Vedtekter til bygningsloven for Hemsedal kommune

DatoFOR-0000-00-00-132
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1996-08-16-868
Endrer
Gjelder forHemsedal kommune, Buskerud
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Hemsedal

Kapitteloversikt:

Endret 18 mai 1983, 16 aug 1996 nr. 868.

8. des. 1978
Til § 1 i lov 21. desember 1956

Jallestølen, gnr. 58 bnr. 35 i Ål kommune i Buskerud fylke vert med verknad frå 1. januar 1979 førd over til Hemsedal kommune i same fylke.

Kommunegrensa på fenne strekkja følgjer sør- og vestgrensa for den nemde eigedomen (Jallestølen).

(II 1978 s 583)

15. april 1982 Nr. 717.
Til § 21 første ledd bokstav a.
I.Denne generalplanvedtekt knyter seg til generalplan for Hemsedal kommune, vedteke av Hemsedal kommunestyre den 27. desember 1979, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 15. april 1982.
II.Generalplanvedtekta gjeld for heile kommunen, med unnatak av områder der det ligg føre stadfesta reguleringsplanar og disposisjonsplanar etter vedtekt til bygningslova sin § 82 godkjend av fylkesmannen.
III.Arealutnyttinga framgår av følgjande kart:

Generalplankart for heile kommunen, mål 1:100.000

Soneplan for Ullsåk, mål 1:5.000

Soneplan for Trøim, mål 1:5.000

Soneplan for TUV, mål 1:5.000

Soneplan for Storheisområdet, mål 1:5.000

Karta er gjeve Miljøverndepartementet si påteikning dagsett 15. april 1982.

IV.Innanfor det området som er nemnd under pkt. II kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjere den utnytting som er fastsett i generalplanen.
V.Når det ligg føre særlege grunnar, kan bygningsrådet gjera unntak frå denne vedtekta.
VI.Denne vedtekta tek til å gjelde straks og gjeld i inntil 10 år frå stadfestingsdato.

(II 1982 s 207)

15. april 1982 Nr. 869.
Til § 21 første ledd bokstav b.
I.Denne generalplanvedtekt knyter seg til generalplan for Hemsedal kommune, vedteke av Hemsedal kommunestyre den 27. desember 1979, slik den er godkjend av Miljøverndepartementet i dag.
II.Generalplanvedtekta gjeld for heile kommunen, med unnatak av områder der det ligg føre stadfesta reguleringsplanar og disposisjonsplanar etter vedtekt til bygningslova sin § 92 godkjend av fylkesmannen.
III.Arealutnyttinga framgår av følgjande kart:

Generalplankart for heile kommunen, mål 1:100.000

Soneplan for Ullsåk, mål 1:5.000

Soneplan for Trøim, mål 1:5.000

Soneplan for TUV, mål 1:5.000

Soneplan for Storheisområdet, mål 1:5.000

Karta er gjeve Miljøverndepartementet si påteikning dagsett 15. april 1982.

IV.Innanfor det området som er nemnd under pkt. II kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjere den utnytting som er fastsett i generalplanen.
V.Når det ligg føre særlege grunnar, kan bygningsrådet gjera unntak frå denne vedtekta.
VI.Denne vedtekta tek til å gjelde straks og gjeld i inntil 10 år frå stadfestingsdato.

(II 1982 s 366)

29. juni 1966
Til § 52.
1.Når kommunen i medhold av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) helt eller delvis har ervervet grunn til eller opparbeidd felles avkjørsel, felles gårdsplass eller annet felles areal for flere eiendommer, skal eierne (festerne) av de eiendommer som får nytte av anlegget, refundere kommunen dens utgifter.

Kommunen fordeler utgiftene på eierne (festerne) av eiendommer som nevnt i første ledd i forhold til nytten for hver eiendom. Dersom kommunen eller en av eierne (festerne) krever det, skal fastsetting av refusjonen og fordelingen foretas ved skjønn. Eierne (festerne) skal gjøres kjent med denne adgangen til å få prøvd kommunens avgjerd ved skjønn og fristen etter § 57.

