Forskrift til opplæringslova

Kapittel 14. Krav til kompetanse ved tilsetjing og undervisning

0 Overskrifta endra ved forskrift 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014).

(Opplæringslova § 10-1 og § 10-3)

§ 14-1.Krav til pedagogisk kompetanse for tilsetjing

Alle som skal tilsetjast i undervisningsstilling, må ha pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanningane med forskrifter, jf. lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler § 3-2 andre ledd, eller ha tilsvarande pedagogisk kompetanse.

Til opplæring av vaksne etter opplæringslova kapittel 4A kan det også tilsetjast personar utan formell pedagogisk kompetanse etter første ledd. Føresetnaden er at vedkommande har vesentleg erfaring med opplæring av vaksne og er eigna til undervisning av vaksne.

0 Endra ved forskrift 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014).
§ 14-2.Krav for tilsetjing og undervisning på barnetrinnet

Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling på 1.–4. årstrinn, må fylle eitt av desse krava:

a) førskolelærarutdanning eller barnehagelærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, og minst 60 studiepoeng vidareutdanning innretta på undervisning på barnetrinnet
b) førskolelærarutdanning eller barnehagelærarutdanning, jf. nasjonal rammeplanar, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg
c) grunnskolelærarutdanning for 1.–7. årstrinn, jf. nasjonale rammeplanar
d) faglærarutdanning i praktiske og/eller estetiske fag, jf. nasjonale rammeplanar, eller tilsvarande kompetanse i desse faga. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
e) 3-årig faglærarutdanning for tospråklege, jf. godkjend plan. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.

Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling på 5.-7. årstrinn, må fylle eitt av desse krava:

a) grunnskolelærarutdanning for 1.–7. årstrinn eller for 5.–10. årstrinn, jf. nasjonale rammeplanar
b) faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
c) yrkesfaglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
d) universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
e) førskolelærarutdanning eller barnehagelærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg
f) 3-årig faglærarutdanning for tospråklege, jf. godkjend plan. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.

For å undervise i norsk, samisk, norsk teiknspråk eller matematikk på barnetrinnet krevst det at vedkommande har minst 30 studiepoeng som er relevant for faget.

0 Endra ved forskrifter 9 juli 2007 nr. 884 (i kraft 1 aug 2007), 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 1 aug 2008), 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014).
§ 14-3.Krav for tilsetjing og undervisning på ungdomstrinnet

Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling på ungdomstrinnet, må fylle eitt av desse krava:

a) grunnskolelærarutdanning for 5.–10. årstrinn, jf. nasjonale rammeplanar
b) faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
c) yrkesfaglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
d) universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning. Ved tilsetjing for undervisning i faga norsk, matematikk eller engelsk må vedkommande likevel ha minst 60 studiepoeng relevant utdanning for faget
e) førskolelærarutdanning eller barnehagelærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg
f) 3-årig faglærarutdanning for tospråklege, jf. godkjend plan. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.

For å undervise i norsk, samisk, norsk teiknspråk, matematikk eller engelsk på ungdomstrinnet krevst det at vedkommande har minst 60 studiepoeng som er relevant for faget. For å undervise i andre fag på ungdomstrinnet krevst det at vedkommande har minst 30 studiepoeng som er relevant for faget. Dette gjeld ikkje for valfaga, utdanningsval og arbeidslivsfag.

0 Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 1 aug 2008), 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014).
§ 14-4.Krav for tilsetjing og undervisning i den vidaregåande skolen

Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i studieførebuande fag i den vidaregåande skolen, må fylle eitt av desse krava:

a) universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning
b) faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning
c) lærarutdanning, jf. § 14-2 og § 14-3, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg.

Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i yrkesfag i den vidaregåande skolen, må fylle eitt av desse krava:

a) yrkesfaglærarutdanning, jf. nasjonal rammeplan, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning
b) universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning
c) faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning
d) fagbrev, sveinebrev eller fullført og bestått anna yrkesfagleg utdanning i vidaregåande opplæring, to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring, for undervisning i fag/på fagområde som utdanninga/bakgrunnen er relevant for. I tillegg krevst pedagogisk kompetanse etter § 14-1
e) lærarutdanning, jf. § 14-2 og § 14-3, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg.

For å undervise i den vidaregåande skolen krevst det at vedkommande har minst 60 studiepoeng som er relevant for faget. Dette gjeld ikkje for prosjekt til fordjuping. Dette gjeld heller ikkje for dei som er tilsette etter andre ledd bokstav d, gitt at minst eitt av dei to åra med yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå er relevant for å undervise i faget.

