Statsråd 15. februar 2013

I statsråd 15. februar 2013 vart det sanksjonert ei endringslov til forseinkingsrentelova. Les statsrådslista her.

Lovtidend    15. februar 2013    👤Dag T Hoelseth

I statsråd 15. februar 2013 vart det sanksjonert ei endringslov til forseinkingsrentelova. Les statsrådslista her.

  •   Lov nr. 8 om endringar i forsinkelsesrenteloven mv. (gjennomføring av direktiv 2011/7/EU om kamp mot forseinka betaling i handelshøve) gjennomfører direktiv 2011/7/EU om kamp mot forseinka betaling i handelshøve, som har blitt innlemma i EØS-avtalen. Direktivet gjeld i avtalar om kjøp av varer og tenester mellom føretak og mellom føretak og offentlege myndigheiter. Forbrukarar er ikkje omfatta av direktivet, og får ikkje endra rettsstillinga si som følgje av endringane, med unnatak av ein generell auke i forseinkingsrentesatsen med eitt prosentpoeng. For forbrukarar kan ein framleis fastsette i forskrift ein lågare sats enn den som følgjer av lova, om det er ynskjeleg. Somme av føresegnene i lova er gjort ufråvikelege, slik at ein ikkje ved avtale kan fråvike dei til ulempe for fordringshavaren. Lova trer i kraft 16. mars 2013. Les forarbeida her.

Som ei følgje av endringslova vart det òg vedteke ei delegering av mynde etter forseinkingsrentelova § 3a og ei endring i inkassoforskrifta.