Vedtekter til bygningsloven for Luster kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-0000-00-00-205
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-23-849
Endrer
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Luster

Kapitteloversikt:

Endret 4. desember 1980, 14. november 1985 nr. 2013, 22. november 1985 nr. 2027, 23. juni 1989 nr. 849.

22. nov. 1985 nr. 2027.
Til § 21 fyrste ledd bokstav a.

I

Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan vedteke av kommunestyret den 1. desember 1983, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 22. november 1985.

II

Vedtekta gjeld for heile Luster kommune, med unntak for dei områda som omfattast av reguleringsplan eller godkjent disposisjonsplan etter vedtekt til § 82 i bygningslova.

III

Vedtektsområdet er vist på vedlagde arealplankart i målestokk 1:5.000 for Fortun, Skjolden, Dale (Dale og Høyheimsvik), Gaupne, Gjerde, Indre Hafslo, Hafslo, Solvorn og Veitastrond samt generalplankartet i målestokk 1:100.000 for heile kommunen. Desse karta er gitt påteikning 22. november 1985 av Miljøverndepartementet.

IV

Innafor dei områda som denne vedtekta gjeld, kan ikkje grunn takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjere den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

V

Når det ligg føre særlege grunnar, kan bygningsrådet gjere unnatak frå vedtekta.

VI

Denne vedtekta trer i kraft straks, og gjeld i inntil 10 år frå stadfesting.

(II 1985 s 798)

4. des. 1980
Til § 67.

Tomt i regulert strok kan berre frådelast eller bebyggjast dersom:

a.Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der tilkomsten skal vera. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert utlagd og veg opparbeidd i større breidde enn fastsett i § 47 nr. 1 første lekken, og
b.hovedkloakk, herunder i tilfelle også særskild overvassleidning fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagde røyr med større diameter enn 150 mm. Bygningsrådet kan godta kloakktilknytning til annan hovedkloakk, og
c.hovedleidning for vassforsyning fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagde røyr med større diameter enn 150 mm. Bygningsrådet kan godta vassforsyning frå annan vassleidning.

Kommunen kan gje reglar om utføringa. Veg, hovedvassleidning og hovedkloakk som er lagd av grunneigar (festar), vert vedlikahalden av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent, og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidde etter første lekken, a.

Vedtekta trer i kraft straks.

(II 1980 s 864)

14. nov. 1985 nr. 2013.
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre skal nyttast til å bu i for kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus kan berre skje etter reguleringsplan eller disposisjonsplan godkjent av bygningsrådet.

Det same gjeld frådeling og bortfesting av tomter til formål som nemnd samt vesentleg endring av slik bygning t.d. tilbygg.

2.For bygningar som nemnde i nr. 1 skal forutan føresegnene i bygningslova kap. III og IV, og §§ 65 og 68 også gjelde §§ 63, 66 nr., 69, 70, 74 nr. 2, 87, 88, 90, 91, 93, 94, 95, 96, 97, 98, 99 og 109 samt kap. XV og XVI, og dessutan kap. 14, 23, 42, 44, og 49 i byggeforskriftene.
3.Når det ligg føre særlege grunnar kan bygningsrådet gjere unntak frå føresegnene i denne vedtekta.
4.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til bygningslova for Luster kommune, stadfesta den 30. juli 1979, oppheva.

(II 1985 s 786)

23. juni 1989 nr. 849.
Til § 117.

Luster kommunestyre har 26. april 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 30. mai 1986 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 1. ledd.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har 23. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991. 

Forskriften1 lyder:

I Luster kommune kan det i 3 år frå lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 trer i kraft, ikkje setjast iverk arbeid eller tiltak som nemnt i same lov § 84 og § 93 utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplanen. Det same gjeld andre tiltak, herunder frådeling, som kan skapa store vansker for planlegginga. Anlegg som vert fremja etter godkjent vegplan er unnateke frå desse reglane.

Gjeldande generalplan, vedteken av kommunestyret 1. desember 1983, skal brukast som retningslinje for bruken av forskrifta.

1.Forskriften er ikke tidligere kunngjort i Norsk Lovtidend.

(II 1989 258)