Refusjonsbeløpet forfaller til betaling 3 måneder etter at det er endelig fastsatt. For eiendom som ikke straks får full nytte av anlegget kan det bestemmes at betalingen helt eller delvis skal utstå.

2.Når refusjon er endelig fastsatt, skal kommunen overdra anlegget uten vederlag til eierne av de interesserte eiendommer, som blir sameiere i samme forhold som fastsatt for refusjonen.
3.Bestemmelsen i § 46 nr. 2, første punktum, gjelder tilsvarende.

(I 1966 s 952)

29. juni 1966
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk fraskilles før den har adkomst og kloakkforbindelse som nevnt i § 67.

(I 1966 s 952)

29. juni 1966
Til § 67.

Tomt i regulert strøk bare kan bebygges dersom:

a.opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den side av tomta hvor den har sin adkomst.

Det kan ikke kreves at veggrunn blir utlagt og veg opparbeidd i større bredde enn fastsatt i § 47 nr. 1, førsste ledd, og

b.hovedkloakk, herunder i tilfelle også særskilt overvannsledning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikke kreves lagt rør av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakk- forbindelse til annen hovedkloakk.

Kommunen kan gi regler om utføringen. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneier (fester), holdes vedlike av kommunen fra et tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent, og tilfaller da kommunen uten vederlag. Kommunen plikter likevel ikke å overta veg som ikke er opparbeidd til full bredde etter første ledd, a.

(I 1966 s 952)

29. juni 1966
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lagere av farlig eller særlig sjenerende art, blir lagt innenfor kommunens område eller del av dette.

(I 1966 s 952)

15. feb. 1973
Til § 81.

For driftsbygninger for jord- og skogbruk skal foruten bygningsloven kapittel III, IV og § 65 også gjelde §§ 71, 74 pkt. 2, 90, 91, 93, 94, 95, 96, 100, 101, 102, 109 og kap. XV og XVI.

Før bygningsrådet fatter vedtak , skal det legge saken fram for jordstyret til uttalelse dersom dette ikke er gjort på forhånd.

For husvær for seterbruk og skogsdrift skal foruten bestemmelsene i førstse ledd også gjelde bygningslovens §§ 66 nr. 1, 70, 72 og 73.

(I 1973 s 210)

14. jan. 1983
Til § 82.
1.Frådeling eller bortfeste av tomter, herunder punktfeste av tomtar, oppføring av sportshytter, sommarhus, kolonihagehus og liknande bygningar som er tenkt nytta til fritidsføremål, samt tilhøyrande uthus, kan berre skje i område som er sett av til dette i godkjent generalplan.
2.Frådeling av tomter og oppføring av bygningar som nemnt i punkt 1, kan berre gjerast etter endeleg reguleringsplan.
3.Føresegnene i punkta 1 og 2 gjeld ikkje område der det føreligg disposisjonsplan godkjent av fylkesmannen før 15. april 1982,eller for enkelttomter som er frådelte og/eller godkjente av bygningsrådetfør 15. april 1982.
4.Bygningar som nemnt i punkt 1 skal ikkje oppførast nærare vassdrag enn 50 meter, og avstandnen frå tomtegrense til vassdrag skal vera minst 20 meter. Bygningar må heller ikkje liggja nærare veg som er open for ålmen ferdsel enn 50 meter målt horisontalt frå mindtlinja i vegen.
a.Frådelte hyttetomter og eksisterande påbygde hyttetomter vert ikkje tillate delt.
b.På tomter det frå før er bygd på vert det ikkje tillate oppført ytterlegare hytter eller frittståande annekser.
c.Frådelte hyttetomter kan berre byggast med ei hytte og tilhøyrande uthus.

