Vedtekter til bygningsloven for Lindås kommune.

DatoFOR-0000-00-00-199
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-2001-06-21-1305
Endrer
Gjelder forLindås kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Lindås

Kapitteloversikt:

Endret 22 sep 1988 nr. 943, 10 jan 1989 nr. 26, 2 aug 1989 nr. 765, 31 jan 1996 nr. 156, 30 juli 1998 nr. 787, 21 juni 2001 nr. 1305.

23. april 1985 nr. 902.
Til § 21 første ledd bokstav a.

I. Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan for Lindås kommune, vedteke av Lindås kommunestyre 15. mai 1983 og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 23. april 1985.

II. Vedtekta gjeld for heile Lindås kommune med unntak for område der det ligg føre reguleringsplan.

III. Vedtektsområdet er synt på kart i målestokk 1:5.000 og 1:35.000, dagsett 22. september 1980, og gjeve påteikning av Miljøverndepartementet 23. april 1985.

Arealbruken er slik:

1.Byggeområde.

Detaljert arealutnytting er synt på kart i målestokk 1:5.000 og 1:35.000, dagsett 22. september 1980, og gjeve påteikning av Miljøverndepartementet 23. april 1985.

2.Jord-, skog- og naturområde.

Desse femner om dei areal i kommunen som ikkje er avgrensa til føremål nemnt under nr. 1.

IV. Innafor dei områda der denne vedtekta gjeld, og som er nevnde under nr. II og III ovafor, kan grunnen ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeliggjera den utnytting som er føresett i generalplanen.

V. Når særlege grunnar legg føre, kan bygningsrådet etter at generalplanutvalet har gitt fråsegn, gjere unntak frå vedtekta.

VI. Denne vedtekta tek til å gjelde straks, og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 270)

24. mai 1977
Til § 21, 2. ledd

I. Denne generalplanvedtekta gjeld for heile Lindås kommune med unntak av dei område som er nemnd under punkt II.

II.

A.Dei områda som automatisk fell utanfor verkeområda for generalplanvedtekta ved at der etter stadfestingsdato er blitt stadfesta reguleringsplanar.
B.Dei områda der vedtekta ikkje gjeld pr. 1.1.76 er markert på kart M=1:50.000 dagsett 4.12.75.

Områda er desse:

Gnr. 24 Fammestad. Området som er med i reguleringsplanen for «Kløve», stadfesta den 21.3.75.

Gnr. 108 Lindås. Området som er med i reguleringsplanen for

a)«Kolås I», stadfesta den 8.6.72 og
b)«Kolås II», stadfesta den 22.9.74.

Gnr. 137 Alver. Området som er med i reguleringsplanen for

a)«Alversunds utmark», stadfesta den 22.1.73.
b)«Del av gnr. 137 bnr. 7, 9 og 24», stadfesta den 31.5.74.
c)«Buheim», stadfesta den 11.6.74

Gnr. 185 Isdal. Området er med i reguleringsplanen for «Felt A», stadfesta den 13.2.75.

Gnr. 188 Gjervik ytre. Området er med i reguleringsplanen for:

a)«Felt B», stadfesta den 8.9.67.
b)«Felt A», stadfesta den 13.2.75.

Gnr. 195 Leiknes. Området som er med i reguleringsplanen for «Leiknes», stadfesta den 25.10.73.

III. Dei områda denne vedtekta gjeld kan ikkje utan samtykkje frå bygningsrådet - etter uttale frå generalplanutvalet - nyttast på annan måte enn det som er vanleg i området og heller ikkje takast i bruk på ein måte som i vesentleg grad vil kunne gjera planlegginga og gjennomføringa av planar vanskelege.

