Vedtekter til bygningsloven for Hyllestad kommune

DatoFOR-0000-00-00-150
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-06-09-1332
Endrer
Gjelder forHyllestad kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Hyllestad

Kapitteloversikt:

Endret 27.04.1979

4. nov. 1985 nr. 1945.
Til § 21, første ledd, bokstav a.

I

Denne generalplanvedtekt knyter seg til generalplan vedteke av Hyllestad kommunestyre 18. juni 1984 og slik den er godkjent av Miljøverndepartementet.

II

Vedtekta gjeld for soneplanområda Bjørnestad, Sørbøvåg/Salbu, Hyllestad, Åfjorddalen, Bøfjorden og Rysjedalsvika, med unntak for dei områda der det ligg føre reguleringsplan.

III

Vedtektsområdet og arealbruken er vist på soneplankart i målestokk 1:5000, dagsett 6. september 1983 og med påteikning av Miljøverndepartementet 4. november 1985.

IV

Innafor dei områda som denne vedtekta gjeld for, og som er nemnde i pkt. II og III ovafor, kan grunn ikkje nyttast til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjere den arealutnytinga som er føresett i generalplanen.

V

Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

VI

Denne vedtekta trer i kraft straks, og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 761)

7. juli 1971
Til § 82.
1.Bygging av sportshytter, sommarhus o.l. bygningar som berre er rekna å bu i for kortare tidsrom og tilhøyrande uthus, eller frådeling av tomt for oppføring av bygningar som nemnt, kan berre setjast i verk etter disposisjonsplan som er handsama av friluftsnemnda og bygningsrådet, og som er godkjent av fylkesmannen.

Bygningsrådet kan frita for eller gje utsetjing med disposisjonsplan for nærmare fastlagde område.

2.For bygningar som er nemnde under punkt nr. 1 skal foruten bygningslova kap. III, IV og § 65 også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94 og kap. XV og XVI.
3.Bygningsrådet kan gje nærmare reglar om hyttebygging.

(I 1971 s 956)

27. apr. 1979
Til § 93, 3. og 4. ledd

Reglane i fyrste ledd skal ikkje gjelde for:

1.Bygning som førast opp i tilknytning til eksisterande bygg på eigedom og som
a)ikkje har større grunnflate enn 10 m²,
b)ikkje har større mønehøgde enn 2,5 m,
c)ikkje skal nyttast til bustad eller næringsdrift eller som garasje eller naust.
2.mindre forstøtningsmur og innhegning mot veg.

Denne vedtekt trer i kraft straks.

(II 1979 s 216)

9. juni 1986 nr. 1332.
Til § 117.

Hyllestad kommunestyre vedtar fylgjande mellombels plankrav etter § 117 i plan- og bygningslova, tilpassa endringsframlegga i Ot.prp. nr. 57 1985-86:

I Hyllestad kommune kan det i 3 år frå iverksettinga av plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 81, 84, 86a, 86b og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga. Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnatekne frå desse reglane.

Vedtekta trer i kraft frå det tidspunket plan- og bygningslova vert sett iverk.

(II 1986 s 440)