Statsråd 6. juni 2008

I statsråd 6. juni 2008 blei lov nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova), lov nr. 38 om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova) og lov nr. 39 om endringar i minerallovgivinga sanksjonert.

Lovtidend    6. juni 2008    👤Knut Davidsen

I statsråd 6. juni 2008 blei lov nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova), lov nr. 38 om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova) og lov nr. 39 om endringar i minerallovgivinga sanksjonert.

Lov nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova)

  • skal sikre ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam forvaltning av dei viltlevande marine ressursane og å medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna
  • er både ei næringslov og ei miljølov og skal gjelde for alle viltlevande marine ressursar og tilhøyrande genetisk materiale
  • leggjer til rette for å regulere og forvalte nye ressursar som ikkje har vore omfatta av saltvassfiskelova
  • viser dei folkerettslege pliktene våre til å forvalte ressursane på ein ansvarleg måte
  • etablerer eit system for å implementere desse pliktene i nasjonal forvaltning
  • innfører forvaltningsprinsippet som ein grunnleggjande regel i forvaltninga av dei viltlevande marine ressursane
  • slår fast at retten til dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg, og er eit klart uttrykk for statens ansvar og rett til å forvalte ressursane til beste for fellesskapet
  • innfører ei generell ilandføringsplikt for all fisk
  • fører vidare og oppdaterer reglane om regulering av ressursuttaket
  • styrkjer reglane om tilrettelegging for og gjennomføring av ressurskontroll
  • innfører ein heimel til sporing av fangst for å få til ein betre ressurskontroll
  • utvidar registreringsordninga for kjøparar og innfører ein heimel til å fastsetje forskrift om registreringsplikt for alle som tek i mot fangst i første hand
  • innfører heimel til å påleggje tvangsmulkt for å sikre at føresegner fastsette i eller i medhald av lova vert haldne.

Lova avløyser ved ikraftsetjing lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske mv. Les forarbeida til lova her.

Lov nr. 38 om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova) skal, gjennom meldeplikta, fremje omstilling og dialog. Lova vil omfatte alle nedleggingstrua bedrifter med meir enn 30 tilsette, og ikkje berre dei bedriftene som har vore gjenstand for eit erverv.
For delegering av mynde etter lova, sjå her. Lova vert sett i kraft 1. juli 2008. Les forarbeida til lova her.

Lov nr. 39 om endringar i minerallovgivinga implementerer direktiv 2005/36/EF om gjensidig godkjenning av yrkeskvalifikasjonar innanfor EØS-området.
I gjeldande minerallovgiving var det ikkje fastsett lovkrav om kvalifikasjonar for å drive bergverksdrift, men det blir stilt kvalifikasjonskrav i konsesjonar for enkelte typar drift, som for eksempel underjordsdrift. Direktivkrava er derfor tekne inn i konsesjonar fordi reguleringa av drifta og nødvendige kvalifikasjonar for drivarane går fram i sjølve konsesjonen. Det blir fastsett i konsesjonsvilkåra at godkjenning av kvalifikasjonar frå utanlandske søkjarar skal skje i samsvar med krav i direktivet.

EFTAs overvakingsorgan ESA har gitt uttrykk for at implementering av yrkeskvalifikasjonsdirektiva på mineralsektoren må skje i lov og forskrift. Dette skjer no ved at lov om erverv av kalkstensforekomster § 4 nytt fjerde ledd, lov om erverv av kvartsforekomster § 4 nytt fjerde ledd, bergverkslova ny § 51 a og konsesjonslova § 14 nytt andre ledd lyder: ”Departementet kan i forskrift fastsette krav til faglige kvalifikasjoner hos personell som forestår drift av mineralforekomster etter denne lov, samt regler om godkjenning av tilsvarende kompetanse for borgere fra EØS-området:”
Lova vert sett i kraft 1. juli 2008. Les forarbeida til lova her.