Vedtekter til bygningsloven for Granvin kommune

DatoFOR-0000-00-00-111
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-06-17-1735
Endrer
Gjelder forGranvin kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Granvin

Kapitteloversikt:

7. mai 1986 nr. 1116.
Til § 21, første ledd bokstav a.
I

Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan vedteke av kommunestyret 13. september 1984, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 7. mai 1986.

II

Vedtekta gjeld for heile kommunen med unnatak for område der det ligg føre reguleringsplan.

Vedtektsområdet er vist på fylgjande kart i målestokk 1:50.000 og målestokk 1:5.000, dagsett 1. juni 1983, og med endring 28. april 1984, samt Miljøverndepartementet si påteikning 7. mai 1986: 

OversiktskartM=1:50.000

Soneplan 1 for Eide/RøynstrandM=1: 5.000

Soneplan 2 for Øvre VassendenM=1: 5.000

Soneplan 3 for FolkedalM=1: 5.000

Soneplan 4 for KvandalM=1: 5.000

Arealbruken er slik:

1.Byggjeområde:

Arealbruk som vist på ovannemnde soneplankart.

2.Jord-, skog-, og naturområde:

Desse omfatter dei areala som ikkje er avgrensa for føremål som nemnd under punkt 1.

III

Innanfor dei område som er omtala under nr. II kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeliggjere den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

IV

Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unnatak frå vedtekta. Før bygningsrådet gjer vedtak skal saka leggjast fram for formannskapet (generalplanutvalet) til fråsegn.

V

Denne vedtekta trer i kraft straks og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1986 s 374)

3. okt. 1969
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre bygjast på dersom:

a.Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der den har sin adkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn blir lagt ut og veg opparbeidd i større breidd enn fastsett i § 47 nr. 1, første leddet, og
b.hovedkloakk, heri i tilfelle også serskilt overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke frå helserådet godta kloakksamband til annan hovedkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunktet anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidde etter første ledd, a.

(I 1969 s 1180)

3. okt. 1969
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller særleg sjenerande art, blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1969 s 1180)

1. okt. 1982
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal heile bygningslova gjelde.

(II 1982 s 674)

26. juni 1986 nr. 1375.
Til § 82.
1.Oppføring av hytter, sommerhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er rekna med skal nyttast i kortare tidsrom, med tilhøyrande uthus, kan berre skje i dei områda som er kalla «område tilletne for hyttebygging» og «område med godkjende hytteplanar» på kart M = 1:50.000 og gjeve Miljøverndepartementet si påteikning.

Kartet ligg i departementet.

Det same gjeld frådeling og bortfesting av tomter til slike bygningar samt vesentleg endring av eksisterande bygningar (t.d. påbygg eller ombygging).

Tiltak som nemnd kan berre skje etter endeleg reguleringsplan.

2.Det vert ikkje gjeve løyve til oppføring av bygningar som nemnd i nr. 1 nærare Granvinsvassdraget enn 50 m målt i horisontalplanet ved gjennomsnittleg flaumvasstand. Frå vatn eller vassdrag skal avstanden til tomtegrense vere minst 20 m.
3.For slike bygningar som nemnd i nr. 1 gjeld reglane i bygningslova kap. III og IV og §§ 65 og 68, samt §§ 63, 66 nr. 1, 70, 74 nr. 2, 87-91, 93-97, 109 og kap. XV og XVI.
4.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjere unntak frå føresegnene i denne vedtekta.
5.Denne vedtekta tek til å gjelde straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Granvin kommune, stadfesta 27. januar 1972 oppheva.

(II 1986 s 484)

17. juni 1986 nr. 1735
Til § 117.

I Granvin kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan samtykkje frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga. Anlegg som vert fremja etter godkjend vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 584)