Vedtekter til bygningsloven for Jondal kommune

DatoFOR-0000-00-00-159
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1987-04-08-342
Endrer
Gjelder forJondal kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Jondal

Kapitteloversikt:

Endret 19.07.1985 nr. 1510

19. juli 1985 nr. 1510.
Til § 21, første ledd, bokstav a.

I

Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan for Jondal kommune, vedteke av Jondal kommunestyre den 15. desember 1983, og slik han er godkjend av Miljøverndepartementet i dag.

II

Vedtekta gjeld for heile Jondal kommune, med unntak for område der det ligg føre reguleringsplan.

III

Vedtektsområdet og arealbruken er vist på kart datert 4. oktober 1983, og gjeve Miljøverndepartementet si påteikning:

-Oversynskart M=1:20.000
-Soneplan for Herand M=1:5.000 (kart A)
-Soneplan for Jondal M=1:5.000 (kart B)
-Soneplan for Torsnes M= 1:5.000 (kart C)
-Soneplan for Kysnes M=1:5.000 (kart D)
-Kartutsnitt for Strondi/Hereiane M=1:5.000 (kart E)
-Kartutsnitt for Byrkjeland M=1:5.000 (kart F) 

Arealbruken er slik:

1.Byggeområde og friområde.

Arealbruk som vist på nemnda soneplankart.

2.Jord-, skog- og naturområde.

Desse omfattar dei areala som ikkje er avgrensa for føremål som nemnd under pkt. 1.

IV

Innafor dei områda som denne vedtekta gjeld for, og som er nemnde under nr. II og III kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjere den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

V

Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

VI

Denne vedtekta trår i kraft straks, og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 535)

29. sept. 1969
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan nekta at tomt i regulert strøk blir fråskild før den har veg- og kloakksamband som nemnt i § 67.

(I 1969 s 1161)

29. sept. 1969
Til § 67.

Tomt i regulert strok kan berre byggjast på dersom:

a.Opparbeidd og godkjend veg fører til eller langs den sida av tomta der den har tilkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn blir lagt ut og veg opparbeidd i større breidd enn fastsett i § 47 nr. 1, første ledd og
b.hovedkloakk, og om turvande serskild overvassleidning, fører til, langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større diameter en 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakksamband til annan hovedkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidde etter første ledd, a.

(I 1969 s 1161)

29. sept. 1969
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at det for kvar eigedom vert sikra naudsynt garasjeplass eller plass for oppstilling av bil utanfor offentleg grunn.

(I 1969 s 1161)

29. sept. 1969
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at verksemder, anlegg, opplag og lager av fårleg eller sjenerande art vert lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1969 s 1161)

25. nov. 1985 nr. 2030.
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre skal nyttas til å bu for kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus er forbode innafor område merka «forbodsområde» på illustrasjonskart datert 15. desember 1983 og gjeve Miljøverndepartementet si påteikning 25. november 1985.

Det same gjeld frådeling og bortfesting av tomter til slikt føremål samt vesentleg endring av eksisterande bygningar som nemnd ovanfor, t.d. påbygg.

2.I dei områda som er merka 1-9 på det nemnde illustrasjonskartet kan dei tiltak som er nemnd i nr. 1 berre skje i samsvar med reguleringsplan.
3.For bygningar som er nemnd i nr. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV og §§ 65 og 68, også gjelde § 63, 66 nr 1, 70, 74 nr. 2, 87, 93, 94, 109, og kap. XV og XVI.
4.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjera unnatak frå føresegnene i denne vedtekta.
5.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Jondal kommune, stadfesta 29. september 1969, oppheva.

(II 1985 s 801)

8. april 1987
Til § 117.

I medhald av § 117 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 vedtek Jondal kommunestyre at det i 3 år frå iverksetjinga av lova ikkje kan setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i lova, utan etter samtykkje frå Jondal bygningsråd, før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skapa store vanskar for planlegginga. Anlegg som vert fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

(II 1987 s 267)