Vedtekter til bygningsloven for Leikanger kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-0000-00-00-187
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1995-01-25-137
Endrer
Gjelder forLeikanger kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Leikanger

Kapitteloversikt:

19 juni 1986 nr. 1874, 25 jan 1995 nr. 137.

27. mai 1977
Til § 1 i lov 21. des. 1956 nr. 3.

Den austre delen av grensa mellom Leikanger og Aurland kommunar i Sogn og fjordane fylke går frå eit punkt aust for Fyssenesset om lag 2,5 km nordetter langs midtlina av Aurlandsfjorden der ho vinklar og går rett mot aust til utløpet av elva Merkjesgrovi. Grensa følgjer så denne elva, først i austleg, deretter i sørleg rening til det punktet der rettlina mellom Daurmålshaugen og Middagsnosi treff bekken, i skaret nord for Nordheimsdalen, derifrå i nordaustleg retning over toppen av Middagsnosi (1180) og vidare i same retning til toppen av Daurmålshaugen (1181). Frå dette punktet går lina i austleg retning til eit punkt på eit svaberg på vasskilet ved nordenden av det vesle Merkjesvatnet. Herifrå går lina i søaustleg retning til toppen av Svarthovd (1365) der Lærdal kommune støyter til.

Med unntak av der grensa følgjer Aurlandsfjorden og Merkjesgrovi, går grensa i rette liner mellom dei nemnde punkta.

Den grensa som er skildra ovanfor, referer seg til gradteigskart C 31 Aust 1:100 000, utgåve 1964.

(II 1977 200)

Til § 1 i lov 21. des. 1979 nr. 3

Grensa mellom Leikanger og Lærdal kommunar i Sogn og Fjordane fylke går frå toppen av Svarthovd (1365) i nordaustleg retning til den vesle toppen med høgde 1468 aust for Daudmannsvatnet, derifrå nord - litt vestleg til høgste punktet på Bleifjell (1718), derifrå litt meir vestleg til høgde 1687 på same fjellet. Herifrå går lina, igjen litt meir vestleg, ned i gjelet der ytste Drøfta renn, deretter følgjer grensa denne elva i nordvestleg hovudretning til Sognefjorden, der Sogndal kommune støyter til.

Med unntak av der grensa følgjer ytste Drøfta, går grensa i rette liner mellom dei nemnde punkta.

Namn og høgder som er skildra ovanfor, referer og til gradteigskarta C 31 aust og D 31 vest 1:100 000, utgåver 1964.

(II 1977 s 200)

28. april 1986 nr. 1103.
Til § 21, første ledd bokstav a.
I

Denne generalplanvedtekta knytter seg til generalplan for Leikanger kommune, vedteken av kommunestyret 24. mai 1984, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 28. april 1986.

II

Vedtekta gjeld heile kommunen.

Vedtektsområde er synt på fylgjande kart i målestokk 1:5.000 og 1:50.000, dagsett den 25. februar 1983:

GeneralplankartM 1:50.000

Soneplan for Systrond M 1: 5.000

Soneplan for Feios M 1: 5.000

Soneplan for Fresvik M 1: 5.000

Soneplan for Kleppa M 1: 5.000

Soneplan for Skard M 1: 5.000

Arealbruken er slik:

1.Byggeområde, friomroåde, trafikkområde

Detaljert arealbruk som vist på ovannemnde soneplankart.

2.Jord-, skog- og naturområde

Desse omfatter dei areala i kommunen som ikkje er avgrensa av føremål nemnd under pkt. 1.

III

Innanfor dei områda som er nemnde under nr. II kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjera den utnytting som er føresett i generalplanen.

IV

Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta.

V

Denne vedtekta tek til å gjelda straks og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1986 s 361)

25. okt. 1967
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f.) heilt eller delvis har skaffa grunn til, eller arbeidd opp felles avkøyrsle, felles gardsplass eller anna fellesareal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av tiltaket, refundere (betale att) kommunen utlegga med tiltaket.

Kommunen deler utlegga på eigarane (festarane) av eigdomane nemnt i første ledd, i høve til den nytte kvar eigedom har av tiltaket. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal storleiken av refusjonen og delinga fastsettast ved skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjend med dette og med at det er hjøve til å få prøvd avgjerd av kommunen ved skjøn og med freist etter § 57.

Refusjonen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje får full nytte av tiltaket kan kommunestyret ta avgjer om at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjonen er endeleg fastsatt, skal kommunen overdra tiltaket utan vederlag til eigarane av dei interesserte eigedomar, som då blir sameigarar i same høve som er fastsett ved delinga av refusjonen.
3.Det som er fastsett i § 46 nr. 2 første punktum gjeld tilsvarande.

(I 1967 s 1729)

25. okt. 1967
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan nekta at tomt i regulert strok blir fråskild før den har tilkomst og kloakksamband som nemnt i § 67.

(I 1967 s 1729)

25. okt. 1967
Til § 67.

Tomt i regulert strok kan berre byggast på dersom:

a.Der er opparbeidd godkjend veg fram til og eller langs den side av tomta der den skal ha tilkomst.

Det kan ikkje krevjast utlagd veggrunn og opparbeidd veg i større breidd enn det som er fastsett i § 47 nr. 1 første ledd.

b.Hovudkloakk, her i tilfelle og serskild overvassleidning, fører fram til langs eller over tomta.

Det kan likevel ikkje krevjast lagt ned røyr større enn 305 mm i tverrmål.

Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta anna løysing av kloakkavlaupet frå tomta.

