Dom i Høgsterett - eigedomsskatt på kabelfjernsynsanlegg

Høgsterett sa 21. juni 2006 dom i sak som gjaldt spørsmålet om det kan skrivast ut eigedomsskatt på eit kabelfjernsynsanlegg med heimel i eigedomsskattelova 6. juni 1975 nr. 29 § 4 andre ledd , som gjeld eigedomsskatt for «verk og bruk».

Avgjørelse    28. juni 2006    👤Knut Davidsen

Bakgrunn for saka var eit krav frå Molde kommune om eigedomsskatt på eit kabelfjernsynsanlegg fastsett med verdi på kr 34.500.000,-. Det vart skrive ut eigedomsskatt i samsvar med fastsetjinga. Kabelfjernsynsselskapet meinte vedtaket var ugyldig, subsidiært vart det gjort gjeldande at delar av anlegget ikkje var fast eigedom og derfor ikkje kunne påleggjast eigedomsskatt. Likeeins vart det subsidiært gjort gjeldande at det låg føre sakshandsamingsfeil, særleg ved at det ikkje var halde synfaring. Selskapet fekk medhald i tingrett og lagmannsrett. Kommunen anka saka, og fekk medhald i Høgsterett på at det kunne skrivast ut eigedomsskatt.