Rød Lovdata-løve på grå bakgrunn

Statsråd 12. mai 2015

I statsråd 12. mai 2015 ble fire lover sanksjonert, lov om forsvunne personar og endringslover til arvelova, skadeserstatningsloven og voldsoffererstatningsloven og sjøloven.

Lovtidend    12. mai 2015    👤Knut Davidsen

  • Lov 12. mai 2015 nr. 27 om forsvunne personar inneheld reglar om framgangsmåten når ein person er forsvunnen og ikkje kan finnast korkje levande eller død. Lova gir reglar om ei meldeplikt ved forsvinningar og reglar om forvalting av buet til den forsvunne personen. Det følgjer av lova at forvaltinga skal skje av fylkesmannen og verje i tråd med dei reglane som gjeld for personar under verjemål, med enkelte unntak. Lova gir vidare reglar om når ein forsvunnen person skal bli sett på som død. Tingretten kan ved orskurd treffe avgjerd om at ein forsvunnen person skal reknast for å vere død, og lova har reglar om to framgangsmåtar i slike tilfelle. I § 8 er det reglar om framgangsmåten i tilfelle der det ikkje er grunn til å tvile på at personen er død. Tingretten kan da treffe avgjerd «straks» om at personen skal reknast for å vere død. I § 9 er det reglar om dødsorskurd i andre høve. Desse reglane skal nyttast der det er større uvisse om forsvinninga. Det kan reisast sak om orskurd etter § 9 anten med ein gong, etter eit år eller etter fem år avhengig av graden av uvisse i saka. Fristane for å få ei avgjerd om at ein person skal reknast for å vere død, blir kortare enn i dag, og reglene blir meir tilpassa vår tid med gode og raske kommunikasjonsformer og stadig sikrare framgangsmåtar for identifisering og gjenfinning av personar. Lova inneheld òg reglar om attendeføring av mottatte verdiar om den forsvunne likevel kjem attende. Dette vil særleg gjelde arv og utbetalingar av forsikring og trygdeytingar. Lova regulerer også kva for verknad ei avgjerd om død skal ha for eit inngått ekteskap. § 2 inneheld meir utførlege reglar om lovval og jurisdiksjon for å klargjere kompetansen til norske domstolar og forvaltingsorgan i slike saker. Ved ikraftsetting av lova 1. juli 2015 vert lov 23. mars 1961 nr. 1 om forsvunne personar oppheva. Les forarbeida her.
  • Lov 12. mai 2015 nr. 28 om endringar i arvelova (avvikling av arveretten for staten til fordel for frivillig verksemd) inneber at arven etter ein avdød som ikkje let etter seg ektemake, sambuar med rett til arv eller slektningar som arvar han eller henne etter lova, og som heller ikkje har oppretta testament, skal fordelast til frivillig verksemd til fordel for barn og unge. Les forarbeida her.
  • Lov 12. mai 2015 nr. 29 om endringer i skadeserstatningsloven og voldsoffererstatningsloven (terminvis utbetaling av menerstatning) endrer dagens praksis med at prognoser om forkortet levetid hos den skadelidte som kan tilbakeføres til den ansvarsbetingende hendelsen, ikke lenger skal kunne begrunne terminvis utbetaling av menerstatning. Slike prognoser skal heller ikke   vektlegges ved utmålingen av menerstatning etter skadeserstatningsloven § 3-2. Tilsvarende skal gjelde ved utmåling av menerstatning etter voldsoffererstatningsloven § 5. Loven trer i kraft 1. januar 2016. Les forarbeidene her.
  • Lov 12. mai 2015 nr. 30 om endringer i sjøloven (erstatningsansvar ved transport av farlig gods m.m.) gjennomfører den konsoliderte 2010 HNS-konvensjonen i norsk rett, og følger dermed opp Sjølovkomiteens utredning NOU 2004: 21 Erstatningsansvar ved sjøtransport av farlig gods, med de tillegg som følger av 2010-protokollen. Endringen skjer ved å føye til et nytt kapittel 11 i loven. I tillegg økes globalansvarsgrensene i sjøloven § 175 nr. 2 og 3. Endringene i § 182 b, § 193 og § 430 er inkurier som med endringen blir korrekte. Deler av loven settes i kraft straks, § 175 trer i kraft 8. juni 2015, resten av loven fra den tid Kongen bestemmer. Les forarbeidene her.

Les statsrådslisten her.