Kommunen kan gi reglar om korleis veg og kloakk skal utførast. Veg og hovudkloakk som er bygd av grunneigar (festar) vert å halda vedlike av kommunen frå den tid anlegget er ferdig og godkjent, og blir utan vederlag kommunen sin eigedom.

Kommunen pliktar likevel ikkje å ta over veg som ikkje er opparbeidd til full breidd etter punkt a.

(I 1967 1729)

25. okt. 1967
Til § 69 nr. 3.

I busetnadsplanar og reguleringsplanar skal gjerast greide for plassering av dei anlegg som er nemnde i § 69 nr. 1. I den mun trongen for slike anlegg er stetta på tilstøytande areal må dette dokumenterast.

Anlegga må visast samla med avkøyrsler, køyrevegar, gangvegar og friareal.

Føresegner for avkøyrsler og parkering.

1.Busetnaden skal ha oppstillingsplass på eigen tomt eller på fellesareal for minst 1 bil for kvart husvære. For hybelbygg krevst tilsvarande for annankvar hybel.
2.Forretningsbygg, industri- og lagerbygg, institusjonar, hotell, restaurantar, forsamlingslokaler, skular, idrettsanlegg og andre bygningsanlegg der serskilde tilhøve gjer seg gjeldande, skal ha turvande oppstillingsplass for bilar og tilfredsstillande ut- og innkøyringstilhøve.

(I 1967 s 1729)

25. okt. 1967
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan nekta at verksemder, anlegg, opplag og lager som er fårlege eller som fører med seg serlege ulemper, blir lagde innanfor kommunen eller del av denne.

(I 1967 s 1729)

25. okt. 1967
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal forutan reglane i bygningslova kap. III og IV og § 65 også gjelde § 74 nr. 2 og § 79 samt kap. XV og XVI.

(I 1967 1731)

10. mai 1985 nr. 1042.
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, sommerhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre skal nyttast til å bu i for kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus kan i område som er sette av til dette i godkjent generalplan berre skje etter reguleringsplan.

Det same gjeld frådeling og bortfesting av tomter til slikt formål.

2.I kommunen kan ikkje bygning som nevnt i nr. 1 førast opp nærare vassdrag enn 50 m målt i horisontalplanet ved gjennomsnittleg flomvasstand, eller nærare riksveg enn 30 m og veg open for allmenn ferdsel enn 12,5 m, målt frå vegen si midtlinje.
3.For bygningar nemnde under nr. 1 skal forutan reglane i bygningslova kap. III, IV og § 65 1. ledd og § 68 også gjelde §§ 70, 74 nr. 2, 77 nr. 1, 79, 87, 88, 89, 90, 91, 93, 94, 95, 96, 97, 98, 99 og 100 og kap. XV og XVI.
4.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gje dispensasjon frå føresegnene over.
5.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Leikanger kommune, stadfesta 25. oktober 1967 oppheva.

(II 1985 s 306)

25. januar 1995 nr. 137.
Til § 107 første ledd:
§1. Innan heile kommunen gjeld at skilt, reklamearrangement o.l. berre kan setjast opp etter samtykke frå kommunen. Samtykke kan gjevast inntil vidare eller for eit avgrensa tidsrom.

Ved handsaminga gjeld pbl § 94 og § 95 tilsvarande.

§2. Det er ikkje tillate med reklamearrangement i reine bustadområder eller i tilknyting til større grøntareal eller park på Hermansverk og Hanahaug.
§3. Søknader om skilt og reklamearrangement skal handsamast etter desse føresegner:
a)Skilt skal vera samstemte med fasaden på bygget. Det skal takast omsyn til fargar og hovudoppdeling av fasaden på bygget og nabobygga.
b)Skilt skal plasserast på huset sin hovudfasade i tilknytning til dør eller vindauge. Skilt skal tilstrebast plasserte i etasjeskiljet mellom 1. og 2. etasje utan å kome i konflikt med gesims eller annan fasadeutsmykking. Skilt skal ikkje vere dominerande over heile bygnings- eller forretningsfasaden.
c)Kvar verksemd kan berre ha eitt uthengsskilt og eitt vegskilt. Bygningsrådet kan gjere unntak der verksemdene disponerer fleire fasadar langs veg eller gangveg/fortau.
d)Uthengsskilt skal av omsyn til sikt og ferdsel plasserast høgt nok på fasaden. Slike skilt bør plasserast på svingbar arm. Uthengsskilt skal ikkje stikke ut meir enn 1,0 m frå fasaden og storleiken skal ikkje overstige 0,5 m².
e)Målte skilt skal utformast i tråd med punkta 3.a) - 3.e). Slike skilt kan belysast, men lyset må då plasserast slik at det ikkje får uheldige verknader for naboar, trafikantar og fasade elles.
f)Lysskilt skal utformast i tråd med punkta 3.a) - 3.e). Dominerande lyskassar må unngåast. Lyskjelda skal skjermast slik at det berre er teksten og eventuelt symbol som får lys.
g)Forretningar som har trong for solskjerming ved markiser, skal avgrense desse til vindaugsopningane. Markisene skal utformast etter punkt 3.a). Markisene skal vere foldbare. 

Forskriften trer i kraft 4 - fire - veku etter kunngjering.

(II 1995 53)

19. juni 1986 nr. 1874
Til § 117.

I Leikanger kommune kan det i 3 år frå iverksetjing av lov nr. 77, plan- og bygningslov av 14. juni 1985, ikkje setjast i verk tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplanen. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga.

Anlegg som vert fremja etter godkjend vegplan etter veglova er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 626)