Vedtekter til bygningsloven for Askvoll kommune.

DatoFOR-0000-00-00-12
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-06-25-1646
Endrer
Gjelder forAskvoll kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Askvoll

Kapitteloversikt:

9. april 1975
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Askvoll kommune ikkje tillete å frådele, heller ikkje bortfeste, tomter for eller å setje opp sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som er meint å vere bustad berre i kortare tid, samt tilhøyrande uthus.
2.Der generalplan med stadfesta vedtekter ligg føre, kan frådeling av tomt og oppsetjing av bygning som nemnt under punkt 1, berre utførast etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.
3.Bygningar som nemnt under pkt. 1 kan ikkje setjast opp nærare veg som er open for ålmenn ferdsel enn 30 m og ikkje nærare vassdrag enn 100 m. Avstanden frå vassdrag skal målast frå strandlina i horisontalplanet ved middels flomvasstand.
4.For bygningar som er nemnt under pkt. 1 skal bygningslova kap. III og IV og § 65 gjelde, dessutan §§ 62, 63, 66, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 87, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI og kap. 49 i føresegnene til bygningslova.
5.Bygningsrådet kan skrive ut nærare reglar om hyttebygging.
6.Denne vedtekt tek til å gjelde straks.

(I 1975 s 129)

25. juni 1986 nr. 1646
Til § 117.

I Askvoll kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

Det mellombels plankravet gjeld frå same dagen som plan- og bygningslova av 14. juni 1985 vert sett i verk.

(II 1986 s 556)