Rød Lovdata-løve på grå bakgrunn

Statsråd 7. mai 2015

I statsråd 7. mai 2015 ble ny transplantasjonslov og ny obduksjonslov sanksjonert.

Lovtidend    7. mai 2015    👤Knut Davidsen

Lov 7. mai 2015 nr. 25 om donasjon og transplantasjon av organ, celler og vev (transplantasjonslova) fastset regler om uttak av organ, celler og vev for å behandle sjukdom eller skade hos eit anna menneske. Mellom anna skal dei regionale helseføretaka sørge for at alle potensielle donorar kan vurderast og gjevast mogelegheit for donasjon. Rammene for når det kan gjevast behandling med sikte på donasjon vert lovfesta. Dei pårørande skal framleis kunne reservere seg mot donasjon frå ein avdød donor som ikkje hadde gitt uttrykk for at vedkommande ønsker donasjon. Lova styrker retten til informasjon og medisinsk og psykologisk utgreiing før ein levande donor gir samtykke til donasjon. Den nye lova inneber ei modernisering og ei forenkling av regelverket om transplantsjon. Ved ikraftsetting av lova vert lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m. oppheva. Les forarbeida her.

Lov 7. mai 2015 nr. 26 om obduksjon og avgjeving av lik til undervisning og forsking (obduksjonslova) fastset regler om obduksjon og avgjeving av lik til bruk i undervisning og forsking. Mellom anna skal dei regionale helseføretaka sørge for nødvendig kompetanse og kapasitet til å gjennomføre medisinske obduksjonar. Lova regulerer alle medisinske obduksjonar, også når dødsfallet har skjedd utanfor institusjon. Legen som stadfester at døden har inntreft skal ha plikt til å vurdere om den avdøde bør obduserast. Den nye lova inneber ei modernisering og ei forenkling av regelverket om obduksjon. Ved ikraftsetting av lova vert lov 4. juni 1898 indeholdende visse Bestemmelser om Behandlingen av Lig oppheva. Les forarbeida her.

Les statsrådslisten her.