Lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m.

DatoLOV-2005-06-17-58
DepartementBarne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Sist endretLOV-2007-06-15-21
PublisertI 2005 hefte 8
Ikrafttredelse10.09.2007
EndrerLOV-1991-11-08-76
Kunngjort17.06.2005
KorttittelLov om råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Jf. lov 8 nov 1991 nr. 76.

§ 1.Kommunane og fylkeskommunane skal sørgje for at menneske med nedsett funksjonsevne blir sikra open, brei og tilgjengeleg medverknad i arbeidet med saker som er særleg viktige for menneske med nedsett funksjonsevne. Dette gjeld mellom anna tilkomst, arbeid mot diskriminering på grunnlag av nedsett funksjonsevne og tenester for menneske med nedsett funksjonsevne.
§ 2.Kommunane skal for det formålet som er nemnt i § 1, opprette råd eller anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne.

I kommunar der viktige oppgåver for menneske med nedsett funksjonsevne er lagde til kommunedelsutval, gjeld føresegnene i denne lova tilsvarande for desse.

§ 3.Fleire kommunar kan vedta å opprette felles råd eller ei anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne.
§ 4.Kommunane kan vedta å opprette felles råd eller ei anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne og eldre.
§ 5.Der det blir oppretta råd som nemnt i §§ 2 til 4, skal saker som er nemnde i § 1, leggjast fram for rådet i god tid før dei skal avgjerast. Rådet kan også sjølv ta opp saker.

Fråsegna frå rådet skal liggje ved saksdokumenta til det kommunale organet som endeleg avgjer saka.

Første ledd gjeld tilsvarande for andre representasjonsordningar så langt det høver.

§ 6.Kommunestyra vedtek mandat for og samansetjing av råda. Reglane om forholdstalsval i §§ 36 og 37 i kommunelova gjeld ikkje ved val av råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Leiaren og nestleiaren for rådet blir oppnemnde av kommunestyret. Tilsvarande gjeld for eventuelle andre representasjonsordningar. Oppnemninga av medlemmer skal gjelde for valperioden. Ved oppnemning av representantar for menneske med nedsett funksjonsevne i kommunen skal organisasjonane deira ha forslagsrett.
§ 7.Kommunane skal sørgje for at dei administrative funksjonane for råda blir tekne vare på. Rådet har rett til å uttale seg før kommunestyret opprettar sekretariat, vedtek budsjett og gir utfyllande reglar for saksbehandlinga i rådet. Reglane om utval i kommunelova gjeld tilsvarande så langt ikkje anna går fram av denne lova. Rådet skal kvart år leggje fram ei melding om verksemda si. Meldinga skal leggjast fram for kommunestyret. Tilsvarande gjeld for eventuelle andre representasjonsordningar.
§ 8.Føresegnene i §§ 2-7 gjeld tilsvarande for fylkeskommunane så langt dei høver.
§ 9.Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
0 Frå 10 sep 2007, etter res. 4 mai 2007 nr. 470.
§ 10.Frå det tidspunktet lova tek til å gjelde, blir desse endringane i lov 8. november 1991 nr. 76 om kommunale og fylkeskommunale eldreråd gjort gjeldande: - - -