Dom i Høgsterett - Krav om økonomisk oppreising etter reportasje.

Høgsterett sa 2. september 2008 dom i sak som gjaldt spørsmål om betaling av oppreising etter skadebotlova § 3-6, jf. straffelova § 390, subsidiært åndsverklova § 55, jf. § 45c, i begge tilfelle samanhalde med Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 8 jf. artikkel 10, etter publisering av artikkel med bilete frå vigsel. Dissens.

Avgjørelse    2. september 2008    👤Knut Davidsen

Høgsterett sa 2. september 2008 dom i sak som gjaldt spørsmål om betaling av oppreising etter skadebotlova § 3-6, jf. straffelova § 390, subsidiært åndsverklova § 55, jf. § 45c, i begge tilfelle samanhalde med Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 8 jf. artikkel 10, etter publisering av artikkel med bilete frå vigsel. Dissens.

Bakgrunn for saka var eit bryllup i fjæra utanfor eit pensjonat på Tjøme sommaren 2005. Se og Hør laga ei reportasje med bileter frå seremonien utan samtykke frå brudeparet, som var to kjende personar. Brudeparet reiste sak mot utgivar, redaktør, journalist og fotograf med krav om oppreising for brot på reglane om vern av privatlivets fred og på reglane om retten til eige fotografi. Dei saksøkte gjorde gjeldande at det ikkje hadde skjedd noka krenking. Brudeparet fekk medhold i tingretten, og lagmannsretten stadfesta etter anke frå Se og Hør domen frå tingretten. Se og Hør anka til Høgsterett, som under dissens tre mot to frifann bladet. Førstvoterande la til grunn at det ikkje forelå samtykke frå brudeparet, men at reportasjen ikkje innebar ei rettsstridig krenking.