Dom i Høgsterett - straffutmåling ved fare for hiv-smitte

Høgsterett sa 17. oktober 2006 dom om straffutmåling i ei sak der ei kvinne hadde utsett ein mann for fare for å bli smitta av hiv-viruset. Dissens.

Avgjørelse    26. oktober 2006    👤Knut Davidsen

Bakgrunn for saka var om den tiltalte, A, hadde fortalt den krenkte at ho var hiv-positiv. Tiltalte hadde utsett seksualpartnaren for smittefare, og ble i tingretten dømd for brot på straffelova § 155, første straffalternativ, til fengsel i eitt år og seks månader. A anka til lagmannsretten, som satte straffa til fengsel i seks månader, 90 dagar var på vilkår. A og påtalemakta anka til Høgsterett, som under dissens (tre mot to) kom til at straffa skulle bli sett til fengsel i 120 dagar.