Vedtekter til bygningsloven for Herøy kommune.

DatoFOR-0000-00-00-133
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-2009-03-05-336
Endrer
Gjelder forHerøy kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Herøy

Kapitteloversikt:

Endret ved forskrifter 25 april 1985 nr. 907, 27 juni 1986 nr. 1657, 20 nov 2003 nr. 1887, 5 mars 2009 nr. 336.

25. feb. 1985 Nr. 546.
Til § 21 andre ledd.

I. Denne generalplanvedtekt gjeld for alt areal innafor Bergsøya i Herøy kommune, med unntak av dei område som kjem inn under reguleringsplan stadfesta seinare enn 6. mars 1969: Dette gjeld følgjande reguleringsplanar:

1.Bergsøy - Bendal    stadfesta 19.10.1973
2.Fosnavåg - Kleiva   stadfesta 06.07.1981

II. Dei areal der denne vedtekta gjeld, kan ikkje nyttast på annan måte enn vanleg der arealet ligg, og heller ikkje takast i bruk på ein måte som i vesentleg grad vil kunne vanskeleggjere planlegginga eller gjennomføringa av planen.

III. Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

IV. Denne vedtekta tek til å gjelde straks, og gjeld i inntil 5 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 193)

25. april 1985 nr. 907.
Til § 21 annet ledd.

I. Denne generalplanvedtekt gjelder for hele Herøy kommune, med unntak for de områder hvor det foreligger stadfestet reguleringsplan, og de områder hvor det foreligger disposisjonsplan godkjent av fylkesmannen i medhold av vedtekt til bygningslovens § 82.

II. De arealer hvor denne vedtekt gjelder kan ikke nyttes på annen måte enn vanlig der arealene ligger, og heller ikke tas i bruk på en måte som i vesentlig grad vil kunne vanskeliggjøre planleggingen eller gjennomføringen av planen.

III. Når særlige grunner foreligger, kan bygningsrådet gjøre unntak fra vedtekten.

IV. Denne vedtekt trer i kraft straks, og gjelder inntil godkjent generalplan foreligger, dog ikke utover 10 år fra stadfestingen.

(II 1985 s 274)

13. juni 1966
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 pkt. f) heilt eller delvis har tilegna seg grunn til eller opparbeidd felles avkjørsel, felles gårdsplass, eller anna felles areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomane som får nytte av anlegget, refundere kommunen sine utgifter.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomane som nemndt i første ledd i høve til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarne) krev det skal fastsetjing av refusjon og fordeling gjerast ved skjønn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjende med dette og med retten til å få prøve kommunen si avgjerd ved skjønn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget, kan det gjerast vedtak om at betalinga heilt eller delvis skal utstå.

2.Når refusjonssummen er endeleg fastsett skal kommunen overføre anlegget til eigarane av dei interesserte eigedomane. Desse vert då sameigarar i same forhold som fastsett i refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2, fyrste punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1966 s 759)

13. juni 1966
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk vert fråskilt før den har tilkomst og kloakksamband som nemndt i § 67.

(I 1966 s 759)

13. juni 1966
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre byggast på dersom:

a.Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der tomta har tilkomsten sin. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert utlagt og veg opparbeidd i større breidde enn fastsett i § 47 nr. 1, første ledd, og
b.hovedkloakk, under dette tilfelle også særskilt overvassledning, fører til og langs eller over tomta.

Ein kan ikkje krevja at det vert lagt rør av større diameter enn 305 mm.

Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakksambinding til annan hovedkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa.

Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen plikter likevel ikkje å oveta veg som ikkje er opparbeidd til full breidd etter første ledd, a.

(I 1966 s 759)

5. mars 2009 nr. 336
Til § 69 nr. 3.
1.I regulerings- og utbyggingsplanar skal det gjerast greie for dei anlegg som er nemnt i § 69 nr. 1. I den grad behovet for slike anlegg er dekka på tilstøytande areal må dette dokumenterast. Anlegga sin samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal må visast.
2.På eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter skal det sikrast areal for følgjande antal biloppstillingsplassar:
a.Bustadbygg skal ha oppstillingsplass på eiga tomt eller på fellesareal for fleire fleire tomter for 1 bil pr. bueining pluss 0,5 bil pr. bueining til gjesteparkering. Dersom samla antal bueiningar overstig 10 vert kravet til gjesteparkering redusert til 0,25 bil frå og med 11. bueining. For sjølvstendige einbustadtomter som ikkje samarbeider om felles parkeringsanlegg vil likevel kravet til gjesteparkering vere 1 bil pr. bueining. For hybelbygg er kravet 1 biloppstillingsplass pr. hybeleining utan krav til gjesteparkering.
b.Forretningsbygg skal ha oppstillingsplass på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter for 1 bil pr. 50 m² golvflate BRA. I tillegg til dette kjem areal til inn- og utkøyring og naudsynt lasteareal for vare- og lastebilar.
c.Industri-, verkstad- og lagerbygg skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 100 m² brutto golvflate BTA. For bilverkstader og servicestasjonar er kravet 3 biloppstillingsplassar pr. 100 m² brutto golvflate BTA. I tillegg til dette kjem areal til inn- og utkøyring og naudsynt lasteareal for vare- og lastebilar.
d.Hotell skal ha oppstillingsplass for 2/3 bil pr. rom.
e.Restaurantar, kafèar o.l. skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 10 sitjeplassar.
f.Skular og barnehagar skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. tilsett. I tillegg skal vidaregåande skular ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 10 elevar og barnehagar for 1 bil pr. 5 barn.
g.Sjuke- og aldersheimar skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. sengeplass.
h.Forsamlingslokale, her under kyrkjer, bedehus, ungdomshus/grendahus, teater og kino, skal ha biloppstillingsplassar fastsett etter skjønn. Kravet skal likevel vere minst 1 biloppstillingsplass pr. 10 sitjeplassar.
i.For andre bygningar og anlegg skal talet på biloppstillingsplassar fastsetjast etter skjønn.
3.For tilbygg/påbygg gjeld kravet i punkt 2 for dei deler av bygningar som arbeidet omfattar. Hovudombygging eller delvis ombygging krev ikkje fleire biloppstillingsplassar etter punkt 2 dersom bygninga etter ombyggingsarbeidet samla sett framleis skal nyttast til same formål som tidlegare.

