Dom i Høgsterett - Føretaksstraff. Rett ansvarssubjekt ved overdraging av verksemd

Høgsterett avsa 19. september 2008 dom i sak om rett ansvarssubjekt ved overdraging av verksemd – sal av ”innmat” frå eit selskap til eit anna. Y AS overdrog verksemda i ein divisjon av selskapet til X AS. Overdraginga skjedde ved såkalla innmatsal. Etter overføringa vart X gitt førelegg for brot på konkurranselova, for handlingar som skal ha skjedd før overdragingstidspunktet.

Avgjørelse    30. september 2008    👤Beate Kronen

Høgsterett avsa 19. september 2008 dom i sak om rett ansvarssubjekt ved overdraging av verksemd – sal av ”innmat” frå eit selskap til eit anna. Y AS overdrog verksemda i ein divisjon av selskapet til X AS. Overdraginga skjedde ved såkalla innmatsal. Etter overføringa vart X gitt førelegg for brot på konkurranselova, for handlingar som skal ha skjedd før overdragingstidspunktet.

X vedtok ikkje førelegget og viste særleg til at føretaket ikkje kunne vere rett ansvarssubjekt. Høgsterett kom – til liks med dei tidlegare rettane – til at X ikkje var rett ansvarssubjekt. X hadde som overtakande føretak teke over ein del av verksemda i Y. Men Y hadde ikkje opphøyrt. Det var ingen økonomiske eller strukturelle band mellom dei to føretaka. I denne situasjonen kunne X ikkje påleggjast føretaksstraff etter straffelova § 48a.