Vedtekter til bygningsloven for Hareid kommune.

DatoFOR-0000-00-00-124
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-30-706
Endrer
Gjelder forHareid kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Hareid

Kapitteloversikt:

Endret 5. november 1987 nr. 895, 30. juni 1989 nr. 706.

7. feb. 1968
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk vert fråskild før ho har tilkomst og kloakksamband som nemnt i § 67.

(I 1968 s 267)

7. feb. 1968
Til § 67.

Tomt i regulert strok kan byggjast på, berre dersom:

a.Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der tilkomsten er. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert utlagt og veg opparbeidd i større breidde enn fastsett i § 47 nr. 1, første ledd, og
b.hovudkloakk, under dette tilfelle også særskilt overvassleidning fører til eller over tomta. Det kan ikkje krevjast røyr med større diameter enn 305 mm.

Bygningsrådet kan med samtykke frå helserådet godta kloakksamband til annan hovudkloakk.

Kommunen kan gi reglar for utføringa. Veg og hovudkloakk, som er lagd av grunneigarar (festarar), vert haldne vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilkjem då kommunen utan verderlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidd etter første ledd, a.

Opparbeiding av gate og/eller nedlegging av kloakk som vert utførd av private må skje etter dei føresegner som gjeld for kommunen.

Etter at bygningsrådet og helserådet har hatt høve til å uttale seg, kan formannskapet etter søknad gi utsetjing med opparbeidingar. Tomteeigaren må då med tinglyst fråsegn forplikte seg til å utføre arbeidet med gate og kloakk når kommunen krev det.

(I 1968 s 267)

7. feb. 1968
Til § 69 nr. 3.

I bygningsplanar og reguleringsplanar skal det gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnd i § 69 nr. 1. I den grad trongen for slike anlegg er dekt på vedliggande areal, må dette dokumenterast. Anlegga må visast i sin samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

Retningsliner for avkøyrsel og parkering av bilar, motorsyklar og syklar for bustaden sin trong.

1.Bustadbygg skal ha oppstillingsplass på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter for minimum 1 bil pr. bolig pluss 0,25 bil pr. bolig for gjesting. For hybelbygg krevst det tilsvarande for annankvar hybel.

Fråsegn om at trongen er dekt og om inn- og utkøyringstilhøva bør ein få frå sakkunnig før godkjenning av planane.

2.Forretningsbygg skal ha oppstillingsplass på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter for minimun 1 bil pr. 50 m² golvflate i bygningen, til dette kjem lasteareal for vare- og lastebilar. Fråsegn om at trongen er dekt for inn- og utkøyringstilhøva bør ein få frå sakkunnig før godkjenning av planane.
3.Industri og lagerbygg skal ha oppstillingsplass for minimum 1 bil pr. 100 m² golvflate i bygnaden. Elles gjeld same påboda som i pkt. 2.
4.Institusjonar, hotell, restauranter, forsamlingslokalar, skolar, idrotsanlegg, sjukehus og andre bygningsanlegg der særskilde høve gjer seg gjeldande skal ha oppstillingsplass for bilar og tilfredsstillande ut- og innkøyringsforhold.
5.Oppstillingsplass for motorsyklar og syklar skal avsetjast på eige tomt eller på fellesareal for fleire tomter.

På sentrale stader kan ein ta avgjerd om ferre oppstillingsplassar enn nemnd før, når trafikktilhøva på staden etter sakkyndig fråsegn tilsier dette.

(I 1968 s 267)

5. februar 1987
Til § 69 nr. 4.

Bygningsrådet kan samtykke i at det i staden for biloppstillingsplasser på eigen grunn eller på felles areal, blir innbetalt eit beløp pr. manglande plass til kommunen for bygging av parkeringsanlegg. Kommunestyret bestemmer kva satsar som til ei kvar tid skal gjelde i slike tilfeller.

Vedtekta gjeld frå kunngjeringstidspunktet.

(II 1987 s 279)

7. feb. 1968
Til § 76.

I tillegg til det som er nemnt om oppstillingsplassar for bilar i vedtekt til § 69.3. 1. ledd skal bygningsrådet kunne krevja at turvande garasjeplass skal vere sikra, etter trongen til kvar eigedom.

(I 1968 s 267)

7. feb. 1968
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at verksemder, anlegg, opplag og lager av farleg eller særs sjenerande art, vert lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1968 s 267)

7. feb. 1968
Til § 81.

Utanom reglane i bygningslovas kap. III, IV og § 65 skal gjelde §§ 68, 71, 74, 2. ledd, 77, 87, 88, 89, 90, 91, 93, 94 nr. 1 og 2 for driftsbygningar for jord eller skogbruk.

(I 1968 s 267)

7. feb. 1968
Til § 82.
1.Sportshytter, sommarhus, campinghytter og liknande bygningar med tilhøyrande uthus, som berre er i bruk for kortare tidsrom, kan berre plasserast og oppførast der dette er fastlagt ved disposisjonsplan som har vore framlagt for bygningsrådet og er godkjent av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter framlegg frå bygningsrådet frita eller gjeva utsetjing med disposisjonsplan for nærare avgrensa område.
2.For bygningar som er nemnt under nr. 3, skal forutan reglane i bygningslovas kap. III, IV og § 65 også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93 og 94.
3.Bygningsrådet kan setje nærare reglar for hyttebygging.

(I 1968 s 267)

3. juli 1986 nr. 1521, 5. nov. 1987 nr. 895.
Til § 117.

Hareid kommunestyre har 3. juli 1986 gjort vedtak om at det i Hareid kommune i 1 1/2 år frå iverksetjinga av lov nr. 77 plan- og bygningslova av 14. juni 1985 ikkje kan setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga.

Anlegg som vert fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnatekne frå desse reglane.

Hareid kommunestyre har 5. november 1987 med heimel i § 117 i lov nr. 77 av 14. juni 1985 - plan- og bygningslova, vedteke å lenge forskrift av 3. juli 1986 nr. 1521 om mellombels plankrav i inntil 3 år frå 1. juli 1986.

(II 1986 s 526, II 1987 s 449)

30. juni 1989 nr. 706.
Til § 117.

Hareid kommunestyre har 25. mai 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 3. juli 1986 nr. 1521 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 30. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1990.

(II 1989 218)