Orskurd i Høgsterett - spørsmål om grovt narkotikabrotsverk

Høgsterett sa 27. august 2004 orskurd i sak om innførsel og overdraging av 600 kg khat var grovt narkotikabrotsverk, jf. straffelova § 162 andre ledd. Domfelte, som i lagmannsretten vart dømd til fengsel i 7 månader og inndraging av 200.000 kr, anka dommen, men anken vart forkasta av Høgsterett.

Avgjørelse    8. september 2004    👤Knut Davidsen

I anken over lovbruken vart det gjort gjeldande at domfellinga for innførsel og overdraging av khat med urette var ført inn under føresegna om grovt narkotikabrotsverk. Høgsterett viste til rettsutgreiinga frå rettsformannen i lagmannsretten om at grensa for grovt narkotikabrotsverk burde settast til 500 kg, og Høgsterett vektla kvantum, karakteren av brotsverket og at det hadde vore profittmotiv.