Vedtekter til bygningsloven for Aurland kommune.

DatoFOR-0000-00-00-17
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-23-848
Endrer
Gjelder forAurland kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Aurland

Kapitteloversikt:

Endret 27. mai 1977, 23. juni 1989 nr. 848.

22. feb. 1974
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er der i Aurland kommune ikkje tillete å frådela tomt for eller å føre opp sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna å bu i for kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus.

Einkelttomt i allerede eksisterande hytteområde kan - når det etter bygningsrådet sitt skjønn er forsvarleg - frådelast og tillatast å verte byggt på med hytte.

2.Bygningar som er nemnde i nr. 1 kan i område der generalplan med vedtekter ligg føre, berre oppførast etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.
3.For slike bygningar son nemnde i nr. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74, 93, 94 og kap. XV og XVI.

For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal og § 66 nr. 2 i bygningslova gjelde.

Etter at kommunen har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om ei samling av hytter er av ein slik storleik at det ligg føre hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter denne vedtekt.

4.Bygningsrådet kan skrive ut nærare reglar for hyttebygging. Reglane må for å verte gyldige godkjennast av formannskapet.
5.Denne vedtekta tek til å gjelda straks.

(II 1974 s 58)

Grensa mellom Leikanger og Lærdal kommune i Sogn og Fjordane fylke går frå toppen av Svarthovd (1365) i nordaustleg retning til den vesle toppen med høgde 1468 aust for Daudmannsvatnet, derifrå nord - litt vestleg til høgste punktet på Bleifjell (1718), derifrå litt meir vestleg til høgde 1687 på same fjellet. Herifrå går lina, igjen litt meir vestleg, ned i gjelet der ytste Drøfta renn, deretter følgjer grensa denne elva i nordvestleg hovudretning til Sognefjorden. Vidare går grensa i bein line i retning nord til vest til det punktet der denne lina skjer midtlina av Sognefjorden, der Sogndal kommune støyter til.

Med unntak av der grensa følgjer ytste Drøfta, går grensa i rette liner mellom dei nemnde punkta.

Namn og høgder som er skildra ovanfor, refererer og til gradteigskarta C 31 aust og D 31 vest 1 : 100 000, utgåver 1964.

(II 1977 s 200)

23. juni 1989 nr. 848.
Til § 117.

Aurland kommunestyre har 25. mai gjort vedtak om lenging av forskrift av 1. april 1986 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 1. ledd.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har 23. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991. 

Forskriften1 lyder:

I Aurland kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje setjast iverk arbeid eller tiltak som er nemnt i denne lova sine §§ 84 og 93 utan etter samtykke frå bygningsrådet, før området inngår i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, herunder frådeling, som vesentleg kan vanskeleggjere planlegginga.

Anlegg som vert fremja etter godkjent vegplan etter veglova er unnateke frå desse bestemmelsane.

1.Denne forskrifta er ikkje tidlegare kunngjort i Norsk Lovtidend.

(II 1989 258)