(Punkt 4 a, b, c er tillegg vedtatt 18. mai 1983; publisert II 1983 s 389)

5.For bygningar som er nemnt i punkt 1 skal bygningslova gjelda fullt ut, med unntak av §§ 97 og 99.
6.Bygningarådet kan utferda nærare reglar om hyttebygging, jfr. bygningslova § 74 nr. 2.
7.Når særlege grunnar føreligg, og det etter bygningsrådet sitt skjønn ikkje er noko til hinder for det, kan bygningsrådet gjera unntak frå føresegnene ovanfor.
8.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Hemsedal kommune, stadfesta den 1. november 1977, oppheva.

(II 1983 s 20)

16. august 1996 nr. 868
Til § 93, fyrste leden bokstav g:
g.Oppsetting av skilt og reklame som krev søknad etter pkt. 2 i kommunale vedtekter til plan- og bygningslova § 107.

Forskrifta trer i kraft 10. september 1996.

(II 1996 s 292)

16. august 1996 nr. 868
Til § 107:

1. Områdeklarlegging av soner

Vedtektene gjeld for ulike soner i Hemsedal kommune:

Sone 1: Omfattar landskapsvernområder, naturvernområder verna etter naturvernlova eller plan- og bygningslova.

Sone 2: Omfattar heile Hemsedal kommune med unnatak av områder som kjem inn under sone 1 og sone 3.

Sone 3: Omfattar tettbygde strøk. Tettbygde strøk er områder innanfor stadfesta reguleringsplanar for tettstadene Ulsåk, Trøim, Tuv, Svøo og Møllerplass/Holdebakken.

Ovannemnde soner kan og utvidast til å gjelde andre områder som vert fastlagde gjennom ulike arealreguleringar.

2. Søknad

2.1 Sone 1:

Område der skilt- og reklamebruk er forbode. Unnatak kan, etter søknad, gjerast for små opplysningsskilt knytta til t.d. enkelte bygningar, severdigheiter og andre opplysningar knytta til området.

2.2 Sone 2:

Innan sone 2 kan skilt, reklameinnretningar o.l. ikkje settast opp utan at kommunen, etter søknad, har gjeve løyve etter plan- og bygningslova kapittel XVI. Løyve vert også kravd for mindre skilt- og reklameinnretningar.

2.3 Sone 3:

Innan sone 3 må skilt, reklameinnretningar o.l. med storleik over 0,5 kvm. ikkje settast opp utan at kommunen, etter søknad, har gjeve løyve etter plan- og bygningslova kapittel XVI. Løyve blir ikkje kravd for skilt- og reklameinnretningar o.l. under 0,5 kvm. som vert sett opp på byggverk eller innhegning.

