Rikssalen. Foto: Statsbygg\Trond Isaksen

Misforstått om 1814

Ingen Rousseausk folkesuverenitet finst i kjeldene som gjeld Eidsvollsmøtet. Alt som blei sagt og gjort var i tråd med statsretten frå eineveldet.

Artikkel    4. mars 2014    👤Ola Mestad

[Kronikken er tidligare publisert i Dagbladet 14. februar 2014 og byggjer på ein stor artikkel som kjem i Historisk Tidsskrift nr. 1/2014.]

Lat oss først gå til 19. februar 1814. Då skreiv prins Christian Frederik i sitt opne brev at «det Norske Folk, løst fra sin Eed til den stormægtigste, høibaarne Fyrste, Frederik den Sjette ... [er] ... saaledes gjengivet et frit og uafhængigt Folks fulde Ret til, selv at bestemme sin Regjeringsforfatning».

At folket sjølv hadde rett til å avgjere var ei dramatisk ombestemming av det som hadde vore prinsens plan fram til morgonen 16. februar. Til då hadde han planlagt å gjere gjeldande den arveretten han meinte å ha til det norske riket og erklære seg som eineveldig konge. I stormannsmøtet på Eidsvoll 16. og 17. februar skifta han meining og kalte inn til riksforsamling.

Korleis kunne det ha seg? Den vanlege forklaringa er at dette bygde på folkesuverenitetsprinsippet slik det var utforma av Jean-Jacques Rousseau i 1762 og lagt til grunn i den franske revolusjonen. Romantikaren Halvdan Koht sa det klart for 100 år sidan. Grunnlaget i 1814 var at folket ikkje ved ein kontrakt kunne ha gitt «suveræniteten fra sig helt eller delvis».

Det nye prinsippet meinte han at ein gjennomførte i Noreg frå og med reaksjonane på Kielfreden. Til no har dette vore den vanlege forklaringa blant historikarar og andre. Den er feil.

Erklæringane frå 19. februar bygde i staden på suverenitetsforståinga i det dansk-norske eineveldet. Den tok som utgangspunkt at det danske og det norske folk i 1660-1661 ved eid hadde overført suvereniteten til kongen og kongehuset. I 1814 medførte teorien at suvereniteten gjekk tilbake til folket då kong Frederik 6. i Kieltraktaten erklærte folket løyst frå den som del av overføringa av kongeriket Noreg til den svenske kongen.

Korleis kom den opphavlege eiden til? 5.-7. august 1661 var 555 norske menn samla ved Akershus slott: 17 adelsmenn, tre biskopar, 82 prestar og kannikar, ni lagmenn, 36 borgarmeistrar, rådmenn og borgarar og 408 bønder.

Dei skreiv under på «for Os, vore Arvinger og Efterkommere … stadfæste og bekræfte vi … høistbemeldte hans Kongelig Majestæt som en absolut, souverain og Arve-Herre». Med dette gav dei kongen og kongehuset full arveleg suverenitet. Det var grunnlaget for det eineveldige styret i Noreg til 1814 og Danmark til 1848.

Gjennom heile perioden heldt ein fast ved at eineveldet var grunnlagt ved frivillig overføring av suvereniteten frå folket til kongen. Kunne kongen òg overføre den til andre, for eksempel til den svenske kongen? Nei, ikkje etter den statsrettslege læra. Den førande statsrettslæraren professor J.F.W. Schlegel skreiv i læreboka i 1798: «Et Folk, der har overdraget Souverainiteten, kan ikke tage den tilbage igien ... . Derimod kan den der er i Besiddelse af Souverainiteten, give den frivillig tilbage igien, naar Folket vil modtage den; men til andre, end Folket, kan han ikke overdrage den, fordi det er en aldeles personlig Ret».

Dette hadde embetsmennene lært lært. Kongen kunne berre gi suvereniteten tilbake, ikkje overdra den til andre.

I Kieltraktaten stod at danskekongen overdrog «for bestandig ... alle sine Rettigheder og Adkomster til Kongeriget Norge». Om innbyggjarane i Noreg var det fastsett at dei «ere ved og i Kraft af nærværende Afstaaelse, løste fra den Hyldings- og Troskabs-Eed, som de have svoret Kongen og Danmarks Krone».

Tidleg i februar 1814 reiste prinsen til Trondheim for å undersøkje stemninga i folket om sjølvstende og einevelde. Det var god oppslutning om sjølvstende, men iallfall i Trondheim lita oppslutning om einevelde utan grunnlov.

Tilbake på Eidsvoll kalla han inn 21 menn av «den høieste rangklasse» for å rådføre seg. Blant desse var framståande juristar og embetsmenn, med anna Marcus Gjøe Rosenkrantz, som hadde vore stiftamtmann og hatt høge dommarembete og som hadde vore ein av tre som skulle styre riket mens prinsen var ute og reiste. Andre deltakarar var professorane Niels Treschow og Georg Sverdrup.

