Statsråd 8. februar 2013

I statsråd 8. februar 2013 vart lov om endringar i kommunelova m.m. (eigenkontroll mv.) sanksjonert.  Les statsrådslista her.

Lovtidend    8. februar 2013    👤Knut Davidsen

I statsråd 8. februar 2013 vart lov om endringar i kommunelova m.m. (eigenkontroll mv.) sanksjonert.  Les statsrådslista her.

  • Lov nr. 7 om endringar i kommunelova m.m. (eigenkontroll mv.) endrar kommunelova, lov om interkommunale selskap (IKS-lova), kvitvaskingslova og inndelingslova. Det vert  lovfesta at møte i kontrollutvalet og styremøte i kommunale føretak som hovudregel skal gå for opne dører.  Oppdragsansvarleg rekneskapsrevisor skal underleggjast rapporteringsplikt etter kvitvaskingslova og det skal rapporterast om internkontrollen i årsmeldinga til kommunen. Visse føresegner om økonomiforvaltninga i interkommunale selskap (IKS-lova) blir endra for å harmonisere økonomiføresegnene i IKS-lova med føresegnene i kommunelova. Inndelingslova vert endra slik at  samansetjinga av fellesnemnda speglar innbyggjartalet i kommunen eller fylkeskommunen. Lovendringane gjeld både kommunar og fylkeskommunar. Se ikraftsettinga til loven her. Les forarbeida her.