0 Endra ved forskrifter 9 juli 2007 nr. 884 (i kraft 1 aug 2007), 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014).
§ 14-5.Krav for tilsetjing som morsmålslærar for elevar frå språklege minoritetar

Den som skal tilsetjast som morsmålslærar, jf. opplæringslova § 2-8 og § 3-12, må fylle eitt av desse krava:

a) lærarutdanning frå heimlandet til eleven og dokumentert gode norskkunnskapar
b) lærar med same morsmål som eleven: universitets- og/eller høgskoleutdanning av ei samla lengd på minst tre år inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, og dokumentert gode norskkunnskapar. Eitt og eitt halvt år av utdanninga må omfatte språket og kulturen til eleven
c) norskspråkleg lærar som ikkje har same morsmål som eleven: universitets- og/eller høgskoleutdanning i eleven sitt språk som samla utgjer minst 90 studiepoeng, og god kjennskap til den kulturelle bakgrunnen til eleven, i tillegg til pedagogisk utdanning etter § 14-1
d) 3-årig faglærarutdanning for tospråklege, jf. godkjend plan. Tilsetjing kan skje for undervisning der læraren har same morsmål som eleven.
0 Endra ved forskrift 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014).
§ 14-6.Krav til godkjenning før tilsetjing av lærarar med utdanning og praksis frå andre land

Personar med utdanning og praksis frå andre land må ha sentral godkjenning av yrkeskvalifikasjonane før dei kan bli tilsette som lærarar i grunnopplæringa. Slik godkjenning kan berre bli gitt av Utdanningsdirektoratet.

Godkjenninga skal ta utgangspunkt i om kvalifikasjonane for å utøve læraryrket kan seiast å vere likeverdige med krava i § 14-1 til § 14-5. I tillegg til dette gjeld særlege vilkår for godkjenning av statsborgarar frå EØS-land og frå Sveits i § 14-8.

Vedtak eller mangel på vedtak frå Utdanningsdirektoratet kan klagast inn for Kunnskapsdepartementet.

I tillegg til å krevje godkjenning frå Utdanningsdirektoratet skal arbeidsgivaren før tilsetjing stille krav om kunnskapar, dugleik og innsikt i norsk språk og i norske samfunnsforhold og skoleforhold som er nødvendige for stillinga. Arbeidsgivaren skal også før tilsetjing stille krav om at vedkommande legg fram attest frå politiet i samsvar med reglane i opplæringslova § 10-9 med tilhøyrande forskrifter.

0 Endra ved forskrifter 12 sep 2008 nr. 1070 (i kraft 3 okt 2008), 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014).
§ 14-7.Søknad om godkjenning frå personar med utdanning og praksis frå andre land og handsaming av slike søknadar

Søknad på eige formular utarbeidd av Utdanningsdirektoratet skal sendast til Utdanningsdirektoratet.

Med søknaden skal følgje:

- tilfredsstillande kopi av dokumentasjon for kvalifikasjonar
- bevis for nasjonalitet
- bevis for at søkjaren ikkje er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep frå tida før søkjaren kom til Noreg. Beviset skal utferdast av kompetent styresmakt i vedkommande land. Beviset må ikkje vere eldre enn tre månader. Dersom vedkommande land ikkje utferder slike bevis, eller andre forhold gjer det umogleg å skaffe bevis frå styresmaktene i landet, skal det leggjast fram ei eigenerklæring på ære og samvit gjeven til aktuell styresmakt i vedkommande land.

Utdanningsdirektoratet skal handsame søknadar så raskt som mogleg. Innan ein månad etter at søknad er motteken, skal mottaket vere stadfest eller søkjaren få informasjon om manglande dokumentasjon. Avgjerd i ei sak skal gjerast seinast innan fire månader etter at all nødvendig og tilfredsstillande dokumentasjon er lagd fram.

Sjølv om ein person har dei yrkeskvalifikasjonane som skal til for å få godkjenning etter § 14-6 eller § 14-8, kan Utdanningsdirektoratet avslå å gi vedkommande godkjenning ut frå manglande dokumentasjon.

0 Tilføyd ved forskrift 12 sep 2008 nr. 1070 (i kraft 3 okt 2008).
§ 14-8.Særlege vilkår for å få godkjenning for tilsetjing som lærar for statsborgarar frå EØS-land og frå Sveits

Statsborgarar frå EØS-land og Sveits har rett til godkjenning for tilsetjing, dersom dei har kvalifikasjonar som er likeverdige med krava i § 14-1 til § 14-5.

Statsborgarar frå Sveits har dessutan rett til godkjenning for tilsetjing når godkjenninga følgjer av reglane i direktiv 89/48/EØF, direktiv 92/51/EØF og direktiv 2001/19/EF, sjølv om dei ikkje har kvalifikasjonar som er likeverdige med krava i § 14-1 til § 14-5.