IV. Denne vedtakta vert gjort gjeldande i inntil 10 år etter stadfestinga.

(II 1977 s 195)

14. mars 1967
Til § 52.
1.Når kommunen i medhold av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) helt eller delvis har ervervet grunn til eller opparbeidd felles avkjørsel, felles gårdsplass eller annet felles areal for flere eiendommer, skal eierne (festerne) av de eiendommer som får nytte av anlegget, refundere kommunen dens utgifter.

Kommunen fordeler utgiftene på eierne (festerne) av eiendommer som nevnt i første ledd i forhold til nytten for hver eiendom. Dersom kommunen eller en av eierne (festerne) krever det, skal fastsetting av refusjonen og fordelingen foretas ved skjønn. Eierne (festerne) skal gjøres kjent med denne adgang til å få prøvd kommunens avgjerd ved skjønn og med fristen etter § 57.

Refusjonsbeløpet forfaller til betaling 3 måneder etter at det er endelig fastsatt. For eiendom som ikke straks får full nytte av anlegget kan det bestemmes at betalingen helt eller delvis skal utstå.

2.Når refusjonen er endelig fastsatt, skal kommunen overdra anlegget uten vederlag til eierne av de interesserte eiendommer, som blir sameiere i samme forhold som fastsatt for refusjonen.
3.Bestemmelsen i § 46 nr. 2, første punktum, gjelder tilsvarende.

(I 1967 s 605)

14. mars 1967
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk fraskilles før den har atkomst og kloakkforbindelse som nevnt i § 67.

(I 1967 s 605)

14. mars 1967
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan bare bebygges dersom:

a.opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den side av tomta hvor den har sin atkomst. Det kan ikke kreves at veggrunn blir utlagt og veg opparbeidd i større bredde enn fastsatt i § 47 nr. 1, første ledd, og
b.hovedkloakk, herunder i tilfelle også særskilt overvannsledning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikke kreves lagt rør av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakkforbindelse til annen hovedkloakk.

Kommunen kan gi regler om utføringen. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneier (fester), holdes vedlike av kommunen fra det tidspunkt anlegget er ferdig godkjent, og tilfaller da kommunen uten vederlag. Kommunen plikter likevel ikke å overta veg som ikke er opparbeidd til full bredde etter første ledd, a.

(I 1967 s 605)

30. juli 1998 nr. 787
Til § 69 nr. 3:
1.Ved søknad om byggetillatelse og ved utarbeiding av utbyggingsplanar og reguleringsplanar skal det gjerast greie for plassering av dei anlegga som nemnt i § 69 nr. 1. Dersom slike anlegg er dekka inn på tilstøytande areal, må dette dokumenterast. Anlegget må synast i samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal. Kommunen kan påby endringar i innsende planar etter retningsliner som kommunen trekkjer opp. Kommunen kan m.a. krevja at verdifullt landskap og vegetasjon skal takast vare på.
2.Ved planlegging av biloppstillingsplassar skal følgjande reglar leggjast til grunn:
- Einebustad2plassar pr.bustad
- Einebustad m/hybelhusvære3plassar pr.bustad
- Bustader i gruppe2plassar pr.husvære
 m/felles parkeringsareal
 og mindre enn 10 husvære
- Bustader i gruppe1,5plassar pr.husvære
 m/felles parkeringsareal
 og fleire enn 10 husvære
- Hybelhusvære0,8plass pr.husvære
- Forretning - kontor1plass pr. 40 m²br.g.ar
- Varehus, kjøpesenter,1plass pr.br.g.ar
 større kontor og30 m²
 forretningsområde
- Industri, verkstad og1plass pr.br.g.ar
 lagerbygg100 m²
- Bilverkstad, servicestasjon1plass pr. 30 m²br.g.ar
- Forsamlingslokale, kafear,1plass pr. 10 m²br.g.ar
 restaurantar
- Barne- og ungdomsskular1plass pr. tilsett
 og1plass pr. 15 elevar
- Vidaregåande skule,1plass pr. tilsett
 barneinstitusjon
 og1plass pr. 15 elevar
- Hotell1plass pr. soverom
- Sjukeheim0,3plass pr. seng
 og1plass pr. tilsett

Brutto golvareal skal reknast etter NS-3940.

