Dom i Høgsterett - Krenking av privatlivet.

Høgsterett sa 7. mai 2007 dom i sak som gjeld krav på økonomisk oppreising etter rettsstridig krenking av privatlivet og krenking av personvernet etter straffelova § 390.

Avgjørelse    8. mai 2007    👤Knut Davidsen

Høgsterett sa 7. mai 2007 dom i sak som gjeld krav på økonomisk oppreising etter rettsstridig krenking av privatlivet og krenking av personvernet etter straffelova § 390.

Bakgrunnen for saka var tre reportasjar i Se og Hør om A og B som blei gjort gjeldande å innebere rettsstridig krenking av privatlivet. A og B reiste sak med krav om oppreising, og fekk medhald i tingretten. Dei saksøkte, Se og Hør Forlaget, ansvarleg redaktør og to journalistar, anka dommen til lagmannsretten, som satte ned oppreisingsbeløpet for forlaget, men dei fekk elles ikkje medhald. Dei anka til Høgsterett som stadfesta dommen, men økte beløpa for oppreising til A og B og dømte dei saksøkte til å betale sakskostnader.