Vedtekter til bygningsloven for Gulen kommune.

DatoFOR-0000-00-00-116
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-07-20-738
Endrer
Gjelder forGulen kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Gulen

Kapitteloversikt:

Endret 6. juni 1986 nr. 1331, 20. juli 1989 nr. 738.

26. juli 1984 nr. 1489.
Til § 21 andre ledd.

Vedtekta har slik ordlyd:

I. Denne generalplanvedtekt gjeld for det området i Gulen kommune som er nemnd under pkt. II.

II. Det området i Brekke denne vedtekta femner om er vist på soneplankart i målestokk 1:5.000 datert den 11. august 1983 og gitt Miljøverndepartementet si påteikning i dag.

III. Dei areal der denne vedtekta gjeld kan ikkje nyttast på annan måte enn vanleg der arealet ligg, og heller ikkje takast i bruk på ein måte som i vesentleg grad vil kunne vanskeleggjere planlegginga eller gjennomføringa av planen.

I dette området kan areala såleis berre nyttast til jordbruk, bygningar og innretningar som har samband med tradisjonell jordbruksdrift.

IV. Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

V. Denne vedtekta tek til å gjelda straks, og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1984 s 395)

29. juli 1981
Til § 82.
1.Inntil godkjend generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Gulen kommune ikkje tillete å føre opp sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt nytta for kortare tidsrom samt tilhøyrande naust og andre uthus. Det same gjeld for frådeling og bortfesting av tomt til slikt formål. Der det ligg føre godkjend generalplan med stadfesta vedtekter, kan slike bygningar berre førast opp etter stadfesta regulerinsplan.
2.Bygning som nemnt i pkt. 1, kan ikkje oppførast nærare vassdrag enn 100 meter rekna i horisontalplanet ved middels vasstand eller nærare veg open for allmenn ferdsel enn 30 meter.
3.For bygningar og frådeling av tomt som nemnt i pkt. 1, skal forutan bygningslova kap. III, IV, § 65 første ledd og § 68 også gjelde § 63, § 66 nr. 1, §§ 70, 71, 72, 73, § 74 nr. 2, §§ 87, 93, 94, 95, 98, 109, kap. XV og XVI og byggeforskriftene kap. 49. For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar skal også § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelde.
4.Bygningsrådet kan utferde rettleiande reglar om hyttebygging, jfr. bygningslova § 74 nr.2.
5.Bygningsrådet kan etter grunngjeven søkand gje dispensasjon frå reglane ovanfor.

Det kan ikkje setjast vilkår for dispensasjonen.

Før det vert gjeve dispensasjon frå pkt. 1 eller 2 i vedtekta, skal generalplannemnda få kopi av søkanden og ha høve til å gje fråsegn.

(II 1981 s 530)

30. april 1985 nr. 1225
Til § 93.

I Gulen kommune kan uten byggetillatelse oppførast bygning i tilknytning til eksisterande bebyggelse på eigedomen når:

a)bygningen ikkje har større grunnflate enn 10 m²
b)bygningen ikkje har større mønehøgde enn 2,5 m
c)bygningen ikkje skal nyttast til bustad eller næringsdrift eller som garasje eller naust. 

Uten byggetillatelse kan og oppførast mindre forstøtningsmur og innhegning mot veg.

Vedtekta tek til å gjelde straks.

(II 1985 s 340)

6. juni 1986 nr. 1331.
Til § 117.

I Gulen kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnatekne frå desse reglane.

(II 1986 s 439)

20. juli 1989 nr. 738.
Til § 117.

Gulen kommunestyre har 1. juni 1989 vedtatt å forlenge forskrift av 6. juni 1986 nr. 1331 om midlertidig plankrav etter plan- og bygningslovens § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har 20. juli 1989 med hjemmel i loven og delegering i Miljøverndepartementets rundskriv av 3. februar 1989 samtykket i at ovennevnte forskrift forlenges f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991.

(II 1989 229)