Desse reglane gjeld også ved bruksendring, jfr. § 69 nr. 5.

For alle aktuelle utbyggingstypar kjem i tillegg til krav om biloppstillingsplassar krav om laste- og losseplassar. Talet på desse må vurderast i kvart einskilt høve. Utbyggingstypar utanom dei ovanståande må vurderast konkret av kommunen i kvart einskilt høve.

Kommunen kan krevja at turvande tal parkeringsplassar skal vera opparbeidde før ferdigattest vert gjeven. Oppstillingsplass for motorsyklar og syklar skal avsetjast på eiga tomt eller fellesareal for fleire tomter. Kommunen kan i særlege høve skjerpa/lempa krava i denne vedtekta.

3.Som vedlegg til søknad om byggetillatelse og ved utarbeiding av utbyggingsplan og reguleringsplan skal følgja plan for utforming av leikeplassar, murar, sikringsgjerde, terrassering, planering, beplanting, søppeloppbevaring, private køyre- og gangvegar og oppstillingsplassar for køyretøy og syklar.
4.Ved planlegging av leikeplassar for barn og unge i samband med søknad om byggetillatelse og ved utarbeiding av reguleringsplanar og utbyggingsplanar for bustader, skal følgjande leggjast til grunn: Dei einskilde leikeplassane skal ha gode soltilhøve, eigna terreng, vera lett tilgjengeleg og skal plasserast på trafikksikker stad. På delar av leikeareala skal knausar, bakkar, tre og buskar som gir utfordring til klatring og balansering bevarast og nyttast utan opparbeiding. Vidare bør det om mogeleg leggjast til rette for aking. Det skal gå tydeleg fram av planane kven som er eigar(ar) i friområda/fellesareala. For dei delar av leikeareala som må opparbeidast skal desse areala vera planerte og grusa saman med utbygginga av dei kommunaltekniske anlegga.
4.1Sandleikeplass/nærleikeplass skal tilretteleggjast i kvar bustadgruppe med frå 4 til 25 bustadeiningar. Plassen som skal vera minimum 100 m², skal utstyrast med sandkasse og bord med benkar. Det bør om mogeleg vera utsikt til leikeplassen frå bustadeiningane som soknar til leikeplassen.
4.2Kvartalsleikeplass skal tilretteleggjast for kvar bustadgruppe med frå 25 til 200 bustadeiningar. Plassen som skal vera minst 1.5 daa skal gje rom for ballplass på 20 x 30 meter.
4.3Det må setjast av friareal i større bustadfelt og tettstader med maksimum avstand 300 m frå bustad.
4.4Tomt til barnehage og grendahus skal plasserast sentralt i bustadområda med 250 bustadeiningar eller meir. Det skal avsetjast 20 m² tomteareal pr. bustadeining.
4.5I område der det er regulert så stort tal bustadeiningar som nemnt under pkt. 4.2 - 4.4, men der desse ikkje vert utbygd samla, avgjer kommunen når anlegg av leikeplassar m.v. skal gjennomførast.
4.6Ved søknad om bustadforetak utanom regulerte strok skal kommunen i kvart einskilt høve søkja å tilpassa krava til areal for leik og anlegg for born og unge.
5.Etter at planane er godkjende av kommunen og byggjearbeida igangsett, pliktar eigaren (festaren)/utbyggjar å opparbeida arealet i samsvar med planane utan unødig opphald. Areala og anlegga skal haldast forsvarleg vedlike.
6.Ved tilrettelegging av bustadområde må det takast omsyn til kraftliner i området.

II

Vedtekta trer i kraft 15. september 1998.

Frå same tid vert forskrift av 10. januar 1989 nr. 26 om vedtekt til plan- og bygningslova § 69 nr. 3 oppheva.