3. Felles vedtekter for sone 2 og 3

3.1 Omsyn til området
3.1.1 I ope naturlandskap, kulturlandskap, parkar og friområde må det ikkje oppførast frittståande skilt- og reklameinnretningar.
3.1.2 På bygningar må det ikkje oppførast skilt- og reklameinnretningar som verkar dominerande.
3.1.3 Innanfor områder som har særpreg og eit historisk interessant miljø, må det ikkje oppførast skilt- og reklameinnretningar som ikkje kan tilpassast miljøet sin karakter og historie.
3.1.4 I reine bustadområder må det ikkje oppførast reklameinnretningar. Mindre reklameskilt på forretningar og kioskar kan oppførast i den grad dette ikkje verkar skjemmande for omgjevnaden/nærmiljøet.
3.1.5 Skilt og reklameinnretningar ved dei ulike idrettsarenaer kan det gjevast løyve for. Løyve kan tidsbegrensast til eit bestemt arrangement eller til bestemte sesongar. Skiltet og reklamen må orienterast mot sjølve området.
3.1.6 På parkeringsplassar og rivingstomter kan skilt- og reklameinnretningar ikkje førast opp utan at dei er knytta til forhold eller verksemd på staden.
3.1.7 Kommunen kan kreve utarbeida ein samla skiltplan for eit avgrensa område under eitt.
3.2 Formingskriteriar
3.2.1 Skilt- og reklameinnretningar skal utførast slik at dei tilfredsstiller rimelege estetiske krav, både i forhold til seg sjølv, i forhold til arkitektur og til omgjevnadene.
3.2.2 Skilt- og reklameinnretningen skal i seg sjølv vere avstemd med fasaden, likeeins skal fargane på skiltet vere avstemd i forhold til det bygget det vert oppført på, og til nabobygg.
3.2.3 Skilt skal ikkje vere samanhengande over heile bygnings-/forretningsfasaden. Det vert ikkje tillate meir enn eitt veggskilt, inkludert uthengsskilt for kvar verksemd. Kommunen kan gjere unnatak for verksemder som disponerar fleire fasadar langs veg, fortau og plassar.
3.2.4 Skilt- og reklameinnretningar skal ikkje vere til hinder for ferdsel eller til fare for omgjevnadene på annen måte.
3.2.5 Skilt og reklameinnretningar må ikkje plasserast på møne, takflate, takutstikk eller gesims.
3.2.6 Markiser skal begrensast til vindaugeopningane, og formingskriterie/utførelsen skal fylgje punkt 3.2.2.

4. Spesielle vedtekter for sone 2

4.1 Formingskriteriar
4.1.1 Innan sone 2 må det ikkje oppførast skilt- og reklameinnretningar med større flate enn 3,0 kvm., og storleiken må ikkje vere større enn 1/3 av den bygningsdel skiltet er montert på.
4.1.2 Skilt- og reklameinnretningar skal ha indirekte belysning, dersom innretningen skal belysast.
4.1.3 Lysreklame og gesimsar utforma som lysande kasser vert ikkje tillete.
4.1.4 Uthengsskilt skal av omsyn til sikt og ferdsel plasserast med minst 2,70 m fri høgde over fortau. Storleiken skal ikkje overstige 0,5 kvm., og uthengsskiltet skal maksimalt stikke 1 m ut frå fasaden.

5. Spesielle vedtekter for sone 3

5.1 Formingskriteriar
5.1.1 Innan sone 3 må det ikkje oppførast skilt- og reklameinnretningar med større flate enn 3,0 kvm., og storleiken må ikkje vere større enn 1/3 av den bygningsdelen skiltet er montert på. Unntak for større skilt kan gjerast der dette vert påkreva i forhold til tekstmengde og teksthøgde på innretningen. Teksthøgda skal fylgje Statens Vegvesen sin skiltnormal.
5.1.2 Lysreklame med storleik inntil 0,5 kvm. kan tillatast oppført på bygningar der området er regulert til forretningar/kontor/turistbedrift/industri e.l.

I størst grad skal lysreklamen begrensast til ein logo. Unntak for maksimal storleik på lysreklamen kan gjerast dersom logoen har slik utforming at den krev større innretning.

Lysreklamen må ikkje sjenere omgjevnaden og nærmiljøet.

5.1.3 Uthengsskilt skal av omsyn til sikt og ferdsel plasserast minst 2,70 m fri høgde over fortau. Storleiken skal ikkje overstige 1,5 kvm., og uthengsskiltet skal maksimalt stikke 1 m ut frå fasaden.

6. Fjerning av skilt, reklameinnretningar m.m.

Dersom det kan skje utan hinder av løyve som er gjeve for eit nærare fastlagt tidsrom, kan kommunen gje pålegg om å fjerne eller endre ein kvar innretning som ikkje er i tråd med ovanståande utførelse, når den etter kommunen sitt skjøn verkar skjemmande i seg sjølv eller i forhold til omgjevnaden, og når innretningen kan vere til fare.

Forskrifta trer i kraft 10. september 1996.

(II 1996 s 292)