Vedtekter til bygningsloven for Austevoll kommune.

DatoFOR-0000-00-00-19
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1987-04-23-421
Endrer
Gjelder forAustevoll kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Austevoll

Kapitteloversikt:

24. nov. 1981
Til § 52 nr. 1.

Når kommunen i medhald av reguleringsplan (jfr. § 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller arbeidd opp sams avkøyrsle, sams gardsplass eller anna sams areal for flere eigedomar, skal eigarane (festarne) av dei eigedomar som får nytte av anlegget betala kommunen attende for utlogene den har hatt.

Kommunen skiftar ut utloga på eigarane (festarane) av eigdomar som nemnt i fyrste lekken i høve til nytten for den einskilde eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsettinga av attbetalinga og utskiftinga gjerast ved skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjende med høve til å få prøvd kommunens avgjerd ved skjøn og med frista etter § 57.

(II 1981 s 857)

24. nov. 1981
Til § 67.

Tomt i regulert strok kan berre frådelast eller byggjast på dersom:

a.Opparbeidd og godkjend veg fører fram til og langs den sida av tomta der den har tilkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert utlagd og veg opparbeidd i større breidd enn fastsett i § 47, nr. 1, første lekken, og
b.hovudkloakk, og i fall særskilt overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast at det vert lagd røyr med større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan også godta kloakksamband til anna hovudkloakk, og
c.hovudvassleidning fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt røyr med større diameter enn 150 mm. Bygningsrådet kan godta vassforsyning frå annan vassleidning.

Kommunen kan gje reglar om utforminga. Veg, hovudkloakk og vassleidning som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag.

Kommunen plikter likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd i full breidde etter første lekken.

(II 1981 s 857)

1982
Til § 69, nr. 3.

I busetnadsplanar og reguleringsplanar skal det gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnde i § 69 nr. 1. I den mon trongen for slike anlegg er dekka på tilstøytande areal må dette dokumenterast. Anlegga må synast i sin samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

(II 1982 s 27)

24. nov. 1981
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at det for kvar eigedom vert sikra naudsynt garasjeplass

(II 1981 s 857)

24. nov. 1981
Til § 78.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller serleg generande slag vert lagt innanfor kommunen sitt område eller deler av dette.

(II 1981 s 857)

24. nov. 1981
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk gjeld forutan reglane i § 81 første lekken også § 71, 74 nr. 2, 89, 90, 91, 93, 109 og kap. XV og XVI.

(II 1981 s 857)

6. mars 1972.
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Austevoll kommune ikkje tillatt å frådela tomt for eller å føra opp hytte, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna å bu i for kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus m.v.

Der generalplan med stadfesta vedtekter ligg føre, kan frådeling av tomt for eller oppføring av bygningar som nemnd under nr. 1, berre skje etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen. Fylkesmannen kan, etter framlegg frå bygningsrådet, frita for eller gje utsetjing med disposisjonsplan.

Bygningsrådet kan, etter tilråding frå generalplannemnda og når særlege grunnar talar for det, gjera unntak frå ovannemnde føresegner for enkelt-tomter. Bygningsrådet kan vidare etter tilråding frå generalplannemnda gjera unntak for områder der det ligg føre disposisjonsplan som er godkjent av fylkesmannen når denne vedtekt trer i kraft.

2.For slike bygninger som nemnd under nr. 1, skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.
3.For hyttegrender, hyttekonsentrasjoner, skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelda. Etter at kommunen har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om samlinga av hytter er av ein slik storleik at det ligg føre hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter denne vedtekt.
4.Bygningsrådet kan skriva ut nærare reglar for hyttebygging.

(I 1972 s 324)

24. nov. 1981
Til § 84.

Melding til bygningsrådet, vedlagt situasjonsplan og teikningar, må sendast inn seinast 2 veker før arbeidet vert starta opp.

Vedtektene tek til å gjelda straks.

(II 1981 s 857)

23. april 1987
Til § 117.

I Austevoll kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985, ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som er nemnde i §§ 84 og 93 i same lova utan etter samtykkje frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjendt vegplan etter veglova, er unnateken frå desse reglane.

(II 1987 s 280)