(II 1998 581)

22. sept. 1988 nr. 943
Til § 69 nr. 4

Bygningsrådet kan samtykke i at eigar/utbyggjar betalar inn ein fast sum til kommunen for opparbeiding av nærliggjande offentlege parkeringsplassar i dei tilfelle kor tilstrekkeleg tal parkeringsplassar ikkje kan skaffast på eigen grunn eller godkjennast annan stad. Storleiken på summen pr. parkeringsplass skal avgjerast av kommunestyret. Byggjeløyve kan ikkje gjevast før summen for frikjøpte parkeringsplassar er betalt inn til kommunekasseraren.

Summen skal justerast 1. januar kvart år i takt med konsumprisindeksen.

Bygningsrådet kan i særskilte høve gje dispensasjon frå desse vedtektene.

(II 1988 535)

14. mars 1967
Til § 76.

Byningsrådet kan kreve at det for hver eiendom blir sikret nødvendig garasjeplass eller plass til oppstilling av bil utenom offentlig veggrunn.

(I 1967 s 605)

14. mars 1967
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lagere av farlig eller særlig sjenerende art, blir lagt innenfor kommunens område eller del av dette.

(I 1967 s 605)

14. mars 1967
Til § 81.

For driftsbygninger for jord- og skogbruk skal foruten fyresegnene i bygningslovens kapitler III og IV og i § 65 også gjelde §§ 66 nr. 2, 71, 74 og 94, jfr. § 93.

(I 1967 s 605)

17. april 1973
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Lindås kommune ikkje tillete å frådela tomt for eller å oppføre hytter, sumarhus, kolonihagehus o.l. byningar som berre er berekna å bu i for kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus m.v. Der generalplan med vedtekter ligg føre kan frådeling av tomt for eller oppføring av bygningar som nemnt berre skje etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter framlegg frå bygningsrådet frita for eller gje utsetting med disposisjonsplan. Bygningsrådet kan etter fråsegn frå generalplannemnda gjera unntak for enkelttomtar når serlege grunnar taler for det, før generalplan ligg føre.
2.For slike bygningar som nemnt under nr. 1, skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65, også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94 og kap. XV og XVI.
3.For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelda. Etter at kommunen har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om samlinga av hytter er av ein slik storleik at det ligg føre hyttegrend, hyttekonsenstrasjon, etter denne vedtekt.
4.Bygningsrådet kan skriva ut nærare reglar for hyttebygging.
5.Denne vedtekt tek til å gjelde straks.

(I 1973 s 450)

Til § 85

Campingplassar kan berre etablerast på område som er avklart i kommuneplanen sin arealdel eller i godkjent reguleringsplan/utbyggingsplan.

Før godkjenning kan gjevast skal reguleringsplan eller utbyggingsplan med planteikningar ha avklart følgjande:

Arealbruken i området

Avkjørsle og parkering

Tal på campingvogner for langtidsoppstilling og korttidsoppstilling

Bygningar og faste installasjonar

Vatn, avløp og renovasjon

Terrengutforming og planting.

Campingvogner skal ikkje stillast opp før området/campingplassen er opparbeidd og tilrettelagt i samsvar med godkjent plan.

Denne vedtekta gjeld ikkje for mellombels oppstilling av campingvogn på eigedom med heilårsbustad, mellombels oppstilling av transportable bygningar, konstruksjonar eller anlegg på byggje- eller anleggstomt og for opplagsplassar for vogner som ikkje er i bruk.

Slike plassar må godkjennast av kommunen på vanleg måte.

I tillegg til denne vedtekta vert det tilknytt eigne føresegner for campingplassar og generelle reglar for oppsetjing av fortelt på campingvogner.

