Vedtekter til bygningsloven for Kvam kommune

DatoFOR-0000-00-00-175
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-10-01-2014
Endrer
Gjelder forKvam kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Kvam

Kapitteloversikt:

21. nov. 1982 nr. 1729.
Til § 21, første ledd, bokstav a.

I. Denne generalplanvedtekt knyter seg til generalplan for Kvam kommune, vedteke av Kvam kommunestyre den 21. desember 1979 og slik den er godkjent av Miljøverndepartementet i dag.

II. Generalplanvedtekta gjeld for heile Kvam kommune med unntak for dei områda der det ligg føre stadfesta reguleringsplan og godkjend disposisjonsplan etter vedtekt til § 82 i bygningslova.

III. Vedtektsområda er vist på kart i målestokk 1:50.000 og 1:20.000, datert 29. mai 1979 og kart i målestokk 1:10.000 og 1:5.000, datert april 1979.

IV. Innafor dei områda der denne vedtekta gjeld, kan grunnen ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjera den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

V. Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

VI. Denne vedtekta vert sett i kraft straks og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1983 s 638)

26. mai 1967
Til § 52.
1.Når heradet i medhald av reguleringsplan (§ 16 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller arbeidt opp sams avkøyrsel, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget refundera heradet utlegga det har hatt.

Heradet skifter utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som er nemnt i første leden i høve til nytte for kvar eigedom. Dersom heradet eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjing av refusjonen og skiftinga gjerast etter skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjende med dette høvet og med høvet til å få prøvt heradet si avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen dagfell til betaling 3 månader etter den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det verta fastsett at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal heradet overdra anlegget utan vederlag til vedkommande interessentar som då vert sameigarar i same høve som fastsett for refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2, første punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1967 s 1074)

26. mai 1967
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strok vert frådelt før ho har veg- og kloakksamband som nemnt i § 67.

(I 1967 s 1074)

26. mai 1967
Til § 67.

På tomt i regulert strok kan det berre byggjast dersom:

a.Opparbeidd og godkjend veg fører til og langs den sida av tomta, der ho har sin tilkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert utlagd og veg opparbeidd i større breidd en fastsette i § 47, nr. 1, første leden, og
b.Hovudkloakk, heri i tilfelle også særskilt overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast at det vert lagt røyr med større diameter enn 305 mm.

Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakksamband til annan hovudkloakk.

Heradet kan gje reglar om utføringa. Veg og hovudkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av heradet frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då heradet utan vederlag. Heradet pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidd etter første led, a.

(I 1969 s 1074)

26. mai 1967
Til § 69 nr. 3.

I busetnadsplanar og reguleringsplanar skal det gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnde i § 69, nr. 1. I den mon trongen for slike anlegg er dekka på tilstøytande areal må dette dokumenterast. Anlegga må synast i sin samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

(I 1969 s 1074)

22. mai 1973
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk gjeld heile bygningslova fullt ut.

(I 1973 s 572)

1. april 1971
Til § 82.
1.Der generalplan m/vedtekter ligg føre kan frådeling av tomt for eller oppføring av bygningar som nemnt berre skje etter disposisjonplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter framlegg frå bygningsrådet frita for eller gje utsetjing med disposisjonplan. Bygningsrådet kan, etter fråsegn frå generalplanutvalet, og når særlege grunnar talar for det, gjera unnatak for enkelttomter og for spesielle område der det ligg føre disposisjonsplan godkjend av fylkesmannen.
2.For slike bygningar som nemnd under nr. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 også gjelda §§ 63, 55 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.
3.For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelda. Etter kommunen har hatt høve til å uttala seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om samlinga av hytter er av ein slik storleik at det ligg føre hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter denne vedtekt.
4.Bygningsrådet kan skriva ut nærare reglar for hyttebygging.

(I 1971 s 509)

8. nov. 1978
Til § 85.

Oppstilling/parkering av campingvogner, også for kortare tid enn 3 månader, er berre lovleg på omsråde som bygningsrådet har godkjent for dette føremålet.

Løyve kan berre gjevast når oppstilling/parkering av campingvogner etter bygningsrådet sitt skjøn ikkje vil vera til ulempe for omgivnaden i vesentlig grad. Bygningsrådet kan setja vilkår for godkjenninga og gjera den gjeldande for eit avgrensa tidsrom fastsett av bygningsrådet. Godkjenninga kan når som helst trekkjast attende dersom vilkåra for godkjenning ikkje vert oppfylde.

Denne vedtekta gjeld ikkje for oppstilling/parkering av ei einskild campingvogn i tilknytning til heilårsbustad, jfr. § 104 i bygningslova.

Vedtekta trer i kraft straks.

(II 1978 s 542)

1. oktober 1986
Til § 117.

I medhald til § 117 i plan- og bygningslov av 14. juni 1985 har Kvam heradsstyre 1. oktober 1986 vedteke å innføra mellombels plankrav.

Plankravet har fylgjande ordlyd:

I Kvam herad kan det i 3 år frå iverksetjinga av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykkje frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 696)