Dom i Høgsterett - skadebot for formuestap etter ras i Hanekleivtunnelen

Høgsterett avsa 19. januar 2010 dom HR-2010-102-A om krav mot staten om skadebot for formuestap frå drivar av kiosker på rasteplass ved E18 etter stenging av vegen som følgje av ras i Hanekleivtunnelen.

Avgjørelse    25. januar 2010    👤Beate Kronen

Høgsterett avsa 19. januar 2010 dom HR-2010-102-A om krav mot staten om skadebot for formuestap frå drivar av kiosker på rasteplass ved E18 etter stenging av vegen som følgje av ras i Hanekleivtunnelen.

Høgsterett var samd med lagmannsretten i at det ikkje var grunnlag for skadebot etter reglane om ansvar i kontrakt. Raset i Hanekleivtunnelen var valda ved aktløyse som staten var ansvarleg for, jf. skadebotlova § 2-1, det lå føre eit økonomisk tap, og i utgangspunktet var det årssakssamanheng mellom den aktlause handlemåten og tapet hos kioskdrivar. Men Høgsteretts fleirtal kom til at årssakssamanhengen ikke var tilstrekkeleg kvalifisert til at han ga skadebotrettsleg vern og at dette ikke ga noko urimeleg eller urettferdig utslag av reglane om skadebot på deliktgrunnlag. Staten blei frifunnen. Dissens 3-2.