Gamalost frå Vik – beskytta geografisk nemning

Mattilsynet fastsette 14. november 2006 forskrift om vern av produktnemninga Gamalost frå Vik som beskytta geografisk nemning.

Lovtidend    14. november 2006    👤Knut Davidsen

Forskrifta er fastsett med heimel i forskrift 5. juli 2002 nr. 698 om beskyttelse av opprinnelsesbetegnelser, geografiske betegnelser og betegnelser for tradisjonelt særpreg på landbruksbaserte næringsmidler, fisk og fiskevarer § 15, og inneheld føresegner om produktnemning,  rettmessig brukar, vilkår for bruk av produktnemninga og iverksetjing. Det er også tatt med eit vedlegg som inneheld ei  beskriving av produktopphav og tilknyting til det geografiske området for gamalosten.