Dom i Høgsterett - Spørsmål om retten til erstatningskrav direkte mot forsikringsselskapet var fråveket

Høgsterett avsa 19. september 2008 dom i sak om skadelidde etter lov om forsikringsavtaler § 7-6 første ledd kan krevje erstatning direkte frå forsikringsselskapet. Saka gjaldt retten til ved avtale å fråvike denne føresegna når forsikringa er knytt til luftfartøy, jf. forsikringsavtalelova § 1-3 andre ledd bokstav d, og om partane i saka har inngått ein slik avtale.

Avgjørelse    30. september 2008    👤Beate Kronen

Høgsterett avsa 19. september 2008 dom i sak om skadelidde etter lov om forsikringsavtaler § 7-6 første ledd kan krevje erstatning direkte frå forsikringsselskapet. Saka gjaldt retten til ved avtale å fråvike denne føresegna når forsikringa er knytt til luftfartøy, jf. forsikringsavtalelova § 1-3 andre ledd bokstav d, og om partane i saka har inngått ein slik avtale.

Høgsterett kom til at føresegna i FAL § 7-6 var fråvike i forsikringsavtalen mellom flyeigaren og Cox. Klausulen hadde eit avklara og innarbeidd innhald etter engelsk rett, og det måtte vere avgjerande ved tolkinga. Det vart då spørsmål om forsikringsavtalen gjaldt eit område der det etter forsikringsavtalelova § 1-3 andre ledd bokstav d var høve til å fråvike direktekravsregelen i § 7-6. Høgsterett vurderte verksemda til flyeigaren som næringsverksemd og svarte stadfestande på dette.