Av kjeldene er det ikkje heilt klart korleis det myteomspunne møtet på Eidsvoll blei gjennomført. Men iallfall gjekk det over to dagar og prinsen hadde individuelle samtalar med nokre av deltakarane før plenumsmøte om ettermiddagen 16. februar.

I dagboka skreiv Christian Frederik at ingen av juristane eller dei «oplyste mænd» Treschow og Sverdrup meinte han hadde arverett. Så refererer Christian Frederik til den i ettertid mytiske talen som Sverdrup heldt i privat audiens «og hvori han indtrængende bad mig om ikke å sætte kronen paa hodet mot næsten alle oplyste mænds mening».

Møtedeltakar Christopher Anker Bergh skreiv i ettertid at i plenum ville først ingen svare då prinsen spurde om han hadde arverett. Då vende prinsen seg til Rosenkrantz, som med med «en Hædersmands Frimodighed» svarte at han måtte «erklære det for Uret, hvis Prindsen, uden Folkets Samtykke, vilde antage Kongetittelen». Rosenkrantz’ tale fekk Sverdrup til å seie at ingen hadde «større Ret end jeg eller enhver Anden til Norges Krone, der var hjemfalden til det norske Folk». Alle desse menn av høgaste rang, kanskje unntatt to, var einige med Rosenkrantz.

I dokumenta som Christian Frederik sende ut den 19. februar var resonnementet om suvereniteten innarbeidd. I brev til kongen skreiv han det same: «De har løst det norske Folk fra dets Troskabseed mod Dem, det er altsaa overladt til sig selv, og aldeles ikke forbundet til imod sin Villie at bukke under det Aag, som den svenske Regjering vil paalægge samme.»

Ingen rousseausk folkesuverenitet finst i kjeldene som gjeld Eidsvollsmøtet. Alt som blei sagt og gjort var i tråd med statsretten frå eineveldet. Ordlyden i erklæringane etterpå følgde dette konsekvent. Likevel har resonnementet ikkje blitt oppfatta i seinare historieframstillingar. Professor Jacob Worm-Müller sa i 1914 om Christian Frederik den 16. februar at her står «en representant for det eneveldige kongedømme og gripes - ikke overvinnes, men overbevises - av selve hovedidéen i den franske revolusjon».

Særleg klart er det i Sverre Steens hovudverk om 1814 frå 1951. Han heldt fast ved folkesuverenitetssynspunktet frå Koht og Worm-Müller. Steen var ikkje imponert over Christian Frederiks brev av 19. februar. Brevet «søker å bygge et rettslig eller “lovlig” grunnlag under den norske revolusjon. Først blir det slått fast at Frederik VI har løst folket fra troskapseden, og at nordmennene dermed har fått tilbake den fulle rett til å bestemme sin regjeringsform. Indirekte benektes her gyldigheten av den regjeringshandling kongen foretok før han løste folket fra dets ed, nemlig avslutningen av Kielfreden».

Så slår Steen fast utan reservasjon: «Det prinsipp som nå ble knesatt i prinsens åpne brev, var folkesuverenitetsprinsippet, som aldri hadde vært anerkjent i Danmark-Norge eller av det gamle regime i noen annen europeisk stat».

I staden for å lure på om prinsen har tenkt på noko anna enn Rousseaus folkesuverenitet, harselerer Steen og skriv at «argumentasjonen henger ikke godt sammen og røper forfatteren av brevet som nybegynner i operasjoner med folkesuvereniteten. Han forutsetter nemlig, etter ordene å dømme, at folkets rett til å bestemme regjeringsformen først inntrådte eller ble effektiv i det øyeblikk kongen løste folket fra troskapseden».

Steen har ikkje sett at dei som gav råd 16. februar stod i ein lang rettsleg tradisjon når dei viste til at det å bli løyst frå eiden var grunnlag for at suvereniteten gjekk tilbake til folket. Heller ikkje andre historikarar har forstått resonnementet bak handlingane i februar 1814. Ingen har drøfta grunnlaget i eineveldets eigen statsrett. I staden følgjer dei Koht og Worm-Müller frå 1914. Det gjeld til dømes professor Knut Mykland og seinast Karsten Alnæs’ nyutkomne flotte bok «1814. Miraklenes år», som på dette punktet følgjer Steen.

Kva blei konsekvensane i 1814 av det rettsgrunnlaget som dei tunge juristane og Sverdrup overtydde prinsen om den 16. februar? For det første gav det riksforsamlinga i utgangspunktet full kontroll med innhaldet av grunnlova. For det andre gav det mykje sterkare legitimitet til prinsens handlingar. For det tredje svekka det hans utsikter til å sameine den norske og den danske krona igjen. Og så blir det vel feil å tale om revolusjon i 1814 slik historiebøkene skriv?