Statsråd 18. august 2006

I statsråd 18. august 2006 vert lov nr. 61 om beredskapslagring av petroleumsprodukt sanksjonert. Lova tek til å gjelde straks.

Lovtidend    18. august 2006    👤Knut Davidsen

Lova  innfører ei ny ordning for beredskapslagring av petroleumsprodukt. Produsentar og importørar av petroleumsprodukt får plikt til å halde lager av visse petroleumsprodukt. Beredskapslagringa skal være ein del av det norske totalforsvarskonseptet, men skal òg kunne brukast til å sikre forsyningane i fredstid, og dei produkta som vert lagra, må vere i samsvar med dei produkta som samfunnet faktisk spør etter. Lova fastset vidare rammene for Kongen sin kompetanse til å fastsetje nærare føresegner i forskrift, og  gir heimel til å fastsetje i forskrift nærare føresegner om administrative sanksjonar for brot på føresegnene i lova. Les forarbeidene her.