Orskurd i Høgsterett - Utlevering

Høgsterett sa 17. oktober 2007 orskurd i sak om prøving av vilkåra for utlevering av kroatisk statsborgar etter lov om utlevering av lovbrytere m.v. (utleveringslova) av 13. juni 1975 nr. 39 § 17 nr. 1, jf. § 10.

Avgjørelse    25. oktober 2007    👤Knut Davidsen

Høgsterett sa 17. oktober 2007 orskurd i sak om prøving av vilkåra for utlevering av kroatisk statsborgar etter lov om utlevering av lovbrytere m.v. (utleveringslova) av 13. juni 1975 nr. 39 § 17 nr. 1, jf. § 10.

Bakgrunn for saka var to krav om utlevering av A til Kroatia og Serbia. Grunnlaget for kravet frå Kroatia var at A i 2000 vart dømd til fengsel i 12 år for drap, kravet frå Serbia gjaldt andre strafflagde tilhøve. Tingretten kom til at vilkåra for utlevering til Serbia var til stades, dette gjaldt ikkje Kroatia. Påtalemakta påkjærte orskurden og fekk medhald i begge krava i lagmannsretten. A påkjærte lagmannsretten si orskurd til Høgsterett, som forkasta kjæremålet.