II

Føresegner for etablering av campingplassar i Lindås kommune 

Arealbruken i området: 

Før godkjenning av området til oppstilling/parkering av campingvogner skal det føreliggja ein reguleringsplan eller utbyggingsplan når arealet er avklart i kommuneplanen sin arealdel. Det må takast særskilt omsyn til kultur- og naturmiljøet på staden. Slike plassar bør ikkje leggjast i nærleiken av bustadområde eller på dyrka mark. Dersom det er fare for at viktige viltbiotopar er truga skal den lokale viltnemnda ha øve til å uttala seg i planleggingsfasen. Attraktive strand- og friluftsområde og tilkomst til desse må ikkje bandleggjast. På campingplassar skal det avsetjast nødvendig areal til leik og rekreasjon. 

Avkjørsle og parkering: 

I samband med planlegging og tilrettelegging av plassar for oppstilling/parkering av campingvogner skal det føreliggja godkjent avkjøring og planleggjast og opparbeidast parkeringsareal i samsvar med normalkrav. Der det er nødvendig skal planen visa skjerming mot trafikkareal og nærliggjande bustadområde. 

Tal på campingvogner for langtidsoppstilling og korttidsoppstilling: 

Plan for oppstilling av campingvogner skal visa tal på oppstilte vogner og plassering av desse. Dersom plassen skal ha ei blanding av langtidsplassar og vanlege korttidsplassar må planen klart skilja mellom desse oppstillingsformene. Kommunen kan fastsetja nærare tidsavgrensing for langtidsplassane. 

Brannlova med forskrifter: 

Campingvogn med fortelt og andre brennbare konstruksjonar, samt frittståande telt, skal plasserast slik at det ikkje på nokon stad vert mindre avstand enn 3 m til nabotelt eller campingvogn med tilhøyrande utstyr.

Minsteavstand frå campingvogn/telt til næraste bygning skal vera 8 m.

For kvar tiande campingeining skal det vera ei branngate på minst 8 m til neste eining.

Det skal ikkje vera meir enn 75 m frå ei kvar campingeining til næraste handslokkingsutstyr, vanlegvis 6 kg ABC pulverapparat (tidlegare ABE). Slokkeutstyret skal vera tydeleg markert med lett synlege skilt som også er opplyst i mørket (fosforecerande eller nødlys).

Eigar eller den som driv plassen har ansvar for at desse føresegnene vert følgde. 

Uteplass: 

Terrassar og/eller skjerma uteareal i tilknyting til oppstilt campingvogn skal ha einsarta heilskapsløysing og skal godkjennast av kommunen som del av planføresegnene i samband med reguleringa. Terrassar skal maksimalt vera 0,5 m høge. Rekkverk skal maksimalt vera 0.8 m høge og skal vera i naturvennlege fargar.

Eigar eller den som driv plassen har ansvar for at lause konstruksjonar vert fjerna når vogner vert tatt bort. 

Bygningar og faste installasjonar: 

Bygg som inngår i planane skal byggjemeldast på vanleg måte. Planar for sanitærbygg skal godkjennast av kommunen. 

Vatn, avløp og renovasjon: 

Før oppstillingsplass kan godkjennast må det føreliggja godkjent vassforsyning og avløpsordning.

Både campingplassar og oppstillingsplassar/parkeringsplassar for campingvogner skal vera tilknytt renovasjonsordninga i kommunen og skal betala avgift etter dei reglar som til ei kvar tid gjeld. 

Terrengutforming og planting: 

Utforming av plassen skal så langt som mogleg følgja naturlege terrengformasjonar. I tilfelle der det er nødvendig med skjæring eller utfylling skal desse plantast/såast til.

Det skal føreliggja plan for planting av plassen som skjermar denne mot bustadområde og offentlege vegar og som gjev plassen eit visst parkmessig preg. Planting/såing av plassen i samsvar med planen skal vera gjennomført før plassen vert teke i bruk.

