Statsråd 24. august 2012

I statsråd 24. august 2012 vart lov nr. 64 om bustøtte (bustøttelova) sanksjonert. Lova skal gjelde frå 1. januar 2013. Les statsrådslista her.

Lovtidend    24. august 2012    👤Lovdata

I statsråd 24. august 2012 vart lov nr. 64 om bustøtte (bustøttelova) sanksjonert. Lova skal gjelde frå 1. januar 2013. Les statsrådslista her.

Lov nr. 64 om bustøtte (bustøttelova)  skal gje dei overordna prinsippa for bustøtte, medan dei meir detaljerte reglane blir samla i ei forskrift. Reglane om bustøtte er i dag spreidde på lov 29. mai 2009 nr. 30 om Husbanken, retningsliner vedtekne av Stortinget og ulike forskrifter. Framlegget er hovudsakleg ei lovfesting av gjeldande rett, og endringane er av meir teknisk karakter. Dei hovudprinsippa for bustøtte som Stortinget vedtok 17. mars 2009, er uendra. Det blir i tillegg gjort materielle endringar i enkelte av dei administrative føresegnene. Det er hovudsakleg endringar som vil sikre omsynet til rettstryggleiken og personvernet til dei som søkjer om bustøtte. Les forarbeida her.