Vedtekter til bygningsloven for Giske kommune.

DatoFOR-0000-00-00-101
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1980-01-23
Endrer
Gjelder forGiske kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Giske

Kapitteloversikt:

23. jan. 1980.
Til § 48 nr. 3.

Av utgiftene fordelast ein halvpart i forhold til eigedomane sitt grunnareal og ein halvpart i forhold til eigedomane si tillatte utnytting (brutto golvareal).

Vedtekta trer i kraft straks.

(II 1980 s 29)

7. feb. 1968
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strok vert frådelt før den har tilkomst og kloakksamband som nemnt i § 67.

(I 1968 s 264)

7. feb. 1968
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre byggjast dersom:

a.Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der tomta har tilkomsten sin. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert utlagd og veg opparbeid i større breidd enn fastsett i § 47 nr. 1, første ledd og
b.hovudkloakk, under dette tilfelle også serskild overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Ein kan ikkje krevja at det vert lagt rør av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakksambinding til annan hovudkloakk.

Kommuna kan gi reglar om utføringa. Veg og hovudkloakk som er lagt av grunneigar (festar), vert halde vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdigt og godkjendt, og tilkjem då kommuna utan verderlag. Kommuna pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidde etter første ledd, a.

Opparabeiding av gate og/eller nedlegging av kloakk som vert utført av privat må skje etter dei føresegner som gjeld for kommuna. Etter at bygningsrådet og helserådet har hatt høve til å uttale seg, kan formannskapet etter søknad gi utsetting med opparbeidingar.

Tomteeigaren må då med tinglyst fråsegn forplikte seg til å utføre arbeidet med gate og kloakk når kommuna krev det.

(I 1968 s 264)

7. feb. 1968
Til § 69 nr. 3.

I bygningsplanar og reglueringsplanar skal der gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnt i § 69 nr. 1.

I den grad trongen for slike anlegg er dekt på vedliggande areal må dette dokumenterast. Anlegga må visast i sin samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

Retningsliner for avkøyrsler og parkering av bilar, motorsyklar og syklar for busetnaden sin trong.

1.Boligbygging skal ha oppstillingsplass på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter for 1 bil pr. bolig, pluss 0,25 bil pr. bolig for gjesting. For hybelbygg krevst det tilsvarande for anna kvar hybel. Fråsegn om trongen er dekt og om inn- og utkøyringstilhøva bør ein få frå sakkunnig før godkjenning av planane.
2.Forretningsbygg skal ha oppstillingsplass på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter for 1 bil pr. 50 m² golvflate i bygnaden, til dette kjem lasteareal for vare- og lastebilar. Fråsegn om at trongen er dekt og om inn- og utkøyringstilhøva bør ein få frå sakkunnig før godkjenning av planane.
3.Industri- og lagerbygg skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 100 m² golvflate i bygnaden. Elles gjeld same påboda som i punkt 2.
4.Institusjonar, hotell, restaurantar, forsamlingslokale, skolar, idrottsanlegg, sjukehus og andre bygningsanlegg der serskilde høve gjer seg gjeldande skal ha oppstillingsplass for bilar og tilfredsstillande ut- og innkøyringsforhold.
5.Oppstillingsplass for motorsyklar og syklar skal avsettast på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter.

På sentrale stadar kan ein ta avgjerder om ferre oppstillingsplassar enn nemnt før når trafikktilhøva på staden etter sakkunnig fråsegn tilseier det.

(I 1968 s 264)

7. feb. 1968
Til § 76.

I tillegg til det som er nemnt om oppstillingsplass for bilar i vedtekt til § 69.3, 1. ledd skal bygningsrådet krevja at turvande garasjeplass skal vera sikra, etter trongen til kvar eigdom.

(I 1968 s 264)

7. feb. 1968
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at verksemder, anlegg, opplag og lager av fårleg eller sers sjenerande art, vert lagt innanfor kommuna sitt område eller del av dette.

(I 1968 s 264)

7. feb. 1968
Til § 81.

For driftsbygningar av jord- og skogbruk skal gjelda utanom reglane i bygningslova kap. III og IV og i § 65 fylgjande §§ 68, 71, 74.2, 77, 87, 88, 89, 90, 91, 93, 94.1-2.

(I 1968 s 264)

28. sept. 1978
Til § 82.
1.Sportshytter, sommarhus o.l. bygningar som berre er tiltenkt å bo i kortare tidsrom og uthus som høyrer til, kan berre plasserast og oppførast etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjend av fylkesmannen. Der disposisjonsplan ikkje ligg føre skal slike bygningar som nemnt i denne paragrafen godkjennast av bygningsrådet. Fylkesmannen kan etter tilråding frå bygningsrådet gje fritak for eller utsetjing med disposisjonsplan for eit nærare avgrensa område.
2.For bygningar som nemnt under nr. 1, skal utanom bygningslova sine kap. III og IV og § 65 også gjelde §§ 63, 66 nr.1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94 og kap. XV ig XVI. Oppmålinga skal gjerst i tomter til slike bygningar som nemnt i nr. 1.
3.Bygningsrådet kan utferda nærare reglar for hyttebygging.

(II 1978 s 477)