Vedtekter til bygningsloven, Høyanger kommune

DatoFOR-0000-00-00-152
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-07-03-1666
Endrer
Gjelder forHøyanger kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Høyanger

Kapitteloversikt:

22. desember 1969
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til, eller arbeidd opp felles avkøyrsle, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigendomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundere kommunens utgifter.

Kommunen delar utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i første leden i forhold til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetting av refusjonen og delinga, gjerast etter skjønn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjend med dette og med høve til å prøve kommunen si avgjerd ved skjønn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får nytte av anlegget kan det blir fastsett at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjonen er endeleg fastsett, skal kommunen føre anlegget utan vederlag over til eigarane av dei interesserte eigedomar, som vert sameigarar i same tilhøve som fastsett for refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2, føste punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1969 s 1630)

22. desember 1969
Til § 67.

Tomt i regulera strok kan bare byggjast på dersom:

a.Der er opparbeidd og godkjent veg til og langs den sida av tomta der den har tilkomst. Detkan ikkje krevjast at veggrunn vert lagt ut og veg opparbeidd i større breidde enn fastsett i § 47 nr. 1, føste leden, og
b.hovudkloakk, medrekna i tilfelle også serskild overvassledning, fører til ogl angs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast at det vert lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godtaka kloakksamband til annan hovudkloakk. Kommunen kan gjeva reglar om utføringa. Veg og hovudkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overtaka veg som ikkje er opparbeidd etter første leden, a.

(I 1969 s 1630)

22. desember 1969
Til § 69 nr. 3.

I busetnadsplanar og reguleringsplanar skal gjerast greide for plassering av dei anlegg som er nemnde i § 69 nr. 1. I den mun trongen for slike anlegg er stetta på tilstøytande areal må dette dokumenterast.

Anlegga må visast samla med avkøyrsler, køyrevegar, gangvegar og friareal.

Føresegnene for avkøyrsler og parkering.

1.Busetnaden skal ha oppstillingsplass på eigen tomt eller på fellesareal for minst 1 bil for kvart husvære. For hybelbygg krevst tilsvarande for annankvar hybel.
2.Forretningsbygg, industri-, og lagerbygg, institusjonar, hotell, restaurantar, forsamlingslokaler, skular, idrettsanlegg og andre bygningslanlegg der serskilde tilhøve gjer seg gjeldande, skal ha turvande oppstillingsplass for bilar og tilfredsstillande ut- og innkøyringstilhøve.

(I 1969 s 1630)

22. desember 1969
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan nekta at verksemder, anlegg, opplag og lager av farleg eller særleg sjenerande art, vert lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1969 s 1630)

Til § 49 nr. 1.

Utgiftene vert delte med ein halvpart i høve eigedomen sitt grunnareal og ein halvpart i høve eigedomen sin tilletne utnytting (brutto golvareal).

(I 1973 s 1007)

28. september1979
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. med tilhøyrande uthus og frådeling og bortfeste av tomt for desse, er ikkje tillate før de ligg føre generalplan med stadfesta vedtekter, reguleringsplan eller disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmanne.
2.Bygning som nemnd i punkt 1 skal ikkje oppførast nærare vassdrag enn 100 meter rekna ved middels flomvass-stand eller nærare veg åpen for almen ferdsle enn 30 meter frå midtlina.
3.For bygningar og frådeling av tomt som er nemnd under nr. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 første ledd også gjelde §§ 62,63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 87, 93, 94, 109 kap. XV og XVI og byggeforskriftene kap. 49. For hyttekonsentrasjonar skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygninglova også gjelde.
4.Punkt 1 og 2 i vedtekta gjeld ikkje for tiltak som skal handsamast etter strandplanlova.
5.Bygningsrådet kan etter søknad dispensere frå reglane ovanfor når særlege grunnar ligg føre.

(II 1979 s 397)

3. juli 1986 nr. 1666
Til § 117.

I Høyanger kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av lov nr. 77 i plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova, uten samtykke frå bygningsrådet, før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 564)