Statsborgarar frå EØS-land har likeeins rett til godkjenning for tilsetjing når godkjenninga følgjer av reglane i direktiv 2005/36/EF, sjølv om dei ikkje har kvalifikasjonar som er likeverdige med krava i § 14-1 til § 14-5. Hovudvilkåra for slik godkjenning etter reglane i direktiv 2005/36/EF er:

1) Søkjaren er godkjend i ein annan medlemsstat der læraryrket er regulert, og har eit utdanningsnivå frå EØS-land som minst tilsvarer nivået like under det nivået som følgjer av krava i § 14-1 til § 14-5. I samanlikninga av utdanningsnivå skal ein nytte desse fem nivåa:

Nivå a: Kompetansebevis for bestått utdanning og erfaring som ikkje femner om krava i nivåa b–e

Nivå b: Bevis for fullført og bestått vidaregåande opplæring

Nivå c:

i) Eksamensbevis for bestått utdanning ut over vidaregåande opplæring på minst eit år, eller av tilsvarande lengd på deltid, men som ikkje er omfatta av nivåa d og e. I tillegg, dersom det måtte gå fram av krava, eksamensbevis for yrkesopplæring i vidaregåande opplæring, eller
ii) Eksamensbevis for bestått utdanning som går fram av vedlegg II til direktiv 2005/36/EF.

Nivå d: Eksamensbevis for bestått utdanning ut over vidaregåande opplæring i minst tre år og høgst fire år, eller av tilsvarande lengd på deltid

Nivå e: Eksamensbevis for bestått utdanning ut over vidaregåande opplæring i minst fire år eller av tilsvarande lengd på deltid,

eller

2) Søkjaren har utdanning frå EØS-land der læraryrke ikkje er regulert, at utdanninga er relevant og minst på nivået like under det aktuelle kravet, og at søkjaren i løpet av dei ti siste åra har arbeidd som lærar i eit omfang tilsvarande minst to år i heiltid i eit slikt land,

eller

3) Søkjaren har relevant utdanningsnivå frå eit anna land enn EØS-land, at denne utdanninga er godkjend av eit EØS-land, og at søkjaren har tre års godkjend erfaring som lærar frå dette EØS-landet.

Sjølv om ein søkjar som er statsborgar i EØS-land, tilfredsstiller eit av vilkåra etter tredje ledd, kan Utdanningsdirektoratet krevje at søkjaren skal gjennomgå og bestå ein prøveperiode på høgst tre år eller bestå ein test på at vedkommande er eigna som lærar i samsvar med direktiv 2005/36/EF. Vilkår for å stille eit slikt krav, er

- at utdanninga søkjaren legg fram kvalifikasjonsbevis for, er minst eitt år kortare enn den samla utdanningstida som følgjer av § 14-1 til § 14-5, eller
- at innhaldet i søkjaren si utdanning avvik vesentleg frå innhaldet i den aktuelle norske utdanninga, eller
- at læraryrket i heimlandet til søkjaren ikkje er omfatta av dei reguleringar som gjeld læraryrket i Noreg, og at forskjellen består i at den norske lærarutdanninga inneheld vesentleg andre tema enn det søkjaren kan dokumentere.

Søkjaren kan sjølv velje mellom prøveperiode og test på om han er eigna.

Nærmare utdjupingar av vilkåra for godkjenning for tilsetjing av statsborgarar frå EØS går fram av direktiv 2005/36/EF. Nærmare utdjupingar av vilkåra for godkjenning for tilsetjing av statsborgarar frå Sveits går fram av direktiv 89/48/EØF, direktiv 92/51/EØF og direktiv 2001/19/EF.

0 Endra ved forskrifter 12 sep 2008 nr. 1070 (i kraft 3 okt 2008), 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014).
§ 14-9.Tidlegare godkjend utdanning og overgangsordningar for tilsetjing

Alle som tidlegare har vore kvalifiserte for tilsetjing i ei undervisningsstilling, eller som har fått dispensasjon frå tidlegare utdanningskrav, vil framleis ha gyldig kompetanse for å bli tilsette i undervisningsstilling.

Dei som har allmennlærarutdanning fullført våren 2014 eller seinare, kan tilsetjast på same måte som dei med allmennlærarutdanning fullført før 2014.

Ein allmennlærar som starta si allmennlærarutdanning våren 2007 eller seinare, skal dersom han eller ho blir tilsett for å undervise i norsk, matematikk eller engelsk på ungdomstrinnet, ha minst 60 studiepoeng relevant utdanning for tilsetjingsfaget. Det same gjeld ein grunnskolelærar utdanna før 1. januar 2014.

Ein førskolelærar som starta si førskolelærarutdanning hausten 2007 eller tidlegare, kan tilsetjast på 1. årstrinn i grunnskolen utan å ha slik vidareutdanning som er kravd i § 14-2 første ledd.

0 Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 1 aug 2008), 12 sep 2008 nr. 1070 (i kraft 3 okt 2008, tidlegare § 14-8), 18 juli 2012 nr. 751 (i kraft 8 aug 2012), 31 mars 2014 nr. 383 (i kraft 3 april 2014).
§ 14-10.Stillingstitlar

Stilling i grunnskolen og i vidaregåande opplæring skal normalt vere lærar, adjunkt eller lektor.

0 Endra ved forskrift 12 sep 2008 nr. 1070 (i kraft 3 okt 2008, tidlegare § 14-9).