Dom i Høyesterett – forholdsmessighet i utvisningsvedtak

Høyesterett avsa 26. november 2010 dom HR-2010-2033-A i sak som gjaldt utvisning etter utlendingsloven (1988) § 29 første ledd bokstav a og c. Spørsmålet var særlig om utvisningsvedtaket på fem år var et uforholdsmessig inngrep etter § 29 andre ledd.

Avgjørelse    1. desember 2010    👤Aud Manger

Høyesterett avsa 26. november 2010 dom HR-2010-2033-A i sak som gjaldt utvisning etter utlendingsloven (1988) § 29 første ledd bokstav a og c. Spørsmålet var særlig om utvisningsvedtaket på fem år var et uforholdsmessig inngrep etter § 29 andre ledd.

 

Sammendrag hentet fra Høyesteretts nettside:

Saka gjaldt utvising etter utlendingslova av 1988 § 29 første ledd bokstav a og c. Utlendingsstyresmaktene avslo i januar 2000 søknad frå A om asyl. A er kurdar og kjem frå det sør-austlege Tyrkia. Før han kom til Noreg, var han i tre år i fleire land i Europa, og søkte då fånyttes om asyl i Tyskland og i Danmark.

Etter dette var det ei omfattande behandling for ulike forvaltningsorgan. I 2006 vart det gjort eit vedtak der A vart utvist frå Noreg og då for alltid. Dette vedtaket vart i 2008 endra til å gjelde utvising for fem år. Grunngivinga for utvising var langvarig opphald og arbeid utan løyve og ein dom frå 1999 for lekamsskading, jf. straffelova § 229, jf. § 232. I samband med kravsmål om mellombels åtgjerd i slutten av 2006 fekk A utsetjing med utreiseplikta til kravsmålet vart avgjort. Dette skjedde i april 2009.

Høgsterett la til grunn at A heile tida etter avslaget på asylsøknaden i januar 2000 hadde mangla opphalds- og arbeidsløyve her i landet, likevel slik at plikta til utreise hadde vore utsett under behandlinga av saka om mellombels åtgjerd. Vilkåret for utvising etter utlendingslova 1988 § 29 a var då oppfylt. Den strafflagde handlinga gjorde at også vilkåret etter § 29 c var oppfylt.

Det vart lagt til grunna at det var eit alvorleg brot på reglane om krav om opphalds- og arbeidsløyve, og at også den alvorlege, strafflagde handlinga måtte kome inn i vurderinga. A hadde ikkje tilknyting til riket gjennom lovleg opphald. Ei utvising kunne ikkje vere mishøveleg overfor A sjølv, som også kan reise attende til Tyrkia.

A manglar heimel for å vere i landet, og verknaden av utvising er dermed at han ikkje kan kome på besøk i ein periode på fem år. Kontakten med familien må oppretthaldast ved at dei eventuelt reiser til Tyrkia.

Konsekvensen av utvisinga er at han ikkje kan gi hjelp og støtte til familien under besøk her. Høgsterett kom til at utvising heller ikkje var eit mishøveleg tiltak overfor familien.

Staten v/Utlendingsnemnda vart etter dette frifunnen.