Vedtekter til bygningsloven for Lom kommune.

DatoFOR-0000-00-00-200
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1985-03-15-714
Endrer
Gjelder forLom kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Lom

Kapitteloversikt:

Endret 15 mars 1985 nr. 713, 13 mars 1997 nr. 287.

15. mars 1985 nr. 713.
Til § 21, fyrste ledd, bokstav a.

I. Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan for Lom kommune vedteke av Lom kommunestyre 13. mars 1984 og slik ho er godkjent av Miljøverndepartementet i dag.

II. Vedtekta omfattar heile kommunen, med unntak av dei områda der det ligg føre stadfesta reguleringsplan.

III. Områda som vedtekta gjeld for er vist på kart i målestokk 1:100.000 og 1:5.000 dagsett mai 1982 og retta 1. mars 1983, og med Miljøverndepartementet si påteikning i dag.

1.Byggjeområde.

Detaljert utnytting av areal er vist på kart i målestokk 1:5.000 og 1:100.000 dagsett mai 1982 og retta 1. mars 1983, og med Miljøverndepartementet si påteikning i dag.

2.Jord-, skog- og naturområde.

Desse omfattar dei areal i kommunen som ikkje er avgrensa av føremål nemnde under pkt. 1.

IV. Innanfor dei områda som er nemnde under pkt. III kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeliggjera den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

V. Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta, etter at generalplanutvalet har fått høve til å uttala seg.

VI. Denne vedtekta tek til å gjelde straks, og gjeld inntil 10 år etter stadfestingsdatoen.

(II 1985 s 223)

15. mars. Nr. 714.
Til § 21 fyrste ledd, bokstav b.

I. Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan for Lom kommune, vedteke av Lom kommunestyre den 13. mars 1984 og slik ho er godkjent av Miljøverndepartementet i dag.

Vedtekta gjeld for dei areal der kommunikasjons-, vassforsynings-, kloakk- eller elektrisitetstilhøva for tida ikkje er tilfredsstillande ordna, jfr. pkt. II.

II. Vedtekta omfattar fylgjande byggjeområde:

A.Bustadområde.
B.Industriområde.
C.Område til offentleg byggjeføremål.
D.Forretnings-, kontorområde. 

Kartet er dagsett mai 1982, rettet 1. mars 1983, og gitt Miljøverndepartementet si påteikning i dag.

III. I dei planlagde byggjeområda som er nemnde under pkt. II ovanfor kan det for tida ikkje byggjast. Når særlege grunnar ligg føre, og tiltaket ikkje vil vanskeleggjera arbeidet med å gjera vedkomande område byggjeklart i si heilheit, kan bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta.

IV. Denne generalplanvedtekta tek til å gjelda frå stadfestingsdatoen og gjeld til kommunikasjons-, vassforsynings-, kloakk- eller elektrisitetstilhøva etter kommuna sitt skjøn er ordna på ein tilfredsstillande måte for vedkomande byggjeområde, likevel ikkje ut over ti år.

(II 1985 s 224)

9. mai 1972
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan bare bebygges dersom:

a.opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den ene side av tomta hvor den har sin atkomst. Det kan ikke kreves at veggrunn blir utlagt og veg opparbeidd i større bredder enn fastsatt i § 47 nr. 1, første ledd, og
b.hovedkloakk, herunder i tilfelle også særskilt overvannsledning, fører til langs eller over tomta. Det kan ikke kreves lagt rør av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakkforbindelse til annen hovedkloakk.

Kommunen kan gi regler om utføringen.

Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneier (fester), skal holdes vedlike av kommunen fra det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent, og tilfaller da kommunen uten vederlag. Kommunen plikter likevel ikke å overta veg som ikke er opparbeidd til full bredde etter første ledd, a.

(I 1972 s

28. febr. 1973
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, kan det ikkje frådelast eller festast bort tomt til eller førast opp hytter, sommarhus, campinghytter o.l. bygninger som det er føresett å bu i i stuttare tidsrom. Det same gjeld uthus som høyrer til bygningen.

Einskild tomt i alt eksisterende hytteområde kan bygningsrådet, når særlege grunnar talar for det, tillate frådelt og bygd.

Frådeling, herunder bortfeste av tomt, kan også elles skje etter godkjenning av bygningsrådet.

2.Frådeling eller bortfeste av tomt til eller oppføring av bygningar som er nemnde i nr. 1, kan i området der generalplan med vedtekter ligg føre, berre skje etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.
3.For bygninger som er nemnde under nr. 1, skal foruten kap. III, IV og § 65 i bygningslova også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 91, 93, 94, 95, 96, 97, 109 og kap. XV og XVI og byggeforskriftenes kap. 49.

For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal §§ 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelde.

Etter at kommunen har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilsmål om ei samling av hytter skal reknast som hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter denne vedtekta.

4.Bygningar som nemnde under nr. 1 kan ikkje førast opp nærare vassdrag (elv, bekk, tjern eller innsjø) enn 50 m (avstanden blir å måle horisontalt frå den høgste observerte vasstand), og ikkje nærare veg som er open for ålmen ferdsel enn 20 m (avstand blir å måle horisontalt frå vegens midtlinje). For avstand til riksveg gjeld føresegnene i veglova. Bygningsrådet kan når særlege grunnar ligg føre dispensera frå krava om avstand frå vassdrag og avstand frå veg (jfr. reglane i vegloven).
5.Bygningsrådet kan utferda nærare føresegner for hyttebygging.

(I 1973 s 263)

Til § 107.

I

I Lom kommune skal skilt, reklamearrangement o.l. som er større enn 0,5 m² ikkje setjast opp utan samtykke frå kommuna. Ved handsaming i kommuna gjeld plan- og bygningslovas § 74. nr. 2 (Utsjånad), § 94 (Søknad om byggeløyve. Nabovarsel.) og § 95 (Behandling av søknaden i kommuna.) tilsvarande.

Løyve kan berre gjevast inntil vidare eller for eit avgrensa tidsrom.

Søknad om oppsetting av skilt skal innehalde målsett teikning eller foto av skiltet og fargeframlegg og eventuelle plassering på bygningen.

Ved handsaming av søknader om skilt og reklameinnretningar gjeld i tillegg til vedtekta også generelle retningsliner.

II

Skiltvedtektene blir gjeldande frå vedtaksdato.

(II 1997 81)