Dom i Høgsterett - Røyking i røykelosje.

Høgsterett sa 21. desember 2007 dom i sak om røyking for medlemmer i ein såkalla røykelosje i eit lokale på eit hotell der berre medlemmene av losjen hadde tilgjenge til lokalet, var i strid med tobakkskadelova § 6.

Avgjørelse    21. desember 2007    👤Knut Davidsen

Høgsterett sa 21. desember 2007 dom i sak om røyking for medlemmer i ein såkalla røykelosje i eit lokale på eit hotell der berre medlemmene av losjen hadde tilgjenge til lokalet, var i strid med tobakkskadelova § 6.

Bakgrunn for saka var endringar i tobakkskadelova § 6, som etter 1. juni 2004 innførde totalt røykeforbod for serveringslokale. Foreninga Røykens Venner arbeidde for at serveringsstader skulle kunne etablere ”medlemslosjar” for fortsatt røyking i deler av serveringslokala. Eit hotell opna lokale, men blei pålagt å avvikle ordninga, som vart vurdert å stride i mot tobakkskadelova § 6. Hotellet reiste sak mot staten for å få vedtaket kjend ugyldig, men tapte i tingretten. Hotellet anka til lagmannsretten, og fekk medhald i lagmannsretten om at vedtaket var ugyldig. Staten anka til Høgsterett, som stadfesta dommen frå tingretten.