltak gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. §§ 4-10 til 4-12 i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. § 4-24 i den same lova. Også etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for å gjennomføre lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, skal personalet gi slike opplysningar.

§ 15-4. Opplysningsplikta til sosialtenesta

Personalet i skolar etter denne lova skal i klientsaker gi råd og rettleiing til sosialtenesta. Personalet skal vere på vakt overfor forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta, og skal av eige tiltak gi sosialtenesta opplysningar om slike forhold. Av eige tiltak kan opplysningar berre givast med samtykke frå eleven, eventuelt frå foreldra, eller så langt opplysningane elles kan givast utan hinder av teieplikta.

§ 15-5.Plikt til å delta i arbeidet med individuell plan

Skolen skal, når det er nødvendig for å ivareta elevanes behov for eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod, delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i individuell plan heimla etter anna lov og forskrift.

0 Føyd til med lov 21 juni 2013 nr. 98 (ikr. 1 aug 2013, etter res. 21 juni 2013 nr. 685).

Kapittel 16. Iverksetjing og overgangsreglar. Endringar i andre lover

§ 16-1.Iverksetjing

Lova setjast i verk frå den tida Kongen fastset. 1 Dei enkelte reglane i lova kan setjast i verk frå ulik tid.

1 Frå 1 aug 1999, etter res. 27 nov 1998 nr. 1096.
§ 16-2.Overgangsreglar

Personell i grunnskolen som er tilsett i uoppseieleg stilling når lova blir sett i verk, kan ikkje seiast opp. For dette personellet gjeld framleis § 24 nr. 1 andre leddet og nr. 2 i lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen.

For ein periode på fem år frå lova blir sett i verk skal skolar som har skipa ei leiingsordning etter § 17 nr. 4 tredje leddet i lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen vere unntatt frå kravet om rektor etter § 9-1 andre leddet.

Retten og plikta til tiårig grunnskole etter § 2-1 gjeld barn som er fødde i 1991 og seinare. Andre barn og unge har rett og plikt til niårig grunnskole, men rykkjer opp eitt årstrinn, slik at dei avsluttar grunnskolen i 10. årstrinn.

0 Endra med lover 17 juni 2005 nr. 105 (ikr. 17 juni 2005, etter res. 17 juni 2005 nr. 660), 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008, etter res. 20 juni 2008 nr. 621).