Vedtekter til bygningsloven for Haram kommune.

DatoFOR-0000-00-00-123
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1987-02-06-107
Endrer
Gjelder forHaram kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Haram

Kapitteloversikt:

6. feb. 1968
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller arbeidd opp felles avkøyrsel, sams gardsplass eller anna areal for flere eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget refundere kommunen sine utgifter.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i første lekken i forhold til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjinga av refusjonen og delinga gjerast kjent med denne åtgangen og med åtgangen til å få prøvd kommunens avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsatt. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det bli fastsett at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen føra anlegget utan vederlag over til eigarane av dei interesserte eigedomar, som blir sameigarar i same tilhøve som fastsett for refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2, første punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1966 s 259)

6. feb. 1968
Til § 67.

Tomt i regulert strok kan berre byggjast på dersom:

a.Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der den har atkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn blir lagt ut og veg opparbeidd i større breidd enn fastsatt i § 47 nr. 1, første lekken, og
b.hovudkloakk, heri i tilfelle også serskilt overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakksamband til annan hovudkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa. Veg og hovudkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag.

Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidd etter første lekken, a.

(I 1966 s 259)

6. februar 1987
Til § 69 nr. 3:

I bebyggelsesplanar og reguleringsplanar skal det gjerast greie for plassering av utandørsanlegg som er nemde i § 69 nr. 1. Det må dokumenterast kor langt trongen til slike anlegg er dekka på tilstøytande areal. Anlegga må visast i samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

Etter at planen er godkjend av bygningsrådet, pliktar eigar (festare) å opparbeide arealet i samsvar med planen utan unødig opphald. Arealet og anlegga skal haldast forsvarleg vedlike.

1.Bustadeining på over 60 m² brutto golvareal skal ha parkeringsplass på eiga tomt for 2 bilar, eller på fellesareal for 1,5 bilar. Sjølvstendig bustadeining på under 60 m² skal ha parkerinsplass for 1 bil.
2.Kontor- og forretningsbygg skal ha oppstillingsplass på eiga tomt eller fellesareal for fleire tomter for minst 1 bil pr. 50 m² brutto golvflate i bygga. Til dette kjem lasteareal for vare- og lastebilar.
3.Industribygg skal ha oppstillingsplass for minst 1 bil pr. 100 m² brutto golvflate i bygga, eller minst 75 bilplassar pr. 100 tilsette - største tal skal nyttast. Til dette kjem lasteareal for vare- og lastebilar.
4.Lagerbygg skal ha 1 plass pr. 200 m² bygd golvflate. Til dette kjem lasteareal for vare- og lastebilar.
5.Institusjonar, hotell, restaurantar, forsamlingslokale, teater, skular, idrettsanlegg, sjukehus og andre bygningsanlegg der spesielle tilhøve gjer seg gjeldande, skal ha oppstillingsplassar for bilar og ut- og innkøyringstilhøve som bygningsrådet i kvart einskild tilfelle krev.
6.Oppstillingsplass for motorsyklar og syklar skal setjast av på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter.

Krav om oppstillingsplass for bil etter denne paragrafen er rekna dekt så langt garasjar kjem i staden.

Bygningsrådet kan gjere unntak frå desse krava. Det kan setjast vilkår for unntak.

(II 1987 s 71)

6. februar 1987
Til § 69 nr. 4:

Bygingsrådet kan samtykke i at det i staden for biloppstillingsplassar på eigen grunn eller på fellesareal blir innbetalt til kommunen ein sum for kvar plass som manglar for bygging av parkeringsanlegg. Kommunestyret avgjer kva satsar som til kvar tid skal gjelde i slike tilfelle.

(II 1987 s 71)

6. februar 1987
Til § 76:

Bygningsrådet kan krevje at nødvendig garasjeplass skal vere sikra etter eigedomen sitt behov. Når det blir søkt om å føre opp bustadhus, skal garasjen vere innpassa i planane endå om garasjen ikkje blir bygd samtidig med bustadhus.

(II 1987 s 71)

6. februar 1987
Til § 78 nr. 1:

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager som er av farleg eller særleg generande karakter blir lagt innafor kommunen sitt område eller deler av dette.

Vedtektene vert sett i kraft 1. mars 1987.

Frå same tid vert vedtekter til §§ 69 nr. 3 og 78 nr. 1 i bygningslova for Haram kommune, stadfest 6. februar 1968, oppheva.

(II 1987 s 71)

26. juni 1985 nr. 1274
Til § 82.
1.Sportshytter, sommarhus, kolonihagehus og liknande bygningar som berre skal nyttast til å bu i for kortare tidsrom, og uthus som høyrer til, kan berre førast opp i område som er avsett til dette i godkjend generalplan og på grunnlag av reguleringsplan.

Det same gjeld frådeling og bortfesting av tomter til slikt formål.

2.I kommunen er det ikkje tillate å føre opp bygning som nemnt i nr. 1 nærare vassdrag enn 50 m målt i horisontalplanet ved gjennomsnittleg flomvasstand.
3.Føresegnene i nr. 1 og 2 i denne vedtekt gjeld ikkje for områder der det ligg føre reguleringsplan.
4.For bygningar som er nemnde i nr. 1, skal utanom reglane i bygningslova kap. III og IV og § 65 første ledd og § 68 også gjelde §§ 63, 66, 70 § 74 nr. 2, § 75 nr. 1, § 87, 91, 92, 93, 94, 95, 96, 97, 109 og kap. XV og XVI.
5.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjere unntak frå føresegnene i denne vedtekt.
6.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Haram kommune, stadfesta 6. februar 1968 oppheva.

(II 1985 s 376)

11. september 1986
Til § 117.

Haram kommunestyre har vedteke følgjande forskrift:

I Haram kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling som kan skape store vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 648)