Vedtekter til bygningsloven for Hjartdal kommune.

DatoFOR-0000-00-00-137
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-20-688
Endrer
Gjelder forHjartdal kommune, Telemark
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Hjartdal

Kapitteloversikt:

Endret 4. september 1986 nr. 2012, 20. juni 1989 nr. 688.

6. okt. 1982 nr. 1501.
Til § 21 andre ledd.

I. Denne generalplanvedtekt gjeld for heile Hjartdal kommune, med unntak av dei område som det ligg føre disposisjonsplan i medhald av vedtekt til § 82 i bygningslova, godkjend av fylkesmannen før 1. januar 1982.

II. Dei areal der vedtekta gjeld, kan ikkje nyttast på anna måte enn vanleg der arealet ligg, og heller ikkje takast i bruk på ein måte som i vesentleg grad vil kunne vanskeleggjere planlegginga eller gjennomføringa av planen.

III. Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

IV. Denne vedtekta tek til å gjelde straks, og gjeld i inntil 5 år frå stadfestinga.

(II 1982 s 683)

19. okt. 1968
Til § 52.
1.Når kommunene i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller opparbeidd sams avkøyrsel, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundere kommunen dei utlegg den har hatt.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i første leden i forhold til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsettinga av refusjonen og delinga gjerast etter skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjent med denne åtgangen og med åtgangen til å gå prøvt kommunens avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget, kan det bli fastsett av betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjonen er endeleg fastsett, skal kommunene føre anlegget utan vederlag over til eigarane av dei interesserte eigedomar, som blir sameigarar i same tilhøve som fastsett for refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2, første punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1968 s 1278)

19. okt. 1968
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at nødvendig garasjeplass vert sikra for eigedomen sitt behov.

(I 1968 s 1278)

19. okt. 1968
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller særleg sjenerande art, blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1968 s 1278)

19. okt. 1968
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal utanom reglane i bygningslova kapitla III og IV og I § 65, også gjelda § 93 pkt. a, b, og d og kap. XV og XVI.

(I 1968 s 1278)

8. jan. 1985 nr. 36.
Til § 82.
1.Oppføing av sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna å bu i for kortare tidsrom samt tilhøyrande uthus, kan berre skje etter reguleringsplan. Det same gjeld frådeling og feste av tomt til slikt føremål.
2.For bygningar som er nemnt under nr. 1, skal forutan bygningslova i kap. III og IV og §§ 65 og 68 også gjelda § 63, § 66 nr. 1 og 2, §§ 70, 74 nr. 2, §§ 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.
3.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet dispensera frå føresegnene i denne vedtekta.
4.Bygningsrådet kan skrive ut nærare reglar om hyttebygging, jfr. § 74 nr. 2 i bygningslova.
5.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare forskrift nr. 697 om vedtekt til § 82 i bygningslova for Hjartdal kommune, stadfesta 2. april 1982, oppheva.

(II 1985 s 4)

4. september 1986
Til § 117.

Hjartdal kommunestyre har 4. september 1986 vedteke følgjande forskrift:

Vedtekta får slik ordlyd:

I Hjartdal kommune kan det i 3 år frå lov nr. 77 - plan- og bygningslov av 14. juni 1985 - vert sett i kraft, ikkje settast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i same lovs §§ 84 og 93 utan etter samtykke frå bygningsrådet før området inngår i arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak herunder frådeling og bortfeste, som vesentleg kan vanskeleggjere planlegginga.

Anlegg som vert fremma etter godkjent vegplan etter veglova er unntatt frå desse bestemmelsane.

(II 1986 s 695)

20. juni 1989 nr. 688.
Til § 117.

Hjartdal kommunestyre har 20. april 1989 vedtatt å forlenge forskrift av 4. september 1986 nr. 2012 om midlertidig plankrav etter plan- og bygningslovens § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Telemark har 20. juni 1989 med hjemmel i loven og delegering i Miljøverndepartementets rundskriv av 3. februar 1989 samtykket i at ovennevnte forskrift forlenges f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991.

(II 1989 211)