Vedtekter til bygningsloven for Hornindal kommune.

DatoFOR-0000-00-00-145
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-07-20-866
Endrer
Gjelder forHornindal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Hornindal

Kapitteloversikt:

Endret 13. august 1986 nr. 1745, 20. juli 1989 nr. 866.

Til § 1 i lov 21. desember 1956 om endring i kommunal inndeling.
1.Fråskiljinga av den delen av tidlegare Hornindal kommune som no er ein del av Stryn kommune i Sogn og Fjordane fylke, som eigen kommune, vedteken ved kgl.res.27. februar 1976, jfr. Stortinget sitt vedtak 31. mai 1976, vert gjennomførd frå 1. januar 1977.
2.Namnet på den fråskilde kommunen skal vere Hornindal.
3.Kommunestyra i den nye Hornindal kommune og i attverande Stryn kommune skal i perioden 1. januar1977 - 31. desember 1979 ha i same følgd 17 og 37 medlemmer. Valting verthalde måndag 11. oktober 1976. Ved dette valet vert Hornindal kommune alt rekna som fråskild.

Manntalet vert ført av noverande manntalsførarar i Stryn kommune, som særskilt for den nye Hornindal og attverande Stryn kommune. Manntalet vert lagt ut på dei stadene i dei nye kommunane som valstyra fastset, jfr. § 5 i kommunevallova.

Valstyret for den nye Hornindal kommune skal vera sammansett av eit formannskapsmedlem som bur i området, supplert med 4 representanter valde blant kommunestyremedlemmene frå dette området, og manntalsføraren.

Valstyret for attverande Stryn kommune skal vera samsansett av dei formannskapsmedlemmene som bur på dette området, og manntalsføraren.

Valstyra vel sjølv formann og vert første gongen kalla saman av ordføraren i Stryn.

Vedvalet gjeld elles reglane om kommunestyreval i lov 10. juli 1925 om kommunestyreval og fylkestingsval så langt dei høver - med følgjande untak:

I § 3 andre og tredje ledd gjeld datoen 1. august i staden for 1. juli.

I § 3 fjerde ledd gjeld datoen 26. august istaden for dagen 2 månader før valet.

I § 5 andre ledd gjeld datoen 10. august i staden for 1. juni

I § 15. andre ledd gjeld datoen 31. august i staden for 3 månader før valdagen.

I § 22 c gjeld berre dei kommunane der det skal haldast valting.

4.Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kaller det nyvvalde kommunestyret i den nye Hornindal kommune inn til konstituerende møte snarast råd er ettervalet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organ skal før 1. januar 1977 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføra fråskiljinga av Hornindal, ha mynde til å setja i verk tiltak som elles vert gjorde av dei tilsvarande fungerande organ i Stryn kommune.
6.Budsjetta for den nye Hornindal kommune og for attverande Stryn kommune for 1977 skal vedtakast av dei nyvalde kommunestyra. For denne handsaminga av budsjetta gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i noverande Stryn kommune skal framleis gjelde i den fråskilde Hornindal kommune til nye allmenne vedtekter for denne kommunen er gjeve.

(II 1976 s 205)

9. juni 1980
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i kommunen ikkje tillatt å frådele eller bygsle bort tomter for, eller føre opp sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom samt tilhøyrande uthus.
2.Bygningar som er nemnde i nr. 1, kan i området der det ligg føre generalplan med vedtekter, berre førast opp etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.
3.Bygningar som nemnde i nr. 1 kan ikkje førast opp nærare vassdrag enn 100 meter.
4.For bygningar og frådeling av tomt som er nemnd under nr. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV og §§ 65 første ledd og 68, også gjelde §§ 62, 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 87, 93, 94, 109 kap. XV og XVI og byggeføreskriftene kap. 49. For hyttegrenser, hyttekonsentrasjonar, skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelde.
5.Bygningsrådet kan utferde nærare reglar for hyttebygging.
6.Dispensasjon frå vedtektene skal skje etter § 7 i bygningslova.

(II 1980 s 495)

27. aug. 1986 nr. 1745
Til § 117.

I Hornindal kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av plan- og bygningslova av 14. juni 1985 med endringar, jfr. ot.prop. nr. 57 (1985/86), ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i §§ 81, 84, 86 a, 86 b og 93 i same lov, samt frådeling til slike føremål utan etter samtykkje frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak som kan skape store vanskar for planlegginga. Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 589)

20. juli 1989 nr. 866.
Til § 117.

Hornindal kommunestyre har 16. juni 1989 vedtatt å forlenge forskrift av 13. august 1986 nr. 1745 om midlertidig plankrav etter plan- og bygningslovens § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har 20. juli 1989 med hjemmel i loven og delegering i Miljøverndepartementets rundskriv av 3. februar 1989 samtykket i at ovennevnte forskrift forlenges f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991.

(II 1989 264)