Vedtekter til bygningsloven for Gloppen kommune.

DatoFOR-0000-00-00-107
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-02-06-45
Endrer
Gjelder forGloppen kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Gloppen

Kapitteloversikt:

Endret 6. februar 1989 nr. 45.

Til § 69 nr. 3:

I plan for utbygging og regulering av ubebygd tomt skal det gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnde i § 69 nr. 1. I planen skal alle anlegg visast i sin samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

Parkeringsplassar skal opparbeidast etter desse normene: 

Bygningar med husvære 

Husvære under 75 m² 0,75 bilplass pr. husvære
Husvære over 75 m² 1,25 bilplass pr. husvære
Einebustad 2,00 bilplassar pr. husvære 

Bygningar med forretningar og kontor 

1. etasje 1 bilpl. pr. 40 m² br.golvareal
2. og høgare etasjar 1 bilpl. pr. 60 m² br.golvareal

Kjellar nytta til

forretningar og kontor 1 bilpl. pr. 60 m² br.golvareal

Kjellar nytta til

lager 1 bilpl. pr. 60 m² br.golvareal 

Bygningar med industri- og lagerverksemd 

Alle etasjar 1 bilpl. pr. 100 m² br. golvareal

Brutto golvareal etter vedtektene til § 69 nr. 3 skal utreknast etter pkt. 6.3 i NS-3940. 

Til § 76 tredje punktum:

Bygningsrådet kan krevje at nødvendig garasjeplass skal vere sikra for eigedomen sitt behov. Plassering av garasje skal byggemeldast samstundes med byggemelding for bustadhuset sjølv om garasjen ikkje vert bygt samstundes med bustaden. 

Til § 78 nr. 1 tredje ledd:

Bygningsrådet kan forby at verksemder, anlegg, opplag og lager som er farlege eller særleg sjenerande blir lagde innanfor kommunen sitt område eller deler av dette.

Vedtektene trer i kraft 15. februar 1988.

Samstundes vert alle vedtekene til bygningslova av 1965, stadfesta 12. juni 1967 oppheva.

12. juni 1967
Til § 52.
1.Når kommunen i samsvar med reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa seg grunn til eller opparbeidd felles avkøyrsle, felles gardsplass eller anna felles areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundere utgiftene til kommunen.

Kommunen fordeler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i fyrste ledd i høve til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal refusjon og fordeling fastsetjast ved skjønn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjende med dette høvet og med høvet til å få avgjerda til kommunen prøvd ved skjønn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at det er endeleg fastsett. For eigedomar som ikkje straks får full nytte av anlegget, kan det verta fastsett at betalinga heilt eller delvis skal vente.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen overdrage eigedomen utan verderlag til eigarane av dei interesserte eigedomane. Dei vert sameigarar i same forhold som fastsett for refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2 fyrste punktum gjeld tilsvarande.

(I 1961 s 1181)

12. juni 1967
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk vert fråskilt før der er kome veg og kloakk fram som nemnt i § 67.

(I 1967 s 1181)

12. juni 1967
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan byggjast på berre dersom:

a)opparbeidd og godkjend veg fører til og langs den sida av tomta der åtkomst er.

Det kan ikkje krevjast at det blir utlagt veggrunn og opparbeidd veg i større breidd enn fastsett i § 47 nr. 1, fyrste ledd, og

b)hovudkloakk, i tilfell også medrekna særskilt overvatnsleidning, fører til eller over tomta. Det kan ikkje økrevjast røyr med større diameter enn 305 mm.

Bygningsrådet kan med samtykke frå helserådet godta kloakksamband til annan hovudkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa. Veg og kloakk som er lagde av grunneigar (festar) vert haldne ved like av kommunen frå den tid anlegget er ferdig og godkjent og fell då til kommunen utan vederlag.

Kommunen har likevel ikkje plikt til å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidd etter fyrste ledd, a.

(I 1967 s 1181)

12. juni 1967
Til § 69 nr. 3.

I planer for bygging og regulering skal det gjerast greie for plassering for dei anlegg som er nemnde i § 69 nr. 1. I den mon behovet for slike anlegg er dekt, må dette dokumenterast.

Anlegga må visast i sin samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

(I 1967 s 1181)

12. juni 1967
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevje at turvande garasjeplass skal vere sikra for eigedomen. Plassering av garasje skal meldast samstundes med bustadhuset.

(I 1967 s 1181)

12. juni 1967
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller særleg sjenerande art blir lagde innafor kommunens område eller del av dette.

(I 1967 s 1181)

12. juni 1967
Til § 81.

Utanom reglane i bygningslova kap. III og IV og § 65 skal gjelde §§ 93 og 94 om meldeplikt, og kap. XV og XVI gjelde for driftsbygningar for jord- og skogbruk.

(I 1967 s 1181)

7. feb. 1980
Til § 82.
1.Det er ikkje tillatt å frådele eller bygsle bort tomtar for eller å føre opp sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom samt tilhøyrande uthus uten at det er utarbeidd disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjend av fylkesmannen.
2.Bygningar som er nemnt i nr. 1 kan ikkje førast opp nærare vassdrag enn 50 m målt i horisontalplanet ved gjennomsnittleg flomvasstand.

Det skal være minst 20 m avstand frå bygning til gangsti eller køyreveg som er open for ålmenn ferdsle, målt i horisontalplanet frå midten av vegen.

3.For bygningar og frådeling av tomt som er nemnde under nr. 1 skal foruten bygningslovas kap. III, IV og § 65 første ledd ogs gjelde §§ 62, 63 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 87, 93, 94, 109, kapittel XV og XVI og byggeforskriftenes kapittel 49. For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelde.
4.Bygningsrådet kan elles utferda nærare reglar for hyttebygging.
5.Bygningsrådet kan gje dispensasjon frå vedtekta når særlige grunnar ligg føre.

(II 1980 s 56)