III

Generelle reglar for oppsetjing av fortelt til campingvogner i Lindås kommune:
1.Fortelt til campingvogn kan i tillegg til teltduk, setjast opp i tre eller plast.
2.Fortelt kan bestå av seksjonar som kan setjast opp og takast ned på under 2 timar. Plassbygde tak over eksisterande fortelt er ikkje tillate.
3.Storleiken på fortelt som ikkje er i teltduk skal ikkje vera over 12 m² . Største breidde skal ikkje vera over 2,5 m (ut frå campingvogn). Største lengde 4,8 m (for store vogner).

Fortelt i teltduk som høyrer til campingvogna kan setjast opp med den storleik som er standard for dei einskilde typar campingvogner. Denne type fortelt skal ikkje gå lengre ut i breidda frå campingvogna enn 3,5 m og ikkje vera lengre enn campingvogna.

4.Lengda på forteltet skal ikkje vera større enn campingvogna (for små vogner).
5.For å få tett overgang mellom campingvogntak og fortelt kan høgda på forteltet vera 0,1 m høgare enn vogna.
6.Campingvogner skal ikkje byggjast inn med hytteliknande kledning.
7.Det skal vera skråtak på fortelta, ikkje flatt tak. Takvinkel må vera mest mogeleg sams for den enkelte plass.
8.Det skal vera vindauge i fortelta, men storleik og tal vindauge må tilpassast den enkelte campingplass. Det same gjeld døropningar.
9.På fortelt skal det nyttast naturvennlege fargar som harmonerer med campingvogna og med omgjevnaden.
10.Når campingvogna vert teke bort frå plassen i lengre tid enn 6 veker skal forteltet demonterast og fjernast.
11.Fortelt og liknande som ikkje kjem inn under reglane ovanfor vert ikkje tillate oppsett utan særskilt løyve.

(II 2001 nr. 6)

Til § 93 fyrste ledd bokstav g:
g.Oppsetting og endring av skilt og reklame m.v. som er nevnt i vedtekt til § 107, jf. pkt. 1 i vedtekta.

(II 1996 s 37)

Til § 107:
1.Søknad/godkjenning:

I heile kommunen gjeld at skilt, reklamearrangement o.l. ikkje kan førast opp utan etter samtykke frå kommunen. Ved handsaming i kommunen gjeld §§ 94 og 95 tilsvarande. Samtykke kan berre gjevast inntil vidare eller for eit avgrensa tidsrom.

