Vedtekter til bygningsloven for Austrheim kommune, Hordaland.

DatoFOR-0000-00-00-20
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-07-31-753
Endrer
Gjelder forAustrheim kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Austrheim

Kapitteloversikt:

Endret 22. januar 1981, 27. august 1986 nr. 2350, 31. juli 1989 nr. 753.

25. nov. 1985 nr. 2140.
Til § 21 første ledd bokstav a.

I

Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan vedteke av kommunestyret 28. desember 1983, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 25. november 1985.

II

Vedtekta gjeld heile kommunen med unnatak for områder der det ligg føre stadfesta reguleringsplan.

Vedtektsområdet er vist på fylgjande kart i målestokk 1:20.000 og 1:5.000, datert 1. desember 1982 og med Miljøverndepartementet si påteikning 25. november 1985.

OversiktskartM = 1:20.000

Soneplan 1 for Kaland-FonnesM = 1:5.000

Soneplan 2 for Austrheim-Årås-MastrevikM = 1:5.000

Soneplan 3 for ØksnesM = 1:5.000

Arealbruken er slik:

1.Byggjeområde

Arealbruk som vist på ovannemnde soneplankart.

2.Jord-, skog- og naturområder

Desse omfattar dei areala som ikkje er avgrensa for føremål som nemnd under pkt. 1.

IV

Innafor dei områda som er omtala under nr. II kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjere den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

V

Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta. Før bygningsrådet gjer vedtak skal saka leggjast fram for formannskapet (generalplanutvalet) til fråsegn.

VI

Denne vedtekta trer i kraft straks og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 830)

29. sept. 1980
Til § 52.

Dersom kommunen med grunnlag i reguleringsplan heilt eller delvis har løyst inn areal til eller opparbeidd felles avkøyring, felles gardsplass eller anna felles areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomane som får nytte av anlegget, refundera kommunen sine utgifter.

(II 1980 s 747)

29. sept. 1980
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre deles eller byggjast dersom:

a.opparbeidd og godkjend veg fører til og langs den sida av tomta der det er tilkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert utlagd og veg opparbeidd i større breidd enn fastsett i § 47, nr. 1 første ledd, og
b.hovudkloakk heri særskild overvassleidning når slik leidning fører fram til, langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagd røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan godta kloakktilknytning til anna hovudkloakk.
c.hovudvassleidning fører til, langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagd røyr av større diameter enn 150 mm. Bygningsrådet kan godta vassforsyning frå anna vassleidning.

Kommunen kan gje reglar om utføringa.

Veg, hovudkloakk og hovudvassleidning som er lagd av grunneigar vert halden vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjend. Anlegget tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd i full breidde etter første ledd, a.

(II 1980 s 747)

3. okt. 1968
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at det for kvar eigedom vert sikra naudsynt garasjeplass eller plass til oppstilling av bil utanfor offentleg veggrunn.

(I 1968 s 1208)

3. okt. 1968
Til § 78 nr.1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller serleg sjenerande art vert lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1968 s 1208)

3. okt. 1968
Til § 81.

For driftsbygningar for jord og skogbruk skal, utanom reglane i bygningslova kapitel III og IV og i § 65, også gjelda §§ 66 nr.2, 71, 74 nr. 2, 93 og 94 samt kap. XV og XVI.

(I 1968 s 1208)

22. jan. 1981
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter, eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Austrheim kommune ikkje tillete å frådela tomt for eller føre opp hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna å bu i for kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus m.v.
2.Der generalplan med vedtekter ligg føre kan frådeling av tomt for, eller oppføring av bygningar som nevnt i nr. 1 berre skje etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjend av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter framlegg frå bygningsrådet frita for, eller gje utsetjing med disposisjonsplan.
3.Bygningsrådet kan etter fråsegn frå generalplannemnda, gjere unntak for einskildtomtar når særlege grunnar talar for det.
4.For slike bygningar som er nemnt under nr. 1 skal foruten bygningslova kap. III, IV og § 65 første ledd og § 68 også gjelda § 63, § 66 nr. 1, §§ 70, 71, 72, § 73 nr. 2, §§ 93, 94, 109 og kap. XV og XVI. For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelda.

Etter at kommunen har hatt høve til å uttale seg avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om samlinga av hytter er av ein slik storleik at det ligg føre hyttegrend, hyttekonsentrasjon etter denne vedtekt.

5.Bygningsrådet kan skriva ut nærare reglar for hyttebygging.

(II 1981 s 55)

28. jan. 1980
Til § 93, 3. ledd.

Reglane i § 93 om krav til byggeløyve gjeld ikkje for bygning som vert ført opp i tilknyting til eksisterande busetnad på eigedomen og som

a.ikkje har større grunnflate enn 10 m²
b.ikkje har større mønehøgd enn 2,5 m
c.ikkje skal nyttast til bustadføremål, næringsdrift, garasje eller naust.
27. august 1986
Til § 117.

I Austrheim kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av lov nr. 77, plan- og bygningslov av 14. juni 1985, ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak utan etter samtykke frå bygningsrådet, før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan.

Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar i planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

(II 1987 s 81)

31. juli 1989 nr. 753.
Til § 117.

Austrheim kommunestyre har 16. mars 1989 vedtatt å forlenge forskrift av 27. august 1986 nr. 2350 om midlertidig plankrav etter plan- og bygningslovens § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Hordaland har 31. juli 1989 med hjemmel i loven og delegering i Miljøverndepartementets rundskriv av 3. februar 1989 samtykket i at ovennevnte forskrift forlenges f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991.

(II 1989 237)