Vedtekter til bygningsloven for Jølster kommune

DatoFOR-0000-00-00-160
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-22-495
Endrer
Gjelder forJølster kommune, Sogn og Fjordan
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Jølster

Kapitteloversikt:

Endra 27. mai 1986 nr. 1203, 23. juni 1989 nr. 495.

4. november 1967
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til, eller arbeidd opp felles avkøyrsle, felles gardsplass eller anna fellesareal for fleire eigendomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av tiltaket, refundere (betale att) kommunen utlegga med tiltaket.

Kommunen deler utlegga på eigarane (festarane) av eigedomane nemnt i førsteledd, i høve til den nytte kvar eigedom har av tiltaket. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal storleiken av refusjonen og delinga, fastsettast ved skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjend med at det er høve å få prøvd avgjerd av kommunen ved skjøn og med freist etter§ 57.

Refusjonen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av tiltaket kan kommunestyret ta avgjer om at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen overdra tiltaket utan vederlag til eigarane av dei intersserte eigedomar, som då blir sameigarar i same høve som er fastsett ved delinga av refusjonen.
3.Det som er fastsett i § 46 nr. 2 første punktum gjeld tilsvarende.

(I 1967 s 1771)

4. november 1967
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan nekte at tomt i regulert strok blir fråskild før den har tilkomst og kloakksamband som nevnt i § 67.

(I 1967 s 1771)

4. november 1967
Til § 67.

Tomt i regulert strok kan berre byggast på dersom:

a.Der er opparbeidd og godkjend veg fram til eller langs den sida av tomta der tomta skal ha tilkomst.

Det kan ikkje krevjast at veggrunn blir utlagd og veg opparbeidd i større breidde enn det som er fastsett i § 47 nr. 1 første ledd.

b.Hovudkloakk, og i særskild tilfelle overvassleidning, fører fram til, langs eller over tomta.

Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større diameter enn 305 mm i tverrmål. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta anna løysing av kloakkavlaupet frå tomta.

Kommunen kan gi reglar om korleis veg og kloakk skal utførast. Veg og hovedkloakk som er bygd av grunneigar (festar) vert å halda vedlike av kommunen frå den tid anlegget er ferdig og godkjent, og blir utan vederlag kommunen sin eigedom.

Kommunen pliktar likevel ikkje å ta over veg som ikke er opparbeidd til full breidde etter pkt. a.

(I 1967 s 1771)

4. november 1967
Til § 69 nr. 3

I busetnadsplanar og reguleringsplanar skal gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnde i § 69 nr. 1. I den mun trongen for slike anlegg er stetta på tilstøytande areal må dette dokumenterast.

Anlegga må visast samla med avkøyrsler, køyrevegar, gangvegar og friareal.

Føresegner om avkøyrsler og parkering.

1.Busetnaden skal ha oppstillingsplass på eigen tomt eller på fellesareal for minst 1 bil for kvart husvære. For hybelbygg krevst tilsvarande for annankvar hybel.
2.Forretningsbygg, industri- og lagerbygg, institusjonar, hotell, restaurantar, forsamlingslokaler, skular, idrettsanlegg og andre bygningsanlegg der serskilde tilhøve gjer seg gjeldande skal ha turvande oppstillingsplass for bilar og tilfredsstillande ut- og innkøyringstilhøve.

(I 1967 s 1771)

4. november 1967
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan nekta at verksemder, anlegg, opplag og lager som er fårlege eller som fører med seg serlege ulemper, blir lagde innanfor kommunen eller del av denne.

(I 1967 s 1771)

4. november 1967
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal forutan reglane i bygningslova kap. III og IV og § 65 også gjelde § 74 nr. 2 og § 79, samt kap. XV og XVI.

(I 1967 s 1771)

14. mai 1980
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfest reguleringsplan ligg føre, er det i Jølster kommune ikkje tillate å frådele eller bygsle bort tomt for, eller å føre opp sportshytter, somarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus.
2.Bygningar som nemnde i nr. 1 kan i område der det ligg føre generalplan med stadfesta vedtekter, berre førast opp etter reguleringsplan som er handsama på vanleg måte etter bygningslova og stadfesta av fylkesmannen.
3.Langs hovudvassdraga Jølstervatn med Jølstra og vassdraget Skei Førde i Jølster til og med Bolsetvatnet kan bygning som nemnt i nr. 1 ikkje oppførast i mindre fråstand enn 100 meter.
4.For bygningar og frådeling av tomt som nemnt i under nr. 1 skal i tillegg til bygningslovan kap. III, IV, §§ 65, 1. ledd og 68, også gjelde §§ 62, 63, 66nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 87, 93, 94, 109, kap. XV og XVI og byggeforskriftene kap. 49. For hyttegrender/hyttekonsentrasjoner skal også § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelde. Fylkesmannen avgjer i tvilstilfelle kva som skal reknast som hyttegrend/hyttekonsentrasjon etter denne vedtekta.
5.Bygningsrådet kan utferde nærare reglar om hyttebygging.

(II 1980 s 413)

27. mai 1986 nr. 1203.
Til § 117.

I Jølster kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av plan- og bygningslov av 14. juni 1985 nr. 77 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan eller veglov av 21. juni 1963 nr. 23 er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 403)

23. juni 1989 nr. 495
Til § 117.

Jølster kommunestyre har 10. november 1988 gjort vedtak om lenging av forskrift 27. mai 1986 nr. 1203 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova 14. juni 1985 nr. 77 § 117 1. ledd.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har 23. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli t.o.m. 1. juli 1991.

(II 1989 150)