Skal bygninga eller ein del av bygninga, etter hovudombygging eller delvis ombygging, nyttast til anna formål enn tidlegare, må det sikrast areal for nye biloppstillingsplassar dersom det nye bruksformålet, jf. punkt 2, gjer det naudsynt med fleire biloppstillingsplassar enn det tidlegare bruksformålet.

Talet på nye biloppstillingsplassar skal setjast til differansen mellom det antal plassar som vert kravd etter punkt 2 og krav etter tidlegare bruksformål for same del av bygninga.

Forskrifta vert gjort gjeldande frå kunngjeringsdato. Frå same tid blir vedtekter 20. november 2003 nr. 1887 til plan- og bygningsloven § 69 nr. 3 og 4 oppheva.

(II 2009 hefte 2)

5. mars 2009 nr. 336
Til § 69 nr. 4
1.Kommunen kan samtykke i at det i staden for biloppstillingsplassar på eigen grunn eller på fellesareal vert innbetalt eit beløp pr. manglande plass for bygging av offentlege parkeringsanlegg. Kommunen kan krevje at tiltakshavar inngår avtale om betaling av nærare utrekna beløp før igangsetjingsløyve vert gjeve. Avtalen skal kunne tinglysast på eigedomen. Endeleg innbetaling av fastsett/avtalt beløp skal gjerast seinast når bygget/anlegget vert teke i bruk.
2.Beløp pr. manglande parkeringsplass er fastsett til kr 300 000. Denne summen står fast ut 2009 og vert der etter regulert kvart år pr. 1. januar (første regulering 1. januar 2010) i takt med endringa i Statistisk Sentralbyrå sin byggekostnadsindeks for parkeringshus. Utgangspunktet for reguleringa er indeksen pr. 3. kvartal året før reguleringstidspunktet.

Forskrifta vert gjort gjeldande frå kunngjeringsdato. Frå same tid blir vedtekter 20. november 2003 nr. 1887 til plan- og bygningsloven § 69 nr. 3 og 4 oppheva.

(II 2009 hefte 2)

13. juni 1966
Til § 76.

I tillegg til det som er nemndt om oppstillingsplass for bilar i vedtekt til § 69 nr. 3, første ledd, skal bygningsrådet krevje at turvande garasjeplass skal vere sikra, etter trongen til kvar eigedom.

(I 1966 s 759)

13. juni 1966
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at verksemder, anlegg, opplag og lager av farlig eller særs sjenerande art, vert lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1966 s 759)

13. juni 1966
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal utanom reglane i bygningslova kap. III og IV og i § 65 også gjelda §§ 68, 71, 74 nr. 2, 77 nr. 1, 87, 88, 89, 90, 91, 93, 94 nr. 1 og 2 og kap. XV og XVI.

(I 1966 s 759)

18. nov. 1985 nr. 2014.
Til § 82.
1.Sportshytter, sommarhus og liknande bygningar som berre skal nyttast til å bu i for kortare tidsrom, og uthus som høyrer til, kan berre førast opp i område som er avsett til dette i godkjend generalplan og på grunnlag av reguleringsplan.

Det same gjeld frådeling og bortfesting av tomter til slikt formål.

2.For bygningar som er nemnde i nr. 1, skal forutan bygningslova kap. III og IV og § 65, første ledd, og § 68 også gjelde §§ 63, 66, 70, § 74 nr. 2, § 75 nr. 1, §§ 87, 91, 92, 93, 94, 95, 96, 97, 109 og kap. XV og XVI.
3.Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet dispensere frå føresegnene i denne vedtekta.
4.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Herøy kommune, stadfesta den 13. juni 1966, oppheva.

(II 1985 s 787)

27. juni 1986 nr. 1657
Til § 117.

Herøy kommunestyre har 27. juni 1986 gjort vedtak om at det på Bergsøya i Herøy kommune i 3 år frå iverksetjinga av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje kan setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i lova §§ 84 og 93 utan etter samtykke frå bygningsrådet, før området går inn i arealbruken av kommuneplan eller reguleringsplan. Det same gjeld for andre tiltak, herunder frådeling, som vesentleg kan vanskeleggjere planlegginga. Dei areal som er omfatta av vedtaket er vist på kart utarbeidd av teknisk etat og dagsett 5. mars 1986.

(II 1986 s 560)