Forskrift om beredskapslagring av petroleumsprodukt

I statsråd 1. september 2006 ble det med heimel i lov 18. august 2006 nr. 61 om beredskapslagring av petroleumsprodukt § 1 fastsett forskrift om beredskapslagring av petroleumsprodukt. Forskrifta gjeld frå 2. september 2006.

Lovtidend    5. september 2006    👤Knut Davidsen

I forskrifta er det valt same løysing som i Danmark. Lagringsplikta ligg på verksemder som importerer til Noreg eller i landet framstiller lagringspliktige produkt. Verksemder som berre står for sal av lagringspliktige produkt, men ikkje sjølve importerer eller framstiller slike, er ikkje pålagt lagringsplikt. Forskrtifta inneber at den lagringspliktige skal kunne selje og forbruke lagringspliktige produkt i minst 20 dagar utan tilførsel av nye produkt.