Vedtekter til bygningsloven for Kvinnherad kommune

DatoFOR-0000-00-00-177
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-09-01-1883
Endrer
Gjelder forKvinnherad kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Kvinnherad

Kapitteloversikt:

7. mai 1982 Nr. 920.
Til § 21 første ledd bokstav a.
I.Denne generalplanvedtekt knyter seg til generalplan for Kvinnerad kommune, vedteken av kommunestyret den 27. desember 1979 og slik den er godkjent av Miljøverndepartementet 7. mai 1982.
II.Vedtekta omfattar heile kommunen, med unntak av område der det ligg føre godkjende strandplanar og reguleringsplanar stadfesta etter 1970.
III.Dei områda der vedtekta gjeld er vist på kart i målestav 1:5.000 og oversiktskart i M 1:50.000 vedteke i kommunestyret 27. desember 1979. Karta er gitt Miljøverndepartementet si påteikning 7. mai 1982.
1.Byggeområde

Byggeområda er viste på oversiktskart i M 1:50.000. Detaljert arealutnytting og avgrensing er vist fargelagt på kart i M 1:5.000 godkjent av bygningsrådet 13. november 1979 og gitt Miljøverndepartementet si påteikning 7. mai 1982.

2.Jord-, skog- og naturområde

Dette omfattar dei areal i kommunen som ikkje er avgrensa for føremål under pkt. 1.

IV.Innenfor dei områda der denne vedtekta gjeld som omtala under pkt. II og III kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjera den utnyttinga som er føresett i generalplanen.
V.Når det ligg føre særlege grunnar, kan bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta.
VI.Denne vedtekta vert sett i verk straks og gjeld inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1982 s 389)

17. oktober 1966
Til § 52.

Kommunen kan krevja refusjon for felles areal og anlegg i samsvar med føresegnene i § 52.

(I 1966 s 1632)

17. oktober 1966
Til § 63.3

Bygningsådet kan forby at tomt i regulert strok blir frådelt før det er opparbeidd tilkomst og kloakkavløp som nemnt i § 67.

(I 1966 s 1632)

17. oktober 1966
Til § 67.

Tomt i regulert strok kan berre byggjast på dersom:

a.opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der den har sin tilkomst.

Det kan ikkje krevjast at veggrunn blir utlagd og veg blir opparbeidd i større breidde enn fastsett i § 47 nr. 1, første leden, og

b.hovudkloakk, herunder i tilfelle også særskild overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt rør av større diameter enn 305 mm.

Bygningsrådet kan med samtykkje av helserådet godta kloakksamband til annan hovudkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa. Veg og hovudkloakk som er lagt av grunneigar (festar), skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent av kommunen, og tilfell da kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidde etter første ledd, a.

(I 1966 s 1632)

17. oktober 1966
Til § 69 nr. 3.

I utbyggingsplanar og reguleringsplanar skal det gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnt i § 69 nr. 1, I den grad behovet for slike anlegg er dekka på tilstøytande areal må dette dokumenterast. Anlegga må visast i sin samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

(I 1966 s 1632)

17. oktober 1966
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at det for kvar eigedom vert sikra naudsynt garasjeplass til oppstilling av bil(ar) utanfor offentleg veggrunn.

(I 1966 s 1632)

17. oktober 1966
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at verksemder, anlegg, opplag og lager av farleg eller serleg gjenerande slag, blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1966 s 1632)

17. oktober 1966
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk, skal forutan reglane i bygningslova kap. III og IV og i § 65 også gjelda §§ 66.2, 68, 89, 90, 91, 100 og 101.

(I 1966 s 1632)

24. oktober 1974
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan eller godkjend strandplan ligg føre, er det i Kvinnherad kommune ikkje tillete å frådele tomt for eller føre opp hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna å bu i for kortare todsrom, eller tilhøyrande uthus.

Etter at generalplan med vedtekter ligg føre kan frådeling av tomt for eller oppføring av bygningar som nemnt berre skje etter stadfesta reguleringsplan, godkjend strandplan eller disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjend av fylkesmannen.

Bygningsrådet kan, etter fråsegn frå generalplannemnda, gjere unntak for enkelttomter når særlege grunnar talar for det.

2.For slike bygningar som nemnt under nr. 1, skal forutan bygningslovas kap. III, IV og § 65 også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.
3.Bygningsrådet kan skriva ut nærare reglar for hyttebygging.

(II 1974 s 262)

1. sept. 1986 nr. 1883
Til § 117.

I Kvinnherad kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av plan- og bygningslova av 14. juni 1985 ikkje setjast iverk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova, utan etter samtykkje frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak medrekna frådeling, som kan skapa store vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjend vegplan eller veglova, er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 629)