2.Som skilt og reklameinnretningar inngår:
a)Fasadeskilt.
b)Lysreklame og anna reklamefremjande belysning (fasadebelysning).
c)Tak- og gavlreklame, reklametavler.
d)Uthengsskilt og veivisarar.
e)Markiser.
f)Frittståande reklamesøyler og automatar.
g)Reklame av kampanjemessig karakter (figurar, ballongar, transparentar, reklametavler, flagg og vimplar o.s.v.).
3.Områdehensyn:
a)I landbruksområde, ope naturlandskap, kulturlandskap, parkar/friområde kan det ikkje førast opp frittståande reklameskilt. På bygningar og anlegg i tilknytting til ovannemnde område kan det ikkje førast opp reklame som verkar dominerande eller skjemmande.
b)Innanfor særprega og historisk interessante miljø kan det ikkje førast opp reklameinnretningar som ikkje er tilpassa miljøet sin karakter og historie.
c)Frittstående reklameinnretningar er ikkje tillete dersom dei ikkje er utforma serskilt for å passa inn i omkringliggjande miljø.
d)I reine bustadområder kan det ikkje førast opp reklameinnretningar. Mindre reklameskilt på forretningar, kioskar o.l. kan førast opp dersom dette ikkje er til ulempe for bustadane eller trafikksituasjonen i området.
e)Reklame som er til ulempe for bustader vert ikkje tillete.
f)På parkeringsplassar, rivingstomter o.l. kan reklameinnretningar ikkje førast opp dersom plasseringa ikkje tek omsyn til omkringliggjande miljø.
g)Skilt, markiser og anna som stikk ut frå tre, stolpar og husveggar og ut over fortau og annan offentleg grunn og reklame på laus og fast fot, kan ikkje plasserast slik at det er til hinder eller kan innebera fåre for omgjevnaden, og serleg med omsyn til rørslehemma, blinde og svaksynte.
4.Vilkår og utforming (omsyn til utsjånad/venleik):
a)Skilt og reklameinnretningar skal utformast slik at dei på ein rimeleg måte tilfredsstillar omsyn til venleik og utsjåande, både i høve til seg sjølv og i høve til bakgrunnen og omgjevnadane.
b)Skjemmande fargar og utføring er ikkje tillete og skal endrast slik at dei er i samsvar med denne vedtekta.
c)Skilt skal ikkje ha skiftande fargar og blinkande lys. Vekslande (variabel) tekst som t.d. lydavis kan godkjennast.
d)Skilt skal ikkje plasserast over møne, takflate, takutstikk eller gesims. Kommunen kan gjera unntak for opne lysrøyrskilt med frittståande bokstavar e.l. som vert plassert på gesims. Gesimsar utforma som lysande kassar vert vanlegvis ikkje tillete.
e)Lyskassar skal utformast med blenda botn, slik at berre teksten og/eller eit eventuelt symbol gjev lys. Dominerande lyskassar vert vanlegvis ikkje tillete.
f)For kvar verksemd kan godkjennast inntil eitt uthengsskilt og eitt veggskilt. Unntak kan berre gjerast for verksemder som disponerar fleire fasadar langsmed fortau eller gate/veg. Skiltet skal som regel plasserast i etasjeskiljet mellom 1. og 2. høgda.
g)Uthengsskilt på bygningar o.l. skal ikkje ha større utstikk enn 1,0 m og skal ha fri høgde over fortau på min. 2,50 m. Framspringet må ikkje vera lenger ut enn at det er min. 0,5 m fri horisontal avstand til fortauskant.
h)Markiser skal avgrensast til vindaugsopningane.
5.Fjerning av skilt, reklameinnretningar m.v.:

Kommunen kan gje pålegg om å fjerna eller endra innretningar som nemnt i vedtekt til pbl § 107. Vilkåret for slikt pålegg er at innretingar er skjemmande eller til ulempe for omgjevnaden. Slikt pålegg må heller ikkje vera i motsetnad til samtykke som tidlegare er gjeve for eit visst tidsrom.

Innretning som kan medføra fåre, kan kommunen pålegga skal fjernast.

Ulovleg oppsette skilt og reklameinnretningar skal fjernast av eigaren. Kommunen kan syta for at innretninga vert fjerna på eigaren sin kostnad etter at eigaren har fått skriftleg varsel med frist for fjerninga, jf plan- og bygningslova § 115.

(II 1996 s 37)

9. oktober 1986
Til § 117.

I medhald av § 117 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 har Lindås kommunestyre 9. oktober 1986 vedteke slik føresegn:

I Lindås kommune kan det i 3 år frå denne lova vert gjort gjeldande ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i § 84 og § 93 utan samtykke frå bygningsrådet, før det aktuelle området inngår i hovudplan for heile eller delar av kommunen eller i reguleringsplan. Det same gjeld frådeling eller andre tiltak som vesentleg kan vanskeleggjera planlegginga. Anlegg som vert fremja etter godkjent vegplan etter veglova er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 697)

2. aug. 1989 nr. 765.
Til § 117.

Lindås kommunestyre har 22. juni 1989 vedtatt å forlenge forskrift av 9. oktober 1986 nr. 2017 om midlertidig plankrav etter plan- og bygningslovens § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Hordaland har 2. august 1989 med hjemmel i loven og delegering i Miljøverndepartementets rundskriv av 3. februar 1989 samtykket i at ovennevnte forskrift forlenges f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991.

(II 1989 241)