Vedtekter til bygningsloven for Kviteseid kommune

DatoFOR-0000-00-00-178
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-09-29-1953
Endrer
Gjelder forKviteseid kommune, Telemark
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Kviteseid

Kapitteloversikt:

13. jan. 1982
Til § 49 nr. 2.

Ved utlikning av refusjon for kommunen sine utgifter til veg-, vatn- og kloakkanlegg, skal dei faste prisane som går fram av tabell 1 klasse 11 i Kommunal- og arbeidsdepartementet si føresegn om faste prisar, leggast til grunn.

Vedtekten trer i kraft straks.

(II 1982 s 25)

2. des. 1968
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplanen (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa seg grunn til eller opparbeidd sams avkøyrsle, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomer, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundera kommunen dei utlegg som han har hatt med dette.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomen slik som nemnt i første ledd i forhold til nytten som kvar eigedom får av anlegget. Dersom kommunen eller nokon av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjing av refusjon og fordelinga fastsetjast ved skjøn.

Eigarar (festarar) skal gjerast kjent med at det er høve til å krevja skjøn og vidare at kommunen si avgjerd kan prøvast ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonskravet forfell til betaling 3 månader etter at det er endeleg fastset. For eigedom som ikkje får full nytte av anlegget straks, kan det gjerast vedtak om at betalinga heilt eller delvis skal utstå.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen overdraga anlegget utan vederlag til eigarane av dei interesserte eigedomar, som vert sameigarar i same høve som fastsett for refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2, første punktum, gjeld tilsvarende.

(I 1968 s 1476)

2. des. 1968
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan nekte at tomt i regulert strok vert fråskilt før den har fått vegsamband og samband med kloakk som nemnt i § 67.

(I 1968 s 1476)

2. des. 1968
Til § 67.

Tomt i regulert strok kan byggjast på bare dersom:

a.Opparbeidd og godkjent veg fører fram til og langs den sida av tomta der den skal ha vegen. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert utlagt til veg og opparbeidd i større breidd enn fastsett i § 47 nr. 1, første ledd og
b.hovudkloakk, herunder i tilfelle også særskilt overvassleidning, fører til og langs etter eller over tomta.

Det kan ikkje krevjast at det vert lagt rør av større diameter enn 305 mm.

Bygningsårdet kan med samtykke av helserådet godtaka kloakksamband til annan hovudkloakk. Kommunen kan gjeva reglar om utføringa. Veg og hovudkloakk som er lagt av grunneigar (festar), skal kommunen vedlikehalde frå den tid anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen har likevel plikt til å overtaka veg som ikkje er opparbeidd til full breidd etter første leden, a.

(I 1968 s 1476)

2. des. 1968
Til § 69 nr. 3.

I bygjeplanar og reguleringsplanar skal gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnt i § 69 nr. 1.

I den grad behovet for slike anlegg er dekt på tilstøytande areal må dette dokumenterast.

Det må gå fram av planen korleis desse anlegga er plassert i sammanhang med køyrevegar, gangvegar og friareal.

(I 1968 s 1476)

07. febr. 1984
Til § 69 nr. 4.

Bygningsrådet kan samtykkje i at det i staden for parkeringsplassar på eigen grunn eller på felles areal blir innbetala ein sum pr. manglande plass til kommunen for bygging av parkeringsanlegg. Kommunestyret avgjer dei satsar som skal til ei kvar tid gjelde i slike høve.

(II 1984 s 105)

2. des. 1968
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at eigedomen vert sikra turvande garasjeplass.

(I 1968 s 1476)

2. des. 1968
Til § 78.

Bygningsrådet kan nekte at bedrifter, anlegg, opplag og lager som kan vera fårlege eller verke sjenerande, blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1968 s 1476)

14. sept. 1984 nr. 1698.
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna til å bu i for kortare tidsrom og tilhøyrande uthus kan berre skje etter reguleringsplan.

Det same gjeld frådeling og bortfesting av tomt til nemnde føremål.

2.For bygningar som nemnt under pkt. 1, skal foruten bygningslovas kapittel III, IV og §§ 65 og 68 også gjelde kapittel VI, VII, VIII, §§ 66 nr. 1 og 2, 67 og 69, kapittel X, XII, XIII, XIV, XV og XVI.
3.Bygningsrådet kan gjeva nærare reglar om hyttebygging innafor ramma av dei føresegnene som er nemnd ovafor.
4.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjere unntak frå denne vedtekta.
5.Denne vedtekta tek til å gjelde straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Kviteseid kommune stadfesta 10. februar 1976 oppheva.

(II 1984 s 442)

2. april 1977
Til § 93

Hobbyveksthus kan førast opp uten søknad om byggetillatelse dersom veksthuset har tilknytting til eksisterende busetnad på eigedomen og ikkje har større grunnflate enn 10 m² og ikkje større mønehøyde enn 2,5 m.

(II 1977 s 156)

7. februar 1984
Delegering av avgjerdsmakt.

Fylkesmannen i Telemark har 7. februar 1984 godkjent kommunestyrets vedtak av 27. oktober 1983 om delegering av avgjerdsmakt i medhald av bygningslova og veglova gjeldane frå 1. januar 1984.

Nærare opplysningar ved Teknisk etat.

(II 1984 s 105)

29. september 1986
Til § 117.

Kviteseid kommunestyre har 29. september 1986 vedteke å innføre slik mellombels planvedtekt.

I Kviteseid kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i same lova §§ 84 og 93 utan etter samtykke frå bygningsrådet før området inngår i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan.

Det same gjeld andre tiltak, herunder frådeling, som vesentleg kan vanskeleggjera planlegginga. Anlegg som blir lagt fram etter godkjent vegplan etter veglova er undateke frå denne vedtekt